Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 11

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Ein gong var han ein stad og bad; då han heldt upp, sagde ein av læresveinarne til honom: «Herre, lær oss å beda! Det lærde Johannes og sveinarne sine.»Select Luke 11:1

2Han svara: «Når de bed, skal de segja: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast; lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;Select Luke 11:2

3gjev oss kvar dag vårt daglege brød;Select Luke 11:3

4og forlat oss våre synder, for me og forlet kvar den som er oss skuldig; og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde.»Select Luke 11:4

5So sagde han til deim: «Um nokon av dykk hev ein ven, og gjeng til han midt på natti og segjer: «Kjære, lån meg tri brødleivar!Select Luke 11:5

6for ein ven hev kome innum meg på ei ferd, og eg hev ’kje noko å setja fram åt honom -Select Luke 11:6

7skulde so han der inne svara: «Gjer meg ikkje slikt bry! Døri er longe stengd, og småborni mine er i seng med meg; eg kann ikkje standa upp og gjeva deg det?»Select Luke 11:7

8Eg segjer dykk: Um han ikkje stend upp og gjev honom det for di det er hans ven, so ris han upp og gjev honom alt han treng for di han er so tråsøkjen.Select Luke 11:8

9Og eg segjer dykk: Bed, so skal de få! Leita, so skal de finna! Banka på, so skal det verta upplate for dykk!Select Luke 11:9

10For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.Select Luke 11:10

11Finst det nokon far ibland dykk som vilde gjeva son sin ein stein når han bad um brød, eller når han bad um fisk, vilde gjeva honom ein orm i staden for ein fisk,Select Luke 11:11

12eller når han bad um eit egg, vilde gjeva honom ein skorpion?Select Luke 11:12

13Når då de som er vonde, veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, kor mykje meir vil so ’kje Faderen frå himmelen gjeva den Heilage Ande åt deim som bed honom?»Select Luke 11:13

14Ein gong dreiv han ut ei vond ånd, som var mållaus, og då åndi var utfari, tala den mållause. Folket undra seg,Select Luke 11:14

15men sume av deim sagde: Det er Be’elsebul, djevelhovdingen, som hjelper honom til å driva ut djevlar.»Select Luke 11:15

16Andre vilde freista honom, og bad honom syna deim eit teikn frå himmelen.Select Luke 11:16

17Men Jesus visste kva dei hadde i tankar, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og eitt hus dett yver hitt.Select Luke 11:17

18Er no Satan og komen i strid med seg sjølv, korleis kann då riket hans standa? - sidan de segjer at det er Be’elsebul som hjelper meg til å driva ut djevlar!Select Luke 11:18

19Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut djevlar, kven fær då dykkar eigne folk hjelp av til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.Select Luke 11:19

20Men er det med Guds finger eg driv djevlarne ut, so er då Guds rike kome til dykk.Select Luke 11:20

21Når ei kjempa væpna vaktar sin gard, fær han hava alt sitt i fred;Select Luke 11:21

22men kjem det ein sterkare og vinn yver honom, so tek han våpni hans, som han sette si lit til, og skifter ut alt han drog av honom.Select Luke 11:22

23Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider.Select Luke 11:23

24Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho gjenom vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, og når ho ingen kvilestad finn, segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte ifrå.»Select Luke 11:24

25Når ho so kjem dit, finn ho huset feia og fjelga.Select Luke 11:25

26Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder, som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan.»Select Luke 11:26

27Medan han tala soleis, var det ei kvinna bland folket som sette i og ropa: «Sælt det livet som bar deg, og det brjostet du saug!»Select Luke 11:27

28Då sagde han: «Sæle er heller dei som høyrer Guds ord og tek vare på det!»Select Luke 11:28

29Som no folket flokka seg kring honom, tok han til ords og sagde: «Denne ætti er ei vond ætt; dei krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.Select Luke 11:29

30For liksom Jona vart eit teikn for Nineve-folket, soleis skal og Menneskjesonen vera det for denne ætti.Select Luke 11:30

31Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med mennerne av denne ætti og fordøma deim. For ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.Select Luke 11:31

32Nineve-mennerne skal møta for domen i hop med denne ætti og fordøma deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona.Select Luke 11:32

33Den som kveikjer eit ljos, set det ikkje i kjellaren eller under skjeppa, men i staken, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.Select Luke 11:33

34Ljoset i likamen, det er auga ditt; når ditt auga er klårt, so er heile din likam og ljos; men er det dimt, so er likamen og myrk.Select Luke 11:34

35Sjå då til at ikkje ljoset inni deg er myrker!Select Luke 11:35

36Er so heile likamen ljos, og ingen lut av honom myrk, då vert han upplyst all igjenom, som når ljoset skin på deg med sine strålar.»Select Luke 11:36

37Då han hadde tala ut, bad ein farisæar honom eta dagverd hjå seg. So gjekk han inn der og sette seg til bords.Select Luke 11:37

38Men farisæaren vart forundra då han såg at han ikkje tvo seg fyrst fyre målet.Select Luke 11:38

39Då sagde Herren til honom: «Ja, de farisæarar, de reinskar skåler og fat utvendes, men innvendes er de fulle av ran og vondskap.Select Luke 11:39

40Dårar! Han som gjorde det som er utvendes, gjorde han ’kje det som er innvendes og?Select Luke 11:40

41Men gjer ei sælebotsgåva av det som inni er; då skal de sjå at alt er reint for dykk!Select Luke 11:41

42Men ve yver dykk farisæarar! De gjev tiend av mynta og ruta og allslags urter, men legg ikkje vinn på rettferd og gudselsk! Det skulde ein gjera og ikkje lata vera hitt heller.Select Luke 11:42

43Ve yver dykk farisæarar! De trår etter å sitja fremst i synagogorne, og vil at folk skal helsa dykk på torgi!Select Luke 11:43

44Ve yver dykk! De er som ukjennelege graver, folk gjeng på deim og veit ikkje av det!»Select Luke 11:44

45Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sagde: «Meister, når du segjer slikt, gjeng du oss og for nær!»Select Luke 11:45

46Jesus svara: «Ve yver dykk lovkunnige og! De lesser svære byrer på folk, og sjølve rører de ’kje byrderne med ein einaste finger.Select Luke 11:46

47Ve yver dykk! De byggjer minnesmerke yver profetarne, og det var federne dykkar som slo deim i hel.Select Luke 11:47

48So vitnar de då um det som federne dykkar gjorde, og samtykkjer det; for dei slo profetarne i hel, og de byggjer!Select Luke 11:48

49Difor sagde og Guds visdom: Eg vil senda profetar og apostlar til deim, og sume av deim skal dei slå i hel, og sume skal dei forfylgja,Select Luke 11:49

50so alt profetblod som hev runne frå verdi vart grunnlagd, skal hemnast på denne ætti,Select Luke 11:50

51frå Abels blod til Zakarjas’ blod, han som let livet millom altaret og gudshuset. Ja, segjer eg dykk, det skal hemnast på denne ætti.Select Luke 11:51

52Ve yver dykk lovkunnige! De hev teke burt kunnskapslykelen! Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som vilde inn, fekk de hindra.»Select Luke 11:52

53Då han gjekk ut att, tok dei skriftlærde og farisæarane til å verta fælt nærsøkne og frega honom um mangt og mykje,Select Luke 11:53

54alt med dei lurde på honom og vilde få tak i eitkvart ordet frå hans munn.Select Luke 11:54

Next: Luke 12Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.