Skip to content
Church.wiki
Galatians

Galatians 5

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Til fridom hev Kristus frigjort oss; statt difor faste og lat deim ikkje få dykk inn att under trældoms ok!Select Galatians 5:1

2Sjå, eg, Paulus, segjer dykk, at um de let dykk umskjera, so vil Kristus inkje gagna dykk.Select Galatians 5:2

3Atter vitnar eg for kvart menneskje som let seg umskjera, at han er skuldig til å halda heile lovi.Select Galatians 5:3

4De som vil verta rettferdiggjorde ved lovi, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.Select Galatians 5:4

5For i trui ventar me i Anden på det som rettferdi gjev oss von um;Select Galatians 5:5

6for i Kristus Jesus gjeld korkje umskjering eller fyrehud noko, men berre tru som er verksam i kjærleik.Select Galatians 5:6

7De heldt godt fram; kven hindra dykk frå å lyda sanningi?Select Galatians 5:7

8Denne yverteljingi er ikkje frå honom som kalla dykk.Select Galatians 5:8

9Ein liten surdeig syrer heile deigen.Select Galatians 5:9

10Eg hev den tiltru til dykk i Herren, at de inkje anna vil tenkja. Men den som forviller dykk, han skal få sin dom, kven han so er.Select Galatians 5:10

11Men eg, brør, um eg enno forkynner umskjering, kvi vert eg endå forfylgd? då er vel krossens støytestein burtteken.Select Galatians 5:11

12Gjev dei måtte skjera seg sjølve sund, dei som eggjar dykk upp!Select Galatians 5:12

13For de, brør, er kalla til fridom. Bruk berre ikkje fridomen til høve for kjøtet; men ten kvarandre i kjærleik!Select Galatians 5:13

14for heile lovi er uppfyllt i eitt bod, i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»Select Galatians 5:14

15Men dersom de bit og et kvarandre, so sjå til at de ikkje et kvarandre upp!Select Galatians 5:15

16Men eg segjer: Ferdast i Anden, so skal de ikkje fullføra kjøtsens lyst!Select Galatians 5:16

17For kjøtet er huga tvert imot Anden, men Anden imot kjøtet; for desse stend imot kvarandre, so de ikkje skal gjera det som de vil.Select Galatians 5:17

18Men dersom de vert drivne av Anden, då er de ikkje under lovi.Select Galatians 5:18

19Men kjøtsens gjerningar er openberre, slike som: Utukt, ureinskap, lauslivnad,Select Galatians 5:19

20avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, kiv, ovund, vreide, stridssykja, tvidrag, sundringar,Select Galatians 5:20

21misunning, mord, drykk, svir og meir slikt; um dette segjer eg dykk fyreåt, likesom eg fyrr hev sagt, at dei som fer med slikt, skal ikkje erva Guds rike.Select Galatians 5:21

22Men Andens frukt er kjærleik, gleda, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,Select Galatians 5:22

23[Stu21: 22] spaklynde, fråhald. [Stu21: 23] Mot slike er ikkje lovi.Select Galatians 5:23

24Men dei som høyrer Kristus Jesus til, dei hev krossfest kjøtet med fysnorne og lysterne.Select Galatians 5:24

25Liver me i Anden, so lat oss og ferdast i Anden!Select Galatians 5:25

26Lat oss ikkje søkja fåfengd æra, so me eggjar kvarandre og ovundar kvarandre!Select Galatians 5:26

Next: Galatians 6Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Galatians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.