Skip to content
Church.wiki
2 Corinthians

2 Corinthians 11

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Gjev de vilde tola ein grand dårskap av meg! Jau, de skal tola meg.Select 2 Corinthians 11:1

2For eg er åbryen på dykk med Guds åbryskap. For eg trulova dykk med ein mann, so eg kunde framstella ei rein møy for Kristus.Select 2 Corinthians 11:2

3Men eg ottast for, at liksom ormen dåra Eva med si svikråd, soleis skal og dykkar tankar verta skadde og snudde burt frå den einfalde truskapen mot Kristus.Select 2 Corinthians 11:3

4For um det kjem ein og forkynner ein annan Jesus, som me ikkje hev forkynt, eller de fær ein framand ande, som de ikkje fyrr hev fenge, eller eit framandt evangelium, som de ikkje fyrr hev motteke, so vil de tola det godt!Select 2 Corinthians 11:4

5For eg tenkjer at eg ikkje i nokon ting er mindre mann enn dei ovstore apostlarne;Select 2 Corinthians 11:5

6men um eg enn er ulærd i talen, er eg det då ikkje i kunnskapen; me hev tvert imot alltid synt dykk honom i alle stykke.Select 2 Corinthians 11:6

7Eller gjorde eg synd, då eg audmykte meg sjølv so de kunde verta upphøgde, med di eg forkynte dykk Guds evangelium for inkje?Select 2 Corinthians 11:7

8Andre kyrkjelydar hev eg skattlagt, med di eg tok løn til dykkar tenesta, og då eg var hjå dykk og noko vanta meg, var eg ingen til tyngsla;Select 2 Corinthians 11:8

9for når eg vanta noko, hjelpte brørne som kom frå Makedonia, og i alt vara eg meg for å falla dykk til tyngsla.Select 2 Corinthians 11:9

10So visst som Kristi sanning er i meg, so skal denne ros ikkje takast frå meg i Akaia-bygderne!Select 2 Corinthians 11:10

11Kvifor då? av di eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud!Select 2 Corinthians 11:11

12Men det eg gjer, det vil eg og gjera sidan, so eg kann avskjera deim tilhøve, som søkjer tilhøve, so dei må verta funne liksom me i det som dei rosar seg av.Select 2 Corinthians 11:12

13For desse er falske apostlar, svikfulle arbeidarar, som skaper seg til liksom dei var Kristi apostlar.Select 2 Corinthians 11:13

14Og det er ikkje underlegt, for Satan sjølv skaper seg um til ein ljosengel;Select 2 Corinthians 11:14

15difor er det ikkje noko stort um hans tenarar og skaper seg um til rettferds tenarar; men deira ende skal høva til deira verk.Select 2 Corinthians 11:15

16Atter segjer eg: Ingen halde meg for å vera uvitug, men um de gjer det, so tak då imot meg, um og som ein uvitug, so eg og må kunna rosa meg ein grand!Select 2 Corinthians 11:16

17Det eg her talar, talar eg ikkje etter Herrens vilje, men liksom i dårskap i denne tillitsame ros.Select 2 Corinthians 11:17

18Sidan mange rosar etter kjøtet, so vil eg og rosa meg.Select 2 Corinthians 11:18

19For de toler gjerne uvitingarne, de som er so kloke.Select 2 Corinthians 11:19

20For de toler det, um nokon gjer dykk til trælar, um nokon et dykk upp, um nokon fangar dykk, um nokon upphøgjer seg yver dykk, um nokon slær dykk i andlitet.Select 2 Corinthians 11:20

21Med skam segjer eg det, av di me hev vore veike; men det som nokon er djerv i - eg talar i dårskap - det er eg og djerv i.Select 2 Corinthians 11:21

22Er dei hebræarar? eg og. Er dei israelitar? eg og. Er dei Abrahams ætt? eg og.Select 2 Corinthians 11:22

23Er dei Kristi tenarar? - eg talar som ein galen mann -: eg er det endå meir. Eg hev havt større stræv, fenge fleire slag, vore oftare i fengsel, ofte i livsfåre.Select 2 Corinthians 11:23

24Av jødarne hev eg fem gonger fenge fyrti slag so nær som eitt.Select 2 Corinthians 11:24

25Tri gonger vart eg hudflengd, ein gong steina, tri gonger leid eg skipbrot; eg hev vore eit døger i djupet.Select 2 Corinthians 11:25

26Ofte var eg på ferder, i fårar i elvar, i fårar millom røvarar, i fårar millom landsmenner, i fårar millom heidningar, i fårar i by, i fårar i øydemark, i fårar på hav, i fårar millom falske brør,Select 2 Corinthians 11:26

27i strev og møda, ofte i nattevoka, i svolt og torste, ofte fastande, frosen og naken;Select 2 Corinthians 11:27

28umfram alt det andre hev eg endå det daglege tillaup, umsuti for alle kyrkjelydarne.Select 2 Corinthians 11:28

29Kven er veik utan at eg vert veik? Kven vert avstygd utan at det brenn i meg?Select 2 Corinthians 11:29

30Um eg endeleg skal rosa meg, so vil eg rosa meg av det som høyrer mi vanmagt til.Select 2 Corinthians 11:30

31Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som er velsigna i all æva, han veit at eg ikkje lyg!Select 2 Corinthians 11:31

32I Damaskus let kong Aretas’ landshovding vakta damaskenarbyen, då han vilde gripa meg;Select 2 Corinthians 11:32

33og gjenom ein glugg i muren vart eg fira ned i ei korg og slapp ut or hans hender.Select 2 Corinthians 11:33

Next: 2 Corinthians 12Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Corinthians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.