Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 16

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Han sagde og til læresveinarne: «Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til honom og klaga på hushaldaren, og sagde at han øydde burt midelen hans.Select Luke 16:1

2Då kalla han hushaldaren fyre seg og sagde til honom: «Kva er det no eg høyrer um deg? Gjer rekneskap for styringi di, for du kann ikkje standa fyre huset mitt lenger!»Select Luke 16:2

3Hushaldaren tenkte med seg: «Kva skal eg gjera, sidan herren min segjer meg ut or tenesta? Eg orkar ikkje å grava, eg skjemmest ved å tigga.Select Luke 16:3

4Jau, no veit eg kva eg vil gjera, so dei skal taka meg til seg når eg vert avsett!»Select Luke 16:4

5So kalla han skuldmennerne åt herren sin til seg, ein for ein, og sagde til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?»Select Luke 16:5

6«Hundrad anker olje,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt,» sagde hushaldaren; «set deg ned og skriv snøgt: femti!»Select Luke 16:6

7So spurde han ein annan: «Enn du, kor mykje er du skuldig?» - «Hundrad tunnor kveite,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt; skriv: åtteti!» sagde hushaldaren.Select Luke 16:7

8Og Herren rosa uærlege hushaldaren for di han hadde fare klokt åt. For denne verdsens born er klokare til å stella seg med sine jamlikar enn ljossens born er.Select Luke 16:8

9Og eg segjer dykk: Vinn dykk vener med den urettferdige Mammon, so dei kann taka imot dykk i dei ævelege heimarne når han tryt!Select Luke 16:9

10Den som er tru i smått, er og tru i stort, og den som er uærleg i smått, er og uærleg i stort.Select Luke 16:10

11Hev de no ikkje vore true med den urettferdige Mammon, kven vil då tru den rette rikdomen åt dykk?Select Luke 16:11

12Og hev de ikkje vore true med det som høyrer andre til, kven vil då gjeva dykk noko de sjølve kann eiga?Select Luke 16:12

13Ingen tenar kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin. De kann ikkje tena både Gud og Mammon.»Select Luke 16:13

14Alt dette høyrde farisæarane på, og pengekjære som dei var, frynte dei åt honom.Select Luke 16:14

15Då sagde han til deim: «De er dei som fær folk til å tru at de er rettferdige; men Gud kjenner hjarta dykkar; for det som er høgt i folkeaugo, er ein styggedom for Gud.Select Luke 16:15

16Lovi og profetarne rådde alt til Johannes kom; frå den tid hev fagnadbodet um Guds rike vore kunngjort, og kvar og ein bryt seg inn i det med magt.Select Luke 16:16

17Men det vil lettare henda at himmelen og jordi forgjengst enn at ein einaste prikk i lovi fell burt.Select Luke 16:17

18Kvar den som skil seg frå kona si og giftar seg med ei onnor, gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild, gjer hor.Select Luke 16:18

19Det var ein gong ein rik mann; han klædde seg i purpur og fint lin, og heldt gaman og fest dag etter dag.Select Luke 16:19

20Og ein fatig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår,Select Luke 16:20

21og stunda etter å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen; men jamvel hundarne kom og sleikte såri hans.Select Luke 16:21

22So hende det at den fatige døydde, og englarne bar honom av stad og lagde honom ved Abrahams barm. Den rike døydde og, og vart gravlagd.Select Luke 16:22

23Som han no slo upp augo sine i helheimen, der han låg og pintest, ser han Abraham langt burte, og Lasarus innmed barmen hans.Select Luke 16:23

24Då ropa han: «Fader Abraham, gjer sælebot på meg! Send Lasarus so han kann duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid fælt i den logen.»Select Luke 16:24

25«Kom i hug, min son,» svara Abraham, «at du fekk det gode du ynskte deg i di livetid, og Lasarus like eins det som vondt var. Men no vert han trøysta her, og du lid vondt.Select Luke 16:25

26Og attåt alt det er det lagt ein stor avgrunn millom oss og dykk, so dei som vil fara herifrå yver til dykk, dei kann ikkje; ikkje heller kann nokon koma derifrå yver til oss.»Select Luke 16:26

27«So bed eg deg, fader,» sagde den rike, «at du vil senda han til farshuset mitt!Select Luke 16:27

28Eg hev fem brør, lat honom vitna for deim, so ikkje dei og skal koma til denne pinslestaden!»Select Luke 16:28

29«Dei hev Moses og profetarne,» svara Abraham; «dei kann høyra på deim.»Select Luke 16:29

30«Å nei, fader Abraham!» sagde han; «men kjem nokon til deim frå dei daude, so gjer dei bot.»Select Luke 16:30

31Då sagde Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetarne, so trur dei ikkje heller um nokon stend upp frå dei daude.»»Select Luke 16:31

Next: Luke 17Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.