1 Corinthians 6
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage?Select 1 Corinthians 6:1
2Eller veit de ikkje, at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker?Select 1 Corinthians 6:2
3Veit de ikkje, at me skal døma englar, og då vel mykje meir i timelege ting?Select 1 Corinthians 6:3
4Når de då hev saker um timelege ting, so set de deim til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden!Select 1 Corinthians 6:4
5Til skam for dykk segjer eg dette. So finst der då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste som kann skilja trætta for bror sin?Select 1 Corinthians 6:5
6Men bror fører sak mot bror, og det endå for vantruande domarar.Select 1 Corinthians 6:6
7Det er no i det heile eit tap for dykk at de hev sak med kvarandre. Kvi lid de ikkje heller urett? Kvi toler de ikkje heller uskil?Select 1 Corinthians 6:7
8Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør!Select 1 Corinthians 6:8
9Eller veit de ikkje, at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Lat dykk ikkje dåra! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller blautfengne eller slike som syndar mot naturi,Select 1 Corinthians 6:9
10eller tjuvar eller giruge eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike.Select 1 Corinthians 6:10
11Og slike var sume av dykk; men de er avtvegne, men de er helga, de er rettferdiggjorde ved Herren Jesu namn og i vår Guds Ande.Select 1 Corinthians 6:11
12Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få vald yver meg.Select 1 Corinthians 6:12
13Maten er for magen, og magen for maten; og Gud skal gjera ende både på den eine og den andre. Men likamen er ikkje for hor, men for Herren, og Herren for likamen.Select 1 Corinthians 6:13
14Og Gud vekte upp Herren og skal og vekkja oss upp ved si kraft.Select 1 Corinthians 6:14
15Veit de ikkje, at dykkar likamar er Kristi lemer? Skal eg då taka Kristi lemer og gjera deim til lemer åt ei skjøkja? Langt ifrå!Select 1 Corinthians 6:15
16Eller veit de ikkje, at den som held seg til skjøkja, er ein likam med henne? For det er sagt: «Dei tvo skal vera eitt kjøt.»Select 1 Corinthians 6:16
17Men den som held seg til Herren, er ein ande med honom.Select 1 Corinthians 6:17
18Fly hor! All synd som eit menneskje kann gjera, er utanfor likamen; men den som gjer hor, syndar imot sin eigen likam.Select 1 Corinthians 6:18
19Eller veit de ikkje, at likamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne?Select 1 Corinthians 6:19
20For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar likam!Select 1 Corinthians 6:20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation