Skip to content
Church.wiki
Colossians

Colossians 2

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1For eg vil at de skal vita kor stor strid eg hev for dykk og deim i Laodikea og so mange som ikkje hev set mitt andlit i kjøtet,Select Colossians 2:1

2so deira hjarta må verta trøysta, med di dei vert samanknytte i kjærleik og vinn fram til heile rikdomen av det fullvisse skyn, til kunnskap um Guds løyndom, det er Kristus,Select Colossians 2:2

3han som alle skattar av visdom og kunnskap er løynde i.Select Colossians 2:3

4Dette segjer eg for at ingen skal dåra dykk med lokkande tale.Select Colossians 2:4

5For um eg enn i kjøtet er fråverande, er eg like vel i åndi saman med dykk, og ser med gleda dykkar gode skipnad og den faste grunn i dykkar tru på Kristus.Select Colossians 2:5

6Liksom de då tok imot Kristus Jesus som Herren; so ferdast i honom,Select Colossians 2:6

7so at de er rotfeste og vert uppbygde i honom og stadfeste i trui, so som de lærde, rike på henne med takksegjing.Select Colossians 2:7

8Sjå til at det ikkje må vera nokon som gjer dykk til herfang med verdsleg visdom og tom dåring etter fråsegner av menneskje, etter barnelærdomen til verdi og ikkje etter Kristus!Select Colossians 2:8

9For i honom bur heile guddomsfylla likamleg.Select Colossians 2:9

10Og de er fyllte i honom, som er hovudet yver all magt og yverråd;Select Colossians 2:10

11i honom vart de og umskorne med ei umskjering som ikkje er gjord med hender, ved avklæding av kjøtslikamen, ved Kristi umskjering,Select Colossians 2:11

12då de vart gravlagde med honom i dåpen; der vart de og uppvekte med honom ved trui på Guds kraft, han som vekte honom upp frå dei daude.Select Colossians 2:12

13Ogso dykk, som var daude i dykkar misgjerningar og dykkar kjøts fyrehud, gjorde han livande med honom, med di han tilgav oss alle våre misgjerningarSelect Colossians 2:13

14og strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bodord, det som vitna imot oss, og han rudde det undan med di han nagla det til krossen.Select Colossians 2:14

15Han avvæpna magterne og yverråderne og synte deim openberrleg fram då han vann siger yver deim på krossen.Select Colossians 2:15

16Lat difor ingen døma dykk i mat eller drykk eller i saker um høgtid eller nymåne eller kviledag!Select Colossians 2:16

17desse ting er berre ein skugge av det som skulde koma; men likamen høyrer Kristus til.Select Colossians 2:17

18Lat ingen røva sigersprisen frå dykk, um nokon freistar på det med audmykt og engledyrking, med det han fer med syner, vert ovmodig utan grunn av sin kjøtlege hugSelect Colossians 2:18

19og ikkje held fast ved hovudet, han som heile likamen veks Guds vokster ut ifrå, tilhjelpt og samanfest ved sine ledmot og band.Select Colossians 2:19

20Er de avdøyde med Kristus frå barnelærdomen til verdi, kvi gjev dei dykk då, som um de skulde liva i verdi, slike bod:Select Colossians 2:20

21«Du skal ikkje taka, ikkje smaka, ikkje røra»Select Colossians 2:21

22- det vil segja slikt som då alt saman er etla til øyding ved bruk - etter bod og lærdomar av menneskje,Select Colossians 2:22

23som vel hev ord for visdom ved sjølvgjord dyrking og audmykt og vyrdløysa mot likamen, men ikkje ved noko som er æra verdt, berre til mette for kjøtet?Select Colossians 2:23

Next: Colossians 3Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Colossians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.