Skip to content
Church.wiki
Galatians

Galatians 4

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på honom og trælen, endå han er herre yver alt saman;Select Galatians 4:1

2men han er under uppsynsmenner og rådsmenner til den tidi faren fyreåt hev fastsett.Select Galatians 4:2

3Soleis var me og, so lenge me var born, trælbundne under barnelærdomen til verdi.Select Galatians 4:3

4Men då tidi var fullkomi, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinna, fødd under lovi,Select Galatians 4:4

5so han kunde kjøpa deim frie, som var under lovi, so me kunde få barneretten.Select Galatians 4:5

6Men av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin sons Ande, som ropar: «Abba, Fader!»Select Galatians 4:6

7So er du då ikkje lenger træl, men son. Men er du son, so er du og erving ved Gud.Select Galatians 4:7

8Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar.Select Galatians 4:8

9Men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda atter til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter å nyo træla under honom?Select Galatians 4:9

10De tek vare på dagar og månader og tider og år;Select Galatians 4:10

11eg ottast for dykk, at eg kann henda fåfengt hev gjort meg møda med dykk.Select Galatians 4:11

12Vert liksom eg, for eg er liksom de; brør! eg bed dykk; de hev ingen urett gjort meg.Select Galatians 4:12

13Men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet, at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet,Select Galatians 4:13

14og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og støytte meg ikkje burt; men de fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus.Select Galatians 4:14

15Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk, at um det hadde vore mogelegt, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg.Select Galatians 4:15

16Og so hev eg vorte dykkar fiende ved å segja dykk sanningi!Select Galatians 4:16

17Dei syner ein ihuge for dykk som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for deim.Select Galatians 4:17

18Men det er godt å vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk.Select Galatians 4:18

19Mine born, som eg atter føder med sår verk, til dess Kristus fær skapnad i dykk!Select Galatians 4:19

20Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde brigda mi røyst; for eg er i vanråd med dykk.Select Galatians 4:20

21Seg meg, de som vil vera under lovi, høyrer de ikkje lovi?Select Galatians 4:21

22For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna.Select Galatians 4:22

23Men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, men son åt den frie kvinna etter lovnaden.Select Galatians 4:23

24I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnorne er tvo pakter: den eine frå Sinaifjellet, som føder til trældom, dette er Hagar;Select Galatians 4:24

25for «Hagar» er Sinaifjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine.Select Galatians 4:25

26Men det Jerusalem som er der uppe, er fritt, og det er mor vår.Select Galatians 4:26

27For det stend skrive: «Ver glad, du barnlause, som ikkje føder; kved i og ropa, du som ikkje hev barnerider! for borni hennar som er einsleg, er mange fleire enn hennar som hev mannen.»Select Galatians 4:27

28Men me, brør, er born etter lovnaden, liksom Isak.Select Galatians 4:28

29Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde honom som var fødd etter åndi, soleis er det no og.Select Galatians 4:29

30Men kva segjer Skrifti? «Driv ut trælkvinna og son hennar; for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.»Select Galatians 4:30

31So er me då, brør, ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.Select Galatians 4:31

Next: Galatians 5Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Galatians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.