Luke 18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Då sagde han deim ei likning um at dei stødt skulde beda og ikkje trøytna.Select Luke 18:1
2«I ein by,» sagde han, «var det ein gong ein domar, som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneskje.Select Luke 18:2
3I same byen var det ei enkja; ho kom jamleg til domaren og sagde: «Hjelp meg, so eg fær rett på motparten min!»Select Luke 18:3
4Lenge vilde han ikkje, men då det leid på, sagde han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje hev age for noko menneskje,Select Luke 18:4
5so vil eg like vel hjelpa denne enkja til retten sin, av di ho plågar meg so; elles kjem ho vel til slutt og legg til meg midt i syni!»Select Luke 18:5
6Høyr kva den urettferdige domaren segjer,» sagde Herren;Select Luke 18:6
7«skulde so ’kje Gud hjelpa sine utvalde til retten sin, dei som ropar til honom dag og natt, um han so drygjer det ut for deim?Select Luke 18:7
8Eg segjer dykk: Han skal hjelpa deim til retten sin, og det fort. Men når Menneskjesonen kjem, skal han då finna trui på jordi?»Select Luke 18:8
9Til nokre som trudde um seg sjølve at dei var rettferdige, og som vanvyrde alle andre, sagde han denne likningi:Select Luke 18:9
10«Det var ein gong tvo menner som gjekk upp i templet og vilde beda; den eine var ein farisæar, og den andre ein tollmann.Select Luke 18:10
11Farisæaren stelte seg upp for seg sjølv og bad soleis: «Eg takkar deg, Gud, for di eg ikkje er som anna folk, ein røvar, svikar, horkar, eller og som den tollmannen der!Select Luke 18:11
12Eg fastar tvo gonger i vika, og gjev tiend av alt eg tek inn.»Select Luke 18:12
13Tollmannen stod langt undan; han vilde ikkje ein gong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sagde: Å Gud, ver meg syndaren nådig!Select Luke 18:13
14Eg segjer dykk: Han var rettferdiggjord då han gjekk heim til sitt hus, men hin ikkje; for kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.»Select Luke 18:14
15Dei bar og småborni sine til honom, so han skulde røra ved deim. Då læresveinarne såg det, truga dei deim;Select Luke 18:15
16men Jesus kalla deim til seg og sagde: «Lat småborni koma til meg, og hindra deim ikkje! For Guds rike høyrer slike til.Select Luke 18:16
17Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal på ingen måte koma inn i det.»Select Luke 18:17
18Ein synagoge-forstandar spurde honom: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit ævelegt liv?»Select Luke 18:18
19«Kvi kallar du meg god?» sagde Jesus. «Ingen er god utan ein - Gud!Select Luke 18:19
20Du kjenner bodi: «Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal æra far din og mor di!»»Select Luke 18:20
21«Alt det hev eg halde frå eg var ung,» svara han.Select Luke 18:21
22Då Jesus høyrde det sagde han: «Eitt vantar deg endå: sel alt det du hev, og byt det ut åt dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen! Og kom so og fylg meg!»Select Luke 18:22
23Mannen vart sturen då han høyrde dei ordi; for han var svært rik.Select Luke 18:23
24Jesus såg det på honom og sagde: «Kor vandt det er for dei som hev gods og gull å koma inn i Guds rike!Select Luke 18:24
25Ja, ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.»Select Luke 18:25
26«Kven kann då verta frelst?» sagde dei som høyrde på det.Select Luke 18:26
27Han svara: «Det som er umogelegt for menneskje, er mogelegt for Gud.»Select Luke 18:27
28«Enn me som hev skilt oss med alt som var vårt og fylgt deg!» sagde Peter.Select Luke 18:28
29Då sagde han til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen som hev skilt seg med hus eller kona eller brør eller foreldre eller born for Gudsriket skuld,Select Luke 18:29
30utan han skal få det att mangdubbelt i denne tidi, og i den verdi som kjem eit ævelegt liv.»Select Luke 18:30
31So kalla han dei tolv innåt seg og sagde til deim: «No fer me upp til Jerusalem, og alt det som profetarne hev skrive um Menneskjesonen, skal ganga fram:Select Luke 18:31
32Han gjevast yver til heidningarne og spottast, og farast ille med og sputtast på,Select Luke 18:32
33og dei skal hudfletta honom og slå honom i hel, og tridje dagen skal han standa upp att.»Select Luke 18:33
34Men dei forstod ikkje noko av dette; det var dult for deim kva som låg i det ordet, og dei skyna ikkje det han sagde.Select Luke 18:34
35Då han no kom burtimot Jeriko, sat ein blind mann attmed vegen og bad seg.Select Luke 18:35
36Då han høyrde det for so mykje folk fram igjenom, spurde han kva var tids.Select Luke 18:36
37Dei fortalde honom at Jesus frå Nasaret for framum.Select Luke 18:37
38Då ropa han: «Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!»Select Luke 18:38
39Dei som gjekk fyre, skjente på honom og sagde han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: «Davids son, gjer sælebot på meg!»Select Luke 18:39
40Då stana Jesus og sagde at dei skulde leida den blinde hit til honom, og då han kom innåt, spurde han:Select Luke 18:40
41«Kva vil du eg skal gjera for deg?» - «Herre, lat meg få att syni mi!» svara han.Select Luke 18:41
42«No fær du att syni! Trui di hev hjelpt deg,» sagde Jesus.Select Luke 18:42
43Og straks fekk han att syni si og fylgde honom alt med han lova Gud; og alt folket som såg det, gav Gud æra og pris.Select Luke 18:43
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation