1 Corinthians 10
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havetSelect 1 Corinthians 10:1
2og vart alle døypte til Moses i skyi og havet,Select 1 Corinthians 10:2
3og dei åt alle den same åndelege matenSelect 1 Corinthians 10:3
4og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde deim; og berget var Kristus.Select 1 Corinthians 10:4
5Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av deim; for dei vart nedslegne i øydemarki.Select 1 Corinthians 10:5
6Men desse ting hev vorte fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde liksom dei trådde.Select 1 Corinthians 10:6
7Vert ikkje heller avgudsdyrkarar liksom nokre av deim! som skrive stend: «Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp til å leika.»Select 1 Corinthians 10:7
8Lat oss ikkje heller driva hor, liksom nokre av deim dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund!Select 1 Corinthians 10:8
9Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av deim freista honom og vart tynte av hoggormar!Select 1 Corinthians 10:9
10Murra ikkje heller, liksom nokre av deim murra og vart tynte av tynaren!Select 1 Corinthians 10:10
11Men dette hende deim som fyredøme, men det er skrive til påminning for oss som dei siste tider er komne til.Select 1 Corinthians 10:11
12Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell!Select 1 Corinthians 10:12
13Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut.Select 1 Corinthians 10:13
14Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi!Select 1 Corinthians 10:14
15Eg talar som til skynsame folk. Døm sjølv um det eg segjer!Select 1 Corinthians 10:15
16Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi likam?Select 1 Corinthians 10:16
17Av di der er eitt brød, er me ein likam, endå me er mange; for me er alle samhavande i det eine brødet.Select 1 Corinthians 10:17
18Sjå til Israel etter kjøtet! Hev ikkje dei som et offeri, samfund med altaret?Select 1 Corinthians 10:18
19Kva meiner eg so? At avgudsoffer til? eller at ein avgud er til?Select 1 Corinthians 10:19
20Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde ånder.Select 1 Corinthians 10:20
21De kann ikkje drikka kalken til Herren og kalken til vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder.Select 1 Corinthians 10:21
22Eller torer me eggja Herren til harm? Me er då vel ikkje sterkare enn han?Select 1 Corinthians 10:22
23Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer.Select 1 Corinthians 10:23
24Ingen søkje bate for seg sjølv, men det som batar den andre!Select 1 Corinthians 10:24
25Et alt som vert selt i slagtarbudi, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!Select 1 Corinthians 10:25
26For jordi og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.Select 1 Corinthians 10:26
27Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!Select 1 Corinthians 10:27
28Men um nokon segjer til dykk: «Dette er avgudsoffer,» so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld.Select 1 Corinthians 10:28
29Samvitet, segjer eg, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit?Select 1 Corinthians 10:29
30Um eg et med takk, kvi skal eg då verta spotta for det som eg takkar for?Select 1 Corinthians 10:30
31Anten de so et eller drikk, eller kva de gjer, so gjer alt til Guds æra!Select 1 Corinthians 10:31
32Ver ikkje til meinstøyt korkje for jødar eller grækarar eller for Guds kyrkja,Select 1 Corinthians 10:32
33liksom eg og i alt strævar å tekkjast alle, då eg ikkje søkjer det som er gagnlegt for meg sjølv, men for dei mange, at dei må verta frelste.Select 1 Corinthians 10:33
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation