Luke 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Det er alt mange som hev teke seg til å setja upp ei fråsegn um dei hendingarne som hev gjenge fyre seg hjå oss,Select Luke 1:1
2so som dei hev bore det fram dei som frå fyrsten var augvitne og ærendsveinar åt ordet.Select Luke 1:2
3Difor hev eg og sett meg fyre at eg vilde granska alt vel frå grunnen og so skriva det upp åt deg, gjævaste Teofilus - stykke for stykke, soleis som det heng saman,Select Luke 1:3
4so du kann sjå kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt.Select Luke 1:4
5I den tidi då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest som heitte Zakarja; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet.Select Luke 1:5
6Båe var dei rettferdige for Gud; dei fylgde alle Herrens bod og fyresegner, og ingen kunde finna noko å lasta deim for.Select Luke 1:6
7Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var ’kje barnkjømd, og dei var båe fram i åri.Select Luke 1:7
8So var det ein dag Zakarja gjorde prestetenesta for Gud; for turen var komen til hans lag,Select Luke 1:8
9og då dei drog strå, som visi er millom prestarne, fall det på honom å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet,Select Luke 1:9
10med heile folkemengdi stod utanfor og bad i røykoffertimen.Select Luke 1:10
11Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret.Select Luke 1:11
12Då Zakarja såg engelen, stokk han, og det kom ein otte yver honom.Select Luke 1:12
13Men engelen sagde til honom: «Ver ikkje rædd, Zakarja! Gud hev høyrt bøni di; du og Elisabet, kona di, skal få ein son, og du skal kalla honom Johannes.Select Luke 1:13
14Då vert du både glad og fegen, og mange skal gleda seg av di han er fødd.Select Luke 1:14
15For han skal vera stor i Herrens augo; han skal ikkje drikka vin eller sterke drykkjer, og alt ifrå morsliv skal han fyllast av den Heilage Ande.Select Luke 1:15
16Mange av Israels-sønerne skal han venda um til Herren, deira Gud,Select Luke 1:16
17og sjølv skal han ganga fyre honom i Elias ånd og kraft, og venda hjarto åt federne um til borni, og dei ulyduge til den hug som bur i rettferdige menner, so han kann vinna Herren eit vel fyrebutt folk.»Select Luke 1:17
18«Korleis kann eg vita um dette er sant?» sagde Zakarja til engelen; «eg er då ein gamall mann, og kona mi er og fram i åri.»Select Luke 1:18
19Då svara engelen: «Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send hit og skal tala med deg og bera dette gledebodet til deg.Select Luke 1:19
20Og no skal du ljota tegja, og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender, for di du ikkje trudde meg; men det eg hev sagt, skal sannast når tidi er komi.»Select Luke 1:20
21Medan stod folket og venta på Zakarja, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet.Select Luke 1:21
22Men då han kom ut, og ikkje kunde tala med deim, skyna dei at han hadde set ei syn i templet; sjølv nikka han og gjorde teikn til deim, men var og vart mållaus,Select Luke 1:22
23og då tidi for tempeltenesta hans var ute, for han heim att.Select Luke 1:23
24Eit bil etter hende det at Elisabet, kona hans, vart med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og sagde:Select Luke 1:24
25«Soleis hev Herren laga det for meg då tidi var komi at han i nåde vilde taka burt skammi mi millom folk.»Select Luke 1:25
26Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som dei kallar Nasaret,Select Luke 1:26
27åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria.Select Luke 1:27
28Då engelen kom inn til henne, sagde han: «Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!»Select Luke 1:28
29Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: «Kva er dette for ei helsing?»Select Luke 1:29
30Men engelen sagde til henne: «Ver ikkje rædd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud!Select Luke 1:30
31Du skal verta med barn og få ein son, og kalla honom Jesus.Select Luke 1:31
32Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva honom kongsstolen åt David, ættfaren hans;Select Luke 1:32
33han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»Select Luke 1:33
34«Korleis skal det ganga til, når eg ikkje hev mann?» sagde Maria.Select Luke 1:34
35«Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg,» svara engelen; «difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.Select Luke 1:35
36Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sagde ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden;Select Luke 1:36
37for ingen ting er umogeleg for Gud.»Select Luke 1:37
38Då sagde Maria: «Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» So for engelen burt att.Select Luke 1:38
39Straks etter tok Maria av stad, og for so fort ho kunde upp i fjellbygderne, til ein by i Judaland;Select Luke 1:39
40der gjekk ho inn i huset åt Zakarja og helsa på Elisabet.Select Luke 1:40
41Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi hennar Maria, hoppa fostret i livet hennar; og ho vart fyllt av den Heilage Ande,Select Luke 1:41
42og kvad med høg røyst: «Velsigna vere du i kvendeflokk, velsigna det du under beltet ber!Select Luke 1:42
43Kvi skal det timast meg so store ting at mor åt Herren min kjem hit til meg?Select Luke 1:43
44For då di helsing nådde øyra mitt, då hoppa fostret i mitt liv av frygd.Select Luke 1:44
45Ja, sæl er ho som leit på Herrens ord, at det han hadde lova, laut gå fram!»Select Luke 1:45
46Og Maria svara: «Mi sjæl høglovar Herren,Select Luke 1:46
47mitt hjarta gleder seg i Gud, min frelsar!Select Luke 1:47
48Han tenkte på si ringe tenestkvinna! For ifrå denne stund skal alle ætter kalla meg for sæl.Select Luke 1:48
49Stort er det han for meg hev gjort den Megtige, og heilagt er hans namn;Select Luke 1:49
50frå ætt til ætt hans miskunn når mot deim som ottast honom.Select Luke 1:50
51Velduge verk so gjer hans sterke arm; storlåtne spreider han for ver og vind med deira høgferds-hug;Select Luke 1:51
52han støyter hovdingar frå høgsæte og lyfter låge upp;Select Luke 1:52
53Hungrige mettar han med gode gåvor, og rikingar rek han tomhendte burt.Select Luke 1:53
54Han sytte vel for Israel, sin svein; til evig tid han minnast vil -Select Luke 1:54
55So var hans ord til federn’ våre - si miskunn mot Abraham og hans ætt.»Select Luke 1:55
56Maria vart verande hjå henne um lag tri månader; sidan for ho heim att.Select Luke 1:56
57So kom tidi at Elisabet skulde eiga barn, og ho åtte ein son.Select Luke 1:57
58Og då grannarne og skyldfolket høyrde kor stor ein nåde Herren hadde vist henne, vart dei glade og ynskte henne til lukka.Select Luke 1:58
59Åtte dagar etter kom dei og skulde umskjera guten; men då dei vilde kalla honom Zakarja etter faren,Select Luke 1:59
60tok mor hans til ords og sagde: «Nei, han skal heita Johannes!»Select Luke 1:60
61«Det er ingen i ætti som heiter so,» svara dei,Select Luke 1:61
62og dei gjorde teikn til faren, kva han vilde guten skulde kallast.Select Luke 1:62
63Då bad han um ei tavla og skreiv: «Johannes er namnet hans!» Alle undra seg;Select Luke 1:63
64men i det same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud.Select Luke 1:64
65Då kom der ein otte på alle dei som budde der ikring; i heile Judaheidi vart alt dette mykje umtala,Select Luke 1:65
66og kvar den som høyrde det, tok det til minnes og sagde: «Kva tru den guten er etla til?» For Herren heldt si hand yver honom.Select Luke 1:66
67Men Zakarja, far hans, vart fyllt av den Heilage Ande, og han tala profetord og kvad:Select Luke 1:67
68«Velsigna vere Herren, Israels eigen Gud! Til lyden sin han lydde, og løyste deim or band;Select Luke 1:68
69ei frelsarmagt vekt’ han oss upp, ei veldug, uti Davids ætt, som var hans trugne svein -Select Luke 1:69
70Som han frå fordom gjenom Heilag profetmunn sagde:Select Luke 1:70
71Frå fiendarne frelsa, frå kvar ei hatarhand!Select Luke 1:71
72Han vil federn’ våre vel, og kom i hug den heilage og støde pakti si,Select Luke 1:72
73den eid han hadde svore vår ættfar, Abraham.Select Luke 1:73
74Han vilde ut oss fria or fiendsmagt og fiendsvald, so me han utan rædsl’ og rygd,Select Luke 1:74
75i rettferd og med heilag hug kann tena all vår tid.Select Luke 1:75
76Du og, min son, skal kallast Allhøge Guds profet, skal fyre Herren fara, og rydja vel hans veg,Select Luke 1:76
77og læra lyden hans å sjå frelsa, dei finna skal når han all deira synd forlet.Select Luke 1:77
78For miskunnsam av hjarta er han, vår gode Gud, ei stjerna let han skina for oss frå himmelhøgd,Select Luke 1:78
79Lysa for deim som sit i myrkr og daudsens skodd, og styra inn på velferds-veg vår fot.»Select Luke 1:79
80Og guten voks og vart sterk i åndi; han heldt seg i øydemarkerne til tidi kom då han skulde førast fram for Israel.Select Luke 1:80
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation