Skip to content
Church.wiki
Galatians

Galatians 6

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Brør! um og eit menneskje vert fanga av nokor synd, so må de som er åndelege, retta på honom med spaklyndes ånd; men sjå deg sjølv fyre, at ikkje du og skal vert freista!Select Galatians 6:1

2Ber byrderne for kvarandre, og uppfyll soleis Kristi lov!Select Galatians 6:2

3For dersom nokon tykkjest vera noko og er då ingen ting, so dårar han seg sjølv.Select Galatians 6:3

4Men kvar skal prøva si eigi gjerning, og so skal han hava ros etter det han sjølv er, og ikkje etter likning med den andre;Select Galatians 6:4

5for kvar skal bera si eigi byrd.Select Galatians 6:5

6Den som vert upplærd i ordet, skal gjeva den som lærer honom alt godt saman med seg!Select Galatians 6:6

7Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta; for det som eit menneskje sår; det skal han og hausta.Select Galatians 6:7

8For den som sår i sitt kjød, skal hausta tjon av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta ævelegt liv av Anden.Select Galatians 6:8

9Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar.Select Galatians 6:9

10Lat oss då, medan me hev høve til det, gjera det gode mot alle, men mest mot brørne i trui!Select Galatians 6:10

11Sjå kor store bokstavar eg skriv med til dykk med mi eigi hand!Select Galatians 6:11

12So mange som vil synast gode etter kjøtet, dei nøyder dykk til å verta umskorne, berre for di at dei ikkje skal verta forfylgde for Kristi kross.Select Galatians 6:12

13For ikkje ein gong dei som vert umskorne, held lovi sjølve; men dei vil at de skal verta umskorne, so dei kann rosa seg av dykkar kjøt.Select Galatians 6:13

14Men det vere langt ifrå meg å rosa meg av anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross; for honom er verdi krossfest for meg, og eg for verdi.Select Galatians 6:14

15For korkje umskjering eller fyrehud er noko, men berre ein ny skapning.Select Galatians 6:15

16Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnor, fred og miskunn vere yver deim og yver Guds Israel!Select Galatians 6:16

17Heretter må ingen gjera meg bry! for eg ber Jesu merke på min likam.Select Galatians 6:17

18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.Select Galatians 6:18

Next: Ephesians 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Galatians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.