Skip to content
Church.wiki
1 Corinthians

1 Corinthians 14

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Trå etter kjærleiken, stræva etter dei åndelege gåvor, men mest etter å tala profetisk!Select 1 Corinthians 14:1

2For den som talar med tunga, talar ikkje for menneskje, men for Gud; for ingen skynar det, men han talar løyndomar i Anden.Select 1 Corinthians 14:2

3Men den som talar profetisk, han talar for menneskje til uppbyggjing og påminning og trøyst.Select 1 Corinthians 14:3

4Den som talar med tunga, uppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, uppbyggjer kyrkjelyden.Select 1 Corinthians 14:4

5Endå vilde eg at de alle kunde tala med tungor, men heller at de kunde tala profetisk; for den som talar profetisk, er større enn den som talar med tungor, utan so er at han uttyder det, so kyrkjelyden kann få uppbyggjing av det.Select 1 Corinthians 14:5

6Og no, brør, um eg kjem til dykk og talar med tungor, kva kann eg då gagna dykk, um eg ikkje talar til dykk anten med openberring eller med kunnskap anten med profetord eller med læra?Select 1 Corinthians 14:6

7Dersom dei livlause ting som gjev ljod, anten det er ei fløyta eller ei harpa, ikkje gjer skilnad på tonar, korleis kann ein då skyna det som vert spela på fløyta eller på harpa?Select 1 Corinthians 14:7

8Og um ein stridslur gjev uklår ljod, kven lagar seg då til strid?Select 1 Corinthians 14:8

9Soleis og med dykk: um de med tunga ikkje talar tydelege ord, korleis kann ein då skyna det som vert tala? De talar då burt i veret.Select 1 Corinthians 14:9

10So mange slag mål er der no visst i verdi, og ikkje noko av deim er utan meining.Select 1 Corinthians 14:10

11Um eg då ikkje kjenner meiningi i målet, vert eg ein framand for den talande, og den talande ein framand for meg.Select 1 Corinthians 14:11

12Soleis og med dykk: når de strevar etter dei åndelege gåvor, so søk å få deim i rikt mål til uppbyggjing for kyrkjelyden.Select 1 Corinthians 14:12

13Difor skal den som talar med tunga, beda um at han må kunna tyda det!Select 1 Corinthians 14:13

14For um eg bed med tunga, so bed mi ånd; men mitt vit er utan frukt.Select 1 Corinthians 14:14

15Korleis er det då? Eg vil beda med åndi, men eg vil og beda med vitet; eg vil lovsyngja med åndi, men eg vil og lovsyngja med vitet.Select 1 Corinthians 14:15

16For dersom du lovar Gud med åndi, kor kann då nokon millom dei ukunnige segja amen til di takkebøn? Han veit ikkje kva du segjer.Select 1 Corinthians 14:16

17For du held vel ei fager takkebøn, men den andre vert ikkje uppbygd.Select 1 Corinthians 14:17

18Eg takkar Gud: eg talar meir med tunga enn de alle;Select 1 Corinthians 14:18

19men i ein kyrkjelyd vil eg heller tala fem ord med vitet mitt, so eg kann læra andre, enn ti tusund ord med tunga.Select 1 Corinthians 14:19

20Brør, ver ikkje born i vit! ver derimot born i vondskap; men ver fullvaksne i vit!Select 1 Corinthians 14:20

21Det stend skrive i lovi: «Ved folk som hev framand tunga, og ved framande lippor vil eg tala til dette folket, og endå skal dei ikkje høyra på meg, segjer Herren.»Select 1 Corinthians 14:21

22So er då tungorne til eit teikn, ikkje for deim som trur, men for dei vantruande; men profettalen er ikkje for dei vantruande, men for deim som trur.Select 1 Corinthians 14:22

23Um då heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar med tungor, men det kjem inn ukunnige eller vantruande, vil dei ikkje då segja at de er frå vitet?Select 1 Corinthians 14:23

24Men um alle talar profetisk, og det kjem inn ein vantruande eller ukunnig, so vert han refst av alle, dømd av alle,Select 1 Corinthians 14:24

25det løynde i hans hjarta vert openberra, og so vil han falla på sitt andlit og tilbeda Gud og vitna at Gud er sanneleg millom dykk.Select 1 Corinthians 14:25

26Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, hev kvar av dykk ein salme, ein lærdom, ei openberring, ei tunga, ei tyding; lat alt vera til uppbyggjing!Select 1 Corinthians 14:26

27Talar nokon med tunga, so lat det vera tvo eller i det høgste tri kvar gong, og ein i senn, og ein må tyda det!Select 1 Corinthians 14:27

28Men er det ingen som kann tyda, so tegje han i kyrkjelyden, men for seg sjølv og for Gud tale han!Select 1 Corinthians 14:28

29Men av profetar tale tvo eller tri; men dei andre må døma um det!Select 1 Corinthians 14:29

30Men um ein annan fær ei openberring medan han sit der, so skal den fyrste tegja.Select 1 Corinthians 14:30

31For de kann alle tala profetisk, ein i senn, so alle kann få lærdom, alle få påminning.Select 1 Corinthians 14:31

32Og profetånder er profetar lyduge.Select 1 Corinthians 14:32

33For Gud er ikkje ustyrs Gud, men freds Gud.Select 1 Corinthians 14:33

34Liksom i alle kyrkjelydarne hjå dei heilage, so skal kvinnorne dykkar tegja i kyrkjesamlingarne; for dei hev ikkje lov til å tala, men må vera undergjevne, so som og lovi segjer.Select 1 Corinthians 14:34

35Men vil dei læra noko, so lyt dei spyrja sine eigne menner heime; for det er usømelegt for ei kvinna å tala i kyrkjesamling.Select 1 Corinthians 14:35

36Eller er Guds ord utgjenge frå dykk? Eller er det kome berre til dykk?Select 1 Corinthians 14:36

37Trur nokon at han er profet eller åndeleg, so må han skyna at det eg skriv til dykk, er Herrens bod.Select 1 Corinthians 14:37

38Men um nokon ikkje skynar det, so fær han lata det uskyna.Select 1 Corinthians 14:38

39Difor, brør, stræva etter å kunna tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tungor!Select 1 Corinthians 14:39

40Men lat alt ganga sømeleg og skipeleg til!Select 1 Corinthians 14:40

Next: 1 Corinthians 15Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Corinthians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.