Skip to content
Church.wiki
2 Corinthians

2 Corinthians 9

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1For å skriva til dykk um hjelpi til dei heilage, det treng eg ikkje,Select 2 Corinthians 9:1

2for eg kjenner dykkar viljuge hug, som eg rosar dykk for hjå makedonarane, med di eg segjer: «Akaia var ferdigt alt frå i fjor;» og ihugen dykkar tilskunda dei mange.Select 2 Corinthians 9:2

3Men eg sender brørne, so ikkje vår ros yver dykk skal verta til inkjes i dette stykke, men at de, som eg sagde, skal vera ferdige,Select 2 Corinthians 9:3

4so me - um eg ikkje skal segja de sjølve - ikkje skal få skam av denne tiltru, um det kjem makedonarar med meg og finn dykk uferdige.Select 2 Corinthians 9:4

5Difor fann eg det naudsynlegt å telja brørne til å ganga i fyrevegen til dykk og fyreåt tilskipa gåva dykkar som fyrr var lova, so at ho kann vera ferdig som ei velsigning og ikkje som ei karg gåva.Select 2 Corinthians 9:5

6Men det segjer eg: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta; og den som sår med velsigningar, skal og hausta med velsigningar.Select 2 Corinthians 9:6

7Kvar gjeve som han set seg fyre i hjarta, ikkje med sut eller av tvang! For Gud elskar ein glad gjevar.Select 2 Corinthians 9:7

8Og Gud er megtig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål, so de i alle ting alltid kann hava all nøgd og vera rike til all god gjerning,Select 2 Corinthians 9:8

9som skrive stend: «Han strøydde ut, han gav dei fatige, hans rettferd vert verande i all æva.»Select 2 Corinthians 9:9

10Og han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal og gjeva dykk sæde og gjera det rikelegt og gjeva vokster til frukterne av dykkar rettferd,Select 2 Corinthians 9:10

11med di de i alt vert rike til all einfald kjærleik, som ved oss verkar takk til Gud.Select 2 Corinthians 9:11

12For tenesta med denne hjelp utfyller ikkje berre det som vantar hjå dei heilage, men ber og rik frukt med takk til Gud ifrå mange,Select 2 Corinthians 9:12

13då dei ved det sannrøynde hjartelag som denne hjelp syner, må prisa Gud for dykkar lydnad til å sanna Kristi evangelium, og for den einfalde truskapen i samfundet med deim og med alle,Select 2 Corinthians 9:13

14med di dei og i bøn for dykk lengtar etter dykk for den Guds nåde som er so ovrik yver dykk.Select 2 Corinthians 9:14

15Gud vere takk for si usegjelege gåva!Select 2 Corinthians 9:15

Next: 2 Corinthians 10Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Corinthians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.