Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 6

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Den næstfyrste kviledagen bar det so til at han gjekk gjenom ein åker, og læresveinarne hans reiv av aks og gnudde deim millom henderne og åt.Select Luke 6:1

2Då sagde nokre av farisæarane: «Kvi gjer de slikt som ingen hev lov til å gjera på kviledagen?»Select Luke 6:2

3Men Jesus tok til ords og sagde til deim: «Hev de då ’kje lese kva David gjorde då han og mennerne hans var svoltne?Select Luke 6:3

4korleis han gjekk inn i Guds hus og tok skodebrødi og åt, og gav mennerne sine! Og dei brødi hev ingen lov til å eta utan berre prestarne.»Select Luke 6:4

5So sagde han til deim: «Menneskjesonen råder yver kviledagen og.»Select Luke 6:5

6Ein annan kviledag bar det so til at han gjekk inn i synagoga og lærde. Der var det ein mann som den høgre handi hans var nomi,Select Luke 6:6

7og dei skriftlærde og farisæarane gjætte på honom, um han vilde lækja på kviledagen, so dei kunde finna noko å klaga honom for.Select Luke 6:7

8Men han kjende tankarne deira, og sagde til mannen som hadde den nomne handi: «Reis deg upp, og kom fram!» Då reiste han seg upp og gjekk fram,Select Luke 6:8

9og Jesus sagde til deim: «Eg spør dykk: Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?»Select Luke 6:9

10So såg han rundt ikring på deim alle og sagde til mannen: «Rett fram handi di!» Han so gjorde, og handi hans vart god att.Select Luke 6:10

11Men dei vart so vonde at dei var reint frå vitet, og tala med kvarandre um kva dei skulde gjera med Jesus.Select Luke 6:11

12I dei dagarne hende det, at han gjekk upp i fjellet og vilde beda, og han var der heile natti i bøn til Gud.Select Luke 6:12

13Då det vart dag, kalla han til seg læresveinarne sine og valde ut tolv; deim kalla han apostlar.Select Luke 6:13

14Det var Simon - honom kalla han og Peter - og Andreas, bror hans, og Jakob, og Johannes, og Filip, og Bartolomæus,Select Luke 6:14

15og Mattæus, og Tomas, og Jakob, son åt Alfæus, og Simon, som dei kalla Zelotes,Select Luke 6:15

16og Judas, son åt Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.Select Luke 6:16

17So gjekk han nedyver i lag med deim, og vart standande på ei sletta. Der var ein heil flokk av læresveinarne hans, og ei stor mengd med folk frå heile Jødeland og Jerusalem og frå sjøbygderne ved Tyrus og Sidon,Select Luke 6:17

18som var komne for å høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine. Då vart dei gode att dei som var plåga av ureine ånder;Select Luke 6:18

19og alt folket freista å koma nær honom, for det gjekk ei kraft ut ifrå honom og lækte alle.Select Luke 6:19

20Då lyfte han upp augo og såg på læresveinarne sine og sagde: «Sæle de som fatige er! Guds rike er dykkar!Select Luke 6:20

21Sæle de som no svelt! De skal mettast! Sæle de som no græt! De skal koma til å læ!Select Luke 6:21

22Sæle er de når folk hatar dykk, og når dei stengjer dykk ute og spottar dykk, og bannlyser namnet dykkar som noko vondt for Menneskjesonen skuld.Select Luke 6:22

23Den dagen må de gleda dykk, ja, de må hoppa av gleda; stor er løni som ventar dykk i himmelen; for på same vis for federne deira åt mot profetarne.Select Luke 6:23

24Men ve yver dykk, de som rike er! De hev alt fenge hugnaden dykkar!Select Luke 6:24

25Ve yver dykk, de som no er mette! De skal koma til å svelta! Ve yver dykk som no lær! De skal syrgja og gråta!Select Luke 6:25

26Ve, når alle folk talar vel um dykk! For på same vis for federne deira åt med dei falske profetarne.Select Luke 6:26

27Men åt dykk segjer eg, de som høyrer: «Elska fiendarne dykkar! Gjer vel mot deim som hatar dykk!Select Luke 6:27

28Velsigna deim som bannar dykk! Bed for deim som talar ille um dykk!Select Luke 6:28

29Slær nokon deg på den eine kinni, so bjod den andre og fram! Tek nokon kjolen din frå deg, so neitta honom ikkje trøya heller!Select Luke 6:29

30Gjev kvar som bed deg, og tek nokon det som ditt er, so krev det ikkje att!Select Luke 6:30

31Gjer mot anna folk som de vil at dei skal gjera mot dykk!Select Luke 6:31

32Um de elskar deim som elskar dykk, kva er det å takka dykk for? syndarane elskar då og deim som deim elskar.Select Luke 6:32

33Og um de gjer vel mot deim som gjer vel mot dykk, kva er det å takka dykk for? so gjer syndarane og.Select Luke 6:33

34Og um de låner til deim som de ventar å få att av, kva er det å takka dykk for? syndarane låner og til syndarar på den måten at dei skal få like mykje att.Select Luke 6:34

35Nei, elska fiendarne dykkar, gjer vel og lån burt, og venta ikkje å få noko att! Då skal løni de fær vera stor, og de skal vera borni åt den Høgste; for han er god mot dei utakksame og vonde.Select Luke 6:35

36Ver miskunnsame, som Far dykkar er!Select Luke 6:36

37Døm ikkje, so skal de ikkje dømast! Fordøm ingen, so skal ingen fordøma dykk! Tilgjev, so skal de få tilgjeving!Select Luke 6:37

38Gjev, so skal dei gjeva dykk! Eit godt, stappa, sikka og yverfullt mål skal dei gjeva dykk i fanget. For det målet de mæler med, skal dei mæla att åt dykk med.»»Select Luke 6:38

39Han sagde deim og ei likning: «Kann ein blind leida ein blind? kjem dei ’kje båe til å falla i grefti?Select Luke 6:39

40Læresveinen er ikkje yver meisteren; men er han heilt utlært, so vert han lik meisteren sin.Select Luke 6:40

41Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?Select Luke 6:41

42Korleis kann du segja med bror din: «Bror, lat meg taka ut flisi som sit i auga ditt!» du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Hyklar! Tak fyrst bjelken ut or ditt auga, då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din.Select Luke 6:42

43For det finst ikkje noko godt tre som ber låk frukt, ikkje heller noko låkt tre som ber god frukt;Select Luke 6:43

44for treet kjenner me på den frukti det ber; ingen kann sanka fikor av tistlar eller plukka druvor av klunger.Select Luke 6:44

45Ein god mann ber fram berre godt av det gode han gøymer i hjarta sitt, og ein vond mann ber fram berre vondt av det vonde han gøymer på. For frå munnen hans kjem det som hjarta er fullt av.Select Luke 6:45

46Men kvi kallar de meg «Herre, Herre,» og gjer ikkje det som eg segjer?Select Luke 6:46

47Eg skal syna dykk kven han er lik, den som kjem til meg og høyrer ordi mine, og gjer etter deim:Select Luke 6:47

48han er lik ein mann som vilde byggja seg eit hus, og som grov djupt i tufti og lagde grunnsteinarne på berget. Då det so kom ein flaum, og straumen braut imot huset, vann han ikkje å rikka det, av di det var godt bygt.Select Luke 6:48

49Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det han høyrer, han er lik ein mann som bygde seg eit hus på berre marki, forutan grunnsteinar. Då so straumen braut imot huset, datt det i hop med ein gong, og det vart eit stort fall då det huset datt.»Select Luke 6:49

Next: Luke 7Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.