Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 7

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So tala Jesus, og folket lydde på honom; då han hadde tala til endes, gjekk han inn i Kapernaum.Select Luke 7:1

2Ein hovudsmann hadde ein dreng som låg so sjuk at det leid åt med honom, og den drengen heldt han svært gjæv.Select Luke 7:2

3Han hadde høyrt um Jesus, og no sende han nokre av rådsmennerne åt jødarne til honom, og bad at vilde koma og berga livet åt drengen.Select Luke 7:3

4Då dei kom til Jesus, bad dei honom so mykje at han skulde gjera det. «Han er verd at du gjer dette for honom,» sagde dei;Select Luke 7:4

5«for han elskar folket vårt, og det er han som hev bygt synagoga åt oss.»Select Luke 7:5

6Jesus gjekk med deim; men då han ikkje hadde langt att til huset, sende hovudsmannen nokre vener til honom med det bodet: «Herre, du skal ’kje umaka deg! Eg er for ring til at du skulde stiga inn under taket mitt;Select Luke 7:6

7difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so guten min vert god att!Select Luke 7:7

8For eg er og ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer det!» so gjer han det.»Select Luke 7:8

9Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg, og sagde til folket som fylgde honom: «Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.»Select Luke 7:9

10Då dei som hovudsmannen hadde sendt, kom attende til huset hans, fekk dei sjå at drengen var god att.Select Luke 7:10

11Snart etter bar det so til at Jesus for til ein by som heiter Nain, og læresveinarne hans og ein stor folkehop var med honom.Select Luke 7:11

12Då han kom nær innåt byporten, såg han at liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne.Select Luke 7:12

13Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sagde til henne: «Gråt ikkje!»Select Luke 7:13

14Han gjekk innåt og tok i båri, og dei som bar, stana. So sagde han: «Unge mann, eg segjer deg: Statt upp!»Select Luke 7:14

15Og med ein gong reiste den daude seg upp og tok til å tala, og han gav honom åt mori.Select Luke 7:15

16Då vart alle tekne av otte; dei lova Gud og sagde: «Ein stor profet hev stade fram millom oss!» og: «Gud hev vitja sitt folk!»Select Luke 7:16

17Og det ordet um honom kom ut yver heile Jødeland og bygderne ikring.Select Luke 7:17

18Alt dette fekk Johannes bod um av læresveinarne sine. Då kalla han tvo av deim til seg,Select Luke 7:18

19og sende deim til Herren med dei ordi: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»Select Luke 7:19

20Då mennerne kom til Jesus, sagde dei: «Johannes, døyparen, sender oss til deg og spør: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»»Select Luke 7:20

21I same bilet lækte han mange for sjukdomar og plågor og vonde ånder, og mange blinde gav han syni;Select Luke 7:21

22so svara han deim: «Gakk og ber bod til Johannes um det de hev set og høyrt: Blinde fær att syni si, halte gjeng ikring, spilte vert reine, dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra fagnadbodet;Select Luke 7:22

23og sæl er den som ikkje styggjest ved meg!»Select Luke 7:23

24Då ærendsveinarne åt Johannes var gjengne, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå på ei røyr som svagar att og fram i vinden?Select Luke 7:24

25Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann som er klædd i fine klæde? Nei, dei som er gildt klædde og liver sine dagar i ovlivnad, dei held til i kongeslotti.Select Luke 7:25

26Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet.Select Luke 7:26

27Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.»Select Luke 7:27

28Eg segjer dykk: Det finst ingen større profet millom menneskjeborni enn Johannes; og endå er den minste i Guds rike større enn han.Select Luke 7:28

29Og alt folket som høyrde honom, tollmennerne med, gav Gud rett og tok imot dåpen åt Johannes;Select Luke 7:29

30men farisæarane og dei lovkunnige gjorde Guds råd til inkjes for seg, og tok ikkje imot dåpen hans.Select Luke 7:30

31Kven skal eg då likna folki i denne mannsalderen med? kven er det dei likjest?Select Luke 7:31

32Dei likjest borni som sit på torget og ropar til kvarandre: «Me let i fløyta åt dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de gret ikkje.»Select Luke 7:32

33For Johannes døyparen er komen; han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og so segjer de: «Han er forgjord!»Select Luke 7:33

34Menneskjesonen er komen; han et og drikk, og so segjer de: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!»Select Luke 7:34

35Men at visdomen hev rett, det hev alle sveinarne hans sanna.»Select Luke 7:35

36Ein av farisæarane bad honom eta hjå seg, og Jesus gjekk heim til honom og sette seg til bords.Select Luke 7:36

37No var det der i byen ei kvinna som hadde livt eit syndefullt liv; då ho fekk vita at han sat til bords hjå farisæaren, kom ho med ei alabaster-krukka full av myrrasalveSelect Luke 7:37

38og sette seg gråtande nedmed føterne hans; so tok ho til å væta føterne hans med tårorne sine, og turka deim med håret sitt; og ho kysste føterne hans og smurde deim med myrrasalven.Select Luke 7:38

39Då farisæaren som hadde bede honom til seg såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, so visste han kva det er for ei kvinna som tek i honom, og kva slag menneskje ho er, at ho er ei syndefull kvinna.»Select Luke 7:39

40Då tok Jesus til ords og sagde til honom: «Simon, det er noko eg vil segja deg!» - «Tala, meister!» sagde han.Select Luke 7:40

41«Det var tvo som stod i skuld til ein utlånar; den eine var skuldig hundrad dalar, den andre ti.Select Luke 7:41

42Men dei hadde ikkje noko å greida for seg med, og so ettergav han deim båe skuldi. Kven av deim vil no elska honom mest?»Select Luke 7:42

43«Eg tenkjer, den som han ettergav mest,» svara Simon. «Du dømde rett,» sagde Jesus.Select Luke 7:43

44So snudde han seg mot kvinna og sagde til Simon: «Du ser denne kvinna! Eg kom inn i ditt hus - du gav meg ikkje vatn til føterne mine, men ho vætte føterne mine med tåror, og turka deim med håret sitt;Select Luke 7:44

45du gav meg ingen kyss, men ho hev halde ved og kysst føterne mine frå den stund eg kom inn;Select Luke 7:45

46du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føterne mine med myrrasalve.Select Luke 7:46

47For den skuld segjer eg deg: Tilgjevne er dei mange synderne hennar; difor er det ho elskar so mykje; men den som lite vert tilgjeve, elskar lite.»Select Luke 7:47

48So sagde han til henne: «Tilgjevne er synderne dine!»Select Luke 7:48

49Dei som sat med til bords, tok til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?»Select Luke 7:49

50Men han sagde til kvinna: «Trui di hev frelst deg! Gakk heim, og liv sæl.»Select Luke 7:50

Next: Luke 8Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.