Galatians 2
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Fjortan år etter drog eg upp til Jerusalem att med Barnabas og tok Titus og med.Select Galatians 2:1
2Men eg gjekk upp ei openberring. Og eg lagde fram for deim, serleg for deim som galdt mest, det evangeliet som eg forkynner for heidningarne, um eg vel laupte eller hadde laupe til fåfengs.Select Galatians 2:2
3Men ikkje Titus jamvel, som var med meg, vart nøydd til å lata seg umskjera, enda han var grækar -Select Galatians 2:3
4og det for dei falske brørne skuld, som hadde snikt seg inn og var komne dit til å lura på den fridomen som me hev i Kristus Jesus, so dei kunde få oss under trældom.Select Galatians 2:4
5Men for dei veik me ikkje ein augneblink i nokor etterlæta, for at sanningi i evangeliet skulde standa fast hjå dykk.Select Galatians 2:5
6Men dei som galdt for å vera noko - kor store dei var, kjem ikkje meg ved; Gud gjer ikkje skil på folk - dei som galdt mest, lagde ikkje på meg noko meir,Select Galatians 2:6
7men tvert imot, då dei såg at evangeliet for dei u-umskorne var yverlate til meg, liksom for dei umskorne til PeterSelect Galatians 2:7
8- for han som gav Peter kraft til aposteltenesta millom dei umskorne, han gav og meg kraft til det millom heidningarne -Select Galatians 2:8
9og då dei lærde å kjenna den nåde som var meg gjeven, so gav Jakob og Kefas og Johannes, som galdt for å vera hovudstolpar, meg og Barnabas si høgre hand til samfund, at me skulde ganga til heidningarne, men dei til dei umskorne,Select Galatians 2:9
10berre at me skulde hugsa på dei fatige, og det hev eg lagt vinn på å gjera.Select Galatians 2:10
11Men då Kefas kom til Antiokia, sagde eg honom imot beint upp i opne augo, av di det var klaga på honom.Select Galatians 2:11
12For fyrr det kom nokre frå Jakob, åt han i lag med heidningarne; men då dei kom, heldt han seg undan og skilde seg ifrå, av di han var rædd for dei umskorne.Select Galatians 2:12
13Og med honom hykla dei andre jødarne og, so jamvel Barnabas vart dregen med inn i hyklingi deira.Select Galatians 2:13
14Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanningi i evangeliet, då sagde eg til Kefas so alle høyrde på: «Når du som er jøde, liver som heidning og ikkje som jøde, kvi nøydar du so heidningarne til å liva som jødar?»Select Galatians 2:14
15Me er fødde jødar og ikkje syndarar, fødde heidningar.Select Galatians 2:15
16Men då me skyna at eit menneskje ikkje vert rettferdiggjort ved lovgjerningar, men ved tru på Kristus Jesus, so trudde me og på Kristus Jesus, so me kunde verta rettferdiggjorde av tru på Kristus og ikkje av lovgjerningar; for ved lovgjerningar vert inkje kjøt rettferdiggjort.Select Galatians 2:16
17Men dersom me, då me freista å verta rettferdiggjorde i Kristus, ogso sjølve vart funne som syndarar - skulde so Kristus vera ein tenar for synd? Nei, langt ifrå!Select Galatians 2:17
18For dersom eg byggjer upp att det same som eg reiv ned, so syner eg meg sjølv som ein lovbrjotar.Select Galatians 2:18
19For eg er ved lovi daud for lovi, so eg kann liva for Gud.Select Galatians 2:19
20Eg er krossfest med Kristus, eg liver ikkje sjølv meir, men Kristus liver i meg, og det livet eg no liver i kjøtet, det liver eg i trui på Guds son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.Select Galatians 2:20
21Eg mismæter ikkje Guds nåde; for dersom rettferd er å vinna ved lovi, so døydde Kristus utan grunn.Select Galatians 2:21
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation