Luke 22
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1No leid det nær innåt søtebrødhelgi, som dei kallar påske.Select Luke 22:1
2Og øvsteprestarne og dei skriftlærde grunda på korleis dei skulde bera seg åt for å få rudt honom or vegen; for dei var rædde folket.Select Luke 22:2
3Då for Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv;Select Luke 22:3
4han gjekk av stad og tala med øvsteprestarne og hovdingarne for tempelvakti um korleis han skulde få gjeve Jesus yver til deim.Select Luke 22:4
5Dei vart glade og lova honom pengar.Select Luke 22:5
6Han slo til, og sidan leita han etter eit laglegt høve til å gjeva han yver til deim utan uppstyr.Select Luke 22:6
7So kom søtebrødsdagen, den dagen då påskelambet skulde slagtast.Select Luke 22:7
8Då sende han Peter og Johannes i veg og sagde: «Gakk av stad og stell til påskemålet åt oss, so me kann halda måltid!»Select Luke 22:8
9«Kvar vil du me skal stella det til?» spurde dei.Select Luke 22:9
10«Høyr her!» svara han; «når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukka med vatn. Honom skal de fylgja til han gjeng inn i eit hus,Select Luke 22:10
11og so skal de segja til huseigaren: «Meisteren helsar: Kvar er romet der eg kann halda påskemåltid med læresveinarne mine?»Select Luke 22:11
12Då syner han dykk ein stor sal med duka bord. Der skal de stella til.Select Luke 22:12
13So gjekk dei, og fann det so som han hadde sagt, og dei stelte til påskemålet.Select Luke 22:13
14Då tidi kom, sette han seg til bords, og apostlarne med honom.Select Luke 22:14
15Og han sagde til deim: Eg hev lengta so etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, fyrr eg skal lida;Select Luke 22:15
16for eg segjer dykk: Eg kjem aldri til å eta det meir, fyrr det hev fenge fullnaden sin i Guds rike.»Select Luke 22:16
17So tok han ein kalk i handi, og takka og sagde: «Tak dette og skift det imillom dykk!Select Luke 22:17
18For eg segjer dykk: Heretter skal eg aldri drikka av druvesafti fyrr Guds rike er kome.»Select Luke 22:18
19Og han tok brødet, takka, og braut det, og gav deim og sagde: «Dette er likamen min, som vert gjeven for dykk! Gjer dette til minne um meg!»Select Luke 22:19
20Like eins kalken etter dei hadde ete kveldverden, og sagde: «Denne kalken er den nye pakt i blodet mitt, det som renn for dykk.Select Luke 22:20
21Men sjå: svikaren held handi si framyver bordet med meg!Select Luke 22:21
22Menneskjesonen gjeng fulla burt; for so er det laga. Men ve yver den mannen som veld at han vert gjeven i fiendehand!»Select Luke 22:22
23Då tok dei til å dryfta seg imillom kven av deim det kunde vera som skulde koma til å gjera dette.Select Luke 22:23
24Det vart og ein ordstrid millom deim um kven av deim som skulde gjelda for den største.Select Luke 22:24
25Då sagde han til deim: «Kongarne råder yver folki sine, og dei som held deim i age, vert kalla velgjerdsmenner.Select Luke 22:25
26So må det ikkje vera med dykk; men den som er største ibland dykk, skal vera som han var yngst, og styraren som han var tenar.Select Luke 22:26
27For kven er størst, den som sit til bords, eller den som ber på bordet? Er det ’kje den som sit til bords? Men eg er berre som ein bordsvein ibland dykk.Select Luke 22:27
28De er dei som heldt ut hjå meg i røyningarne mine,Select Luke 22:28
29og eg eignar dykk kongedøme, liksom far min eigna meg det;Select Luke 22:29
30de skal eta og drikka ved bordet mitt i mitt rike, og sitja i kvar sitt høgsæte og styra dei tolv Israels-ætterne.Select Luke 22:30
31Simon, Simon, høyr kva eg segjer: Satan kravde å få sælda dykk liksom korn.Select Luke 22:31
32Men eg hev bede for deg at trui di ikkje må trjota, og når du ein gong vender um, so styrk brørne dine!»Select Luke 22:32
33«Herre,» sagde Peter, «med deg gjeng eg gjerne både i fangehus og i dauden.»Select Luke 22:33
34«Eg segjer deg, Peter,» svara Herren: «Hanen gjel ikkje i natt, fyrr du tri gonger hev neitta at du kjenner meg.»Select Luke 22:34
35So sagde han til deim: «Då eg sende dykk i veg forutan pung og skreppa og skor, vanta de då nokon ting?» «Ingen ting,» svara dei.Select Luke 22:35
36«Men no lyt den som hev pung taka honom med,» sagde han, «og like eins den som hev skreppa, og den som ikkje hev noko sverd, lyt selja kjolen sin og kjøpa seg eit.Select Luke 22:36
37For eg segjer dykk at på meg lyt det sannast det ordet som stend skrive: «Og han vart rekna millom brotsmenner.» For med meg lid det mot enden.»Select Luke 22:37
38«Herre,» sagde dei, «sjå her er tvo sverd.» «Det er nok,» svara han.Select Luke 22:38
39So gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han var van ved; og læresveinarne fylgde og med.Select Luke 22:39
40Då han var komen dit, sagde han til deim: «Bed at de ikkje må koma i freisting!»Select Luke 22:40
41Han drog seg ifrå deim so langt som eit steinkast og lagde seg på kne og bad:Select Luke 22:41
42«Fader, um du vilde taka denne skåli ifrå meg! Men lat det ikkje vera som eg vil, berre som du vil!»Select Luke 22:42
43Ein engel frå himmelen synte seg for honom og styrkte honom.Select Luke 22:43
44Og i si såre hjartekvida bad han endå heitare, og sveiten hans vart som blodsdråpar, som fall ned på jordi.Select Luke 22:44
45So reiste han seg frå bøni. Då han kom til læresveinarne, såg han at dei hadde sovna av sorg.Select Luke 22:45
46Då sagde han til deim: «Kvi søv de? Statt upp, og bed at de ikkje må koma i freisting!»Select Luke 22:46
47Fyrr han hadde tala ut, fekk han sjå ein flokk som kom; han som heitte Judas - ein av dei tolv - gjekk fyre deim og kom burtåt Jesus, vilde kyssa honom.Select Luke 22:47
48Då sagde Jesus til honom: «Judas, svik du Menneskjesonen med ein kyss?»Select Luke 22:48
49Då dei som var ikring honom såg korleis det bar i veg, sagde dei: «Herre, skal me slå til med sverdet?»Select Luke 22:49
50Og ein av deim hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra.Select Luke 22:50
51Då tok Jesus til ords og sagde: «Lat det vera nok med det!» Og han tok burtpå øyra hans og lækte honom.Select Luke 22:51
52So sagde han til deim som var komne og skulde taka honom, øvsteprestarne og tempelhovdingarne og styresmennerne: «De kjem med sverd og stavar som eg skulde vera ein røvar!Select Luke 22:52
53Den tid eg var saman med dykk i templet dag etter dag, då baud de ’kje til å gripa meg. Men no er det dykkar time, no er det myrkret som råder.»Select Luke 22:53
54So tok dei honom og førde honom burt og inn i garden åt øvstepresten; og Peter fylgde eit langt stykke etter.Select Luke 22:54
55Dei hadde gjort upp ein eld midt i gardsromet og sett seg ikring, og Peter sette seg midt ibland deim.Select Luke 22:55
56Med han sat der i ljoset, vart ei tenestgjenta var honom; ho stirde på honom og sagde: «Denne var og med honom!»Select Luke 22:56
57Men han neitta og sagde: «Eg kjenner honom ikkje, kvinna!»Select Luke 22:57
58Eit lite bil etter vart ein annan var honom og sagde: «Du er og ein av deim!» «Nei, mann, det er eg ikkje!» svara Peter.Select Luke 22:58
59Då um lag ein time var liden, var det ein til som sanna det og sagde: «Jau visst var denne og med honom; han er då ein galilæar.»Select Luke 22:59
60«Eg veit ’kje kva du talar um, mann!» sagde Peter. Og straks, fyrr han hadde tala ut, gol hanen.Select Luke 22:60
61Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det ordet Herren hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel i natt, hev du avneitta meg tri gonger.»Select Luke 22:61
62Og han gjekk ut og gret sårt.Select Luke 22:62
63Dei mennerne som heldt Jesus, spotta honom og slo honom.Select Luke 22:63
64Dei kasta eit klæde yver honom og spurde: «Kven var det som slo deg? Seg oss det, du som er ein profet!»Select Luke 22:64
65Og mange andre hædingsord tala dei til honom.Select Luke 22:65
66Då det vart dag, kom styresmennerne åt folket i hop, og øvsteprestarne og dei skriftlærde; dei førde honom fram i rådsmøtet sittSelect Luke 22:66
67og sagde: «Er du Messias, so seg oss det!» «Um eg segjer det åt dykk, trur de det ikkje,» svara han,Select Luke 22:67
68«og um eg spør, svarar de ikkje.Select Luke 22:68
69Men heretter skal Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Guds allmagt.»Select Luke 22:69
70Då spurde dei alle: «Er du då Guds Son?» Han svara: «De segjer det, og eg er det.»Select Luke 22:70
71«Kva skal me med fleire vitnemål?» sagde dei då; «no høyrde me det av hans eigen munn!»Select Luke 22:71
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation