Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 23

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då reiste dei seg, heile hopen, og førde honom til Pilatus,Select Luke 23:1

2og bar fram klagemålet sitt mot honom. «Me hev kome etter at denne mannen forvillar folket vårt,» sagde dei; «han forbyd deim å gjeva keisaren skatt, og segjer at han er Messias, ein konge.»Select Luke 23:2

3Då tok Pilatus til ords og spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» «Det er som du segjer,» svara han.Select Luke 23:3

4Pilatus sagde til øvsteprestarne og folket: «Eg finn ingi skuld hjå denne mannen.»Select Luke 23:4

5Då tok dei sterkare i og sagde: «Han øser upp folket med læra si i heile Jødeland; han tok til med det i Galilæa, og no hev han kome alt hit.»Select Luke 23:5

6Då Pilatus høyrde det, spurde han um mannen var frå Galilæa,Select Luke 23:6

7og so snart han vart vis med at han lydde under Herodes’ velde, sende han honom åt Herodes; for han var og i Jerusalem i dei dagarne.Select Luke 23:7

8Herodes vart svært glad då han såg Jesus; han hadde lenge ynskt at han måtte få sjå honom; for han hadde høyrt mykje um honom og gjorde seg von um å få sjå eit teikn av honom.Select Luke 23:8

9Han spurde honom um mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord.Select Luke 23:9

10Øvsteprestarne og dei skriftlærde stod der og klaga på honom so sterkt dei kunde.Select Luke 23:10

11Og Herodes med hermennerne sine svivyrde og hædde honom, kasta ei brikjeleg kåpa um honom og sende honom so attende til Pilatus.Select Luke 23:11

12Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; fyrr hadde det vore fiendskap millom deim.Select Luke 23:12

13So kalla Pilatus i hop øvsteprestarne og rådsherrarne og folketSelect Luke 23:13

14og dei sagde til deim: «De hev ført denne mannen fram for meg og skulda honom for at han leider folket på avveg. No hev eg lydt honom ut, so de hev høyrt på det, men eg hev ’kje funne honom saka i noko av det de klagar honom for.Select Luke 23:14

15Og det hev ikkje Herodes heller; for eg sende dykk til honom. So kann de sjå, at han hev ikkje gjort noko, som han skulde lata livet for.Select Luke 23:15

16Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.»Select Luke 23:16

17Men han laut gjeva deim ein fange fri i høgtidi.Select Luke 23:17

18Då ropa dei alle som ein; «Burt med honom! Gjev oss Barabbas fri!»Select Luke 23:18

19- so heitte ein som var sett i fengsel for eitt upprør som hadde brote ut i byen, og for manndråp -.Select Luke 23:19

20På nytt tala Pilatus til deim; for han vilde gjerne gjeva Jesus fri.Select Luke 23:20

21Men dei ropa imot: «Krossfest honom, krossfest honom!»Select Luke 23:21

22So tala han til deim tridje gongen og sagde: «Kva vondt hev han då gjort, denne mannen? Eg hev ’kje funne honom saka i noko som han kann dømast frå livet for. Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.»Select Luke 23:22

23Men dei braut på, og kravde med høge rop at han skulde krossfestast, og ropi deira fekk yvertaket.Select Luke 23:23

24Då dømde Pilatus so at det skulde vera som dei kravde.Select Luke 23:24

25Han løyste den som sat fengsla for upprør og manndråp, den som dei bad um, men gav Jesus yver til deim, so dei kunde gjera med honom som dei vilde.Select Luke 23:25

26Då dei førde honom burt, tok dei fat på ein mann som kom frå marki; han heitte Simon, og var frå Kyrene; honom lagde dei krossen på, so han skulde bera honom etter Jesus.Select Luke 23:26

27Ein stor folkehop fylgde honom; bland deim var det mange kvinnor, som øya og gret for hans skuld.Select Luke 23:27

28Jesus snudde seg åt deim og sagde: «Jerusalems døtter, gråt ikkje yver meg! Gråt heller yver dykk sjølve og borni dykkar!Select Luke 23:28

29For det kjem dagar då dei skal segja: «Sæle dei som aldri bar barn under beltet! Sælt det livet som aldri hev født, og det brjostet som aldri hev fostra!»Select Luke 23:29

30Då kjem dei til å segja til fjelli: «Fall yver oss!» og til haugarne: «Gøym oss!»Select Luke 23:30

31For fer dei so med det grøne treet, korleis skal det då ganga med det turre?»Select Luke 23:31

32Tvo andre, tvo illgjerningsmenn, vart og førde av stad saman med honom og skulde lata livet.Select Luke 23:32

33Då dei kom til den staden som kallast Skallen, krossfeste dei honom der, og like eins illgjerningsmennerne, den eine på høgre og den andre på vinstre sida.Select Luke 23:33

34Men Jesus sagde: «Fader, forlat deim, for dei veit ikkje kva dei gjer!» So skifte dei klædi hans millom seg og drog strå um deim.Select Luke 23:34

35Folket stod og såg på; og rådsherrarne spotta og sagde: «Han hev hjelpt andre, no kann han hjelpa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde!»Select Luke 23:35

36Hermennerne gjorde narr av honom; dei gjekk fram og rette honom eddik og sagde:Select Luke 23:36

37«Er du kongen yver jødarne, so hjelp deg sjølv!»Select Luke 23:37

38Og uppyver honom var det ei innskrift: «Dette er kongen yver jødarne.»Select Luke 23:38

39Ein av illgjerningsmennerne som hekk der, hædde honom og sagde: «Er ’kje du Messias? - hjelp deg sjølv og oss!»Select Luke 23:39

40Då tok den andre til ords, og skjemde på honom og sagde: «Ottast ikkje du heller Gud, du som er under same domen?Select Luke 23:40

41Og det er me med rette; for me fær berre lika for det me hev gjort. Men han hev ikkje gjort noko urett.Select Luke 23:41

42Jesus,» sagde han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!»Select Luke 23:42

43«Det segjer eg deg for visst,» svara Jesus: «I dag skal du vera med meg i paradis.»Select Luke 23:43

44Det var no kring den sette timen; då vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen,Select Luke 23:44

45og soli svartna. Forhenget i templet rivna midt i tvo.Select Luke 23:45

46Og Jesus ropa med høg røyst: «Fader, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, andast han.Select Luke 23:46

47Då hovudsmannen såg det som hende, lova han Gud og sagde: «Den mannen var sanneleg skuldlaus!»Select Luke 23:47

48Og heile folkemengdi som hadde samla seg for å sjå på dette, øya seg og gjekk burt att då dei såg kva som hende.Select Luke 23:48

49Men alle venerne hans, og dei kvinnorne som hadde fylgt honom frå Galilæa, stod langt undan og såg på.Select Luke 23:49

50Det var ein mann som heitte Josef, ein god og rettvis mann; han høyrde til det Høge Rådet,Select Luke 23:50

51men hadde ikkje vore med på rådi og gjerningarne deira; han åtte heime i Arimatæa, ein by i Jødeland, og var ein av deim som venta på Guds rike -Select Luke 23:51

52den mannen gjekk til Pilatus og bad um likamen åt Jesus,Select Luke 23:52

53tok honom ned, sveipte honom i lin og lagde honom i ei grav som var hoggi i berget, og som det endå ikkje var lagd nokon i.Select Luke 23:53

54Det var då fyrebuingsdagen, og kviledagen var i kjømdi.Select Luke 23:54

55Nokre av dei kvinnorne som hadde vore med han frå Galilæa, fylgde etter; dei skoda gravi og såg korleis likamen hans vart lagd.Select Luke 23:55

56So gjekk dei heim att og laga til angande kryddor og salvar. Kviledagen heldt dei seg i ro etter lovi.Select Luke 23:56

Next: Luke 24Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.