Luke 8
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1I den tidi som no fylgde på, for han kring i landet, frå by til by og frå grend til grend, og tala for folket og bar ut fagnadbodet um Gudsriket. Dei tolv var med honom,Select Luke 8:1
2og like eins nokre kvinnor som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar; det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju djevlar hadde fare utor,Select Luke 8:2
3og Johanna, kona åt Kuzas, ein av futarne åt Herodes, og Susanna, og mange andre, som var deim til hjelp med det dei hadde.Select Luke 8:3
4Som det no samla seg mykje folk, og dei kom til honom frå byarne rundt ikring, sagde han i ei likning:Select Luke 8:4
5«Ein såmann gjekk ut og skulde så sædet sitt. Og då han sådde, fall noko frammed vegen og vart nedtrakka, og fuglarne i lufti åt det upp.Select Luke 8:5
6Sumt fall på berg, og då det voks upp, skein det burt, av di det ikkje hadde væta.Select Luke 8:6
7Sumt fall millom klunger, og klungeren voks med og kjøvde det.Select Luke 8:7
8Sumt fall i god jord, og då det voks upp, gav det grøda i hundrad foll.» Som han sagde det, ropa han: «Høyr etter, kvar som høyra kann!»Select Luke 8:8
9Læresveinarne spurde honom kva den likningi skulde tyda.Select Luke 8:9
10Då sagde han: «De fer vita løyndomarne i Guds rike, men dei andre fær høyra deim i likningar, so um dei ser, skal dei ’kje sjå, og um dei høyrer, skal dei ikkje håtta.Select Luke 8:10
11Men likningi er so å tyda: Sædet er Guds ord.Select Luke 8:11
12Dei frammed vegen er dei som høyrer ordet; so kjem djevelen og tek det burt or hjarta deira, so dei ikkje skal tru og verta frelste.Select Luke 8:12
13Dei på berget er dei som tek imot ordet med gleda når dei høyrer det; men dei hev ikkje rot; dei trur for eit bil, men i freistingsstundi fell dei frå.Select Luke 8:13
14Det som fall millom klungeren, det er dei som høyrer det, men so gjeng burt og vert kjøvde i suter og rikdom og verdsleg lyst, so dei ikkje ber fullmogi grøda.Select Luke 8:14
15Men det i den gode jordi, det er dei som høyrer ordet og gøymer det i eit vænt og godt hjarta, og ber grøda i tolmod.Select Luke 8:15
16Ingen kveikjer eit ljos og gøymer det under eit kjer eller set det under ei seng; alle set det i ein stake, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.Select Luke 8:16
17For det finst ingen ting som er løynt og ikkje ein gong vert berrsynt, og ingen ting som er dult og ikkje ein gong vert kunnigt og kjem fram i dagen.Select Luke 8:17
18Sjå då til korleis de høyrer! For den som hev, han skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han tykkjest hava.»Select Luke 8:18
19Mor hans og brørne hans kom ein gong og vilde finna honom, men kunde ikkje koma innåt honom for folkestimen.Select Luke 8:19
20Då fekk han det bodet: «Mor di og brørne dine stend utanfor og vil sjå deg.»Select Luke 8:20
21Han svara: «Mor mi og brørne mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»Select Luke 8:21
22Ein dag bar det so til at han steig ut i ein båt. Læresveinarne var med, og han sagde til deim: «Lat oss fara yver til hi sida av vatnet!» So lagde dei utpå,Select Luke 8:22
23og med dei siglde, sovna han. Og det for ein kvervelvind ned på vatnet, so båten gjekk full, og dei var i fåre.Select Luke 8:23
24Då gjekk dei burt til honom og vekte honom og sagde: «Meister, meister, me gjeng under!» Jesus reis upp og aga vinden og bårorne, so dei lagde seg, og det vart blikende stilt.Select Luke 8:24
25So sagde han til deim: «Kvar er trui dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring, og sagde seg imillom: «Kven tru han er, denne mannen som jamvel vindarne og vatnet lyder når han talar til deim?»Select Luke 8:25
26So sigla dei fram til Gerasenar-bygdi, som ligg midt imot Galilæa.Select Luke 8:26
27Då han steig i land, kom ein mann frå byen imot honom. Mannen var forgjord; det var vonde ånder i honom. Han hadde ikkje på lenge havt klæde på seg, og bia ikkje i hus, men heldt seg i gravholorne.Select Luke 8:27
28Då han såg Jesus, sette han i og hua; so kasta han seg ned for føterne hans og sagde med høg røyst: «Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? Eg bed deg at du ikkje vil pina meg!»Select Luke 8:28
29For Jesus sagde til den ureine åndi at ho skulde fara ut or mannen; for ho hadde gripe honom mange vendor - då batt dei honom med lekkjor og fotjarn, og heldt vakt yver honom; men han reiv sund bandi, og den vonde åndi dreiv honom ut i øydemarkerne -.Select Luke 8:29
30«Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion,» svara han; for det hadde fare mange ånder i honom,Select Luke 8:30
31og dei bad at han ikkje vilde lata deim fara ned i avgrunnen.Select Luke 8:31
32No var det der ein stor flokk med svin som gjekk og beitte i fjellet; so bad ånderne at han vilde gjeva deim lov til å fara inn i svini, og det gav han deim lov til.Select Luke 8:32
33Då for dei ut or mannen, og for i svini; og heile flokken sette utyver stupet ned i vatnet og druknast.Select Luke 8:33
34Då gjætarane såg kva som hende, rømde dei, og sagde frå um det i byen og på gardarne.Select Luke 8:34
35Då gjekk folk ut og vilde sjå kva som hendt var. Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå at mannen som dei vonde ånderne hadde fare ut or, sat klædd nedmed føterne hans, og var med sitt fulle vit. Då vart dei forfærde;Select Luke 8:35
36og då dei som hadde set det, fortalde korleis den forgjorde hadde vorte berga,Select Luke 8:36
37kom heile ålmugen frå bygderne der ikring, Gerasenar-bygderne, og bad at han vilde fara burt ifrå deim; for dei var so tekne av otte. So gjekk han i båten og for attende.Select Luke 8:37
38Mannen som ånderne hadde fare ut or, bad um han måtte vera hjå honom; men Jesus sende honom frå seg og sagde:Select Luke 8:38
39«Gakk heim att, og fortel kor mykje Gud hev gjort for deg.» So gjekk mannen og tala kring i heile byen um alt det Jesus hadde gjort for honom.Select Luke 8:39
40Då Jesus kom att, bad folket honom vera velkomen; for alle venta på honom.Select Luke 8:40
41Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus, og var forstandar for synagoga; han kasta seg ned for Jesu føter og bad honom koma heim til seg;Select Luke 8:41
42for han hadde ei dotter som var um lag tolv år; ho var einaste barnet hans, og no låg ho og drogst med dauden. Som no Jesus gjekk i veg, trengde folket seg um honom på alle kanter.Select Luke 8:42
43Millom deim var det ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år; ho hadde øydt heile midelen sin på lækjarar, men ingen hadde vore god til å gjera henne frisk;Select Luke 8:43
44ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans, og med ein gong stana blodflodi.Select Luke 8:44
45«Kven var det som tok i meg?» spurde Jesus. Alle neitta, og Peter og felagarne hans sagde: «Meister, det er folket som trykkjer og trengjer deg!»Select Luke 8:45
46«Det var ein som tok i meg,» sagde Jesus; «for eg kjende at det for ei kraft ut ifrå meg.»Select Luke 8:46
47Då kvinna såg at det ikkje var dult det ho hadde gjort, kom ho skjelvande og kasta seg ned for honom og fortalde, so heile folket høyrde det, kvifor ho hadde teke i honom, og korleis ho hadde vorte god att med ein einaste gong.Select Luke 8:47
48Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim, og liv sæl!»Select Luke 8:48
49Fyrr han hadde tala ut, kjem det ein frå heimen åt synagoge-forstandaren og segjer: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!»Select Luke 8:49
50Då Jesus høyrde det, tok han til ords og sagde til honom: «Ottast ikkje! Berre tru, so skal ho verta berga!»Select Luke 8:50
51Då han so kom til huset, let han ingen få ganga inn med seg utan Peter og Johannes og Jakob og far og mor åt barnet.Select Luke 8:51
52Alle gret og jamra yver henne; men han sagde: «Gråt ikkje! Ho hev ikkje slokna; ho søv.»Select Luke 8:52
53Men dei berre log åt honom; for dei visste at ho var slokna.Select Luke 8:53
54So tok han henne i handi og ropa: «Ris upp, barn!»Select Luke 8:54
55Då kom åndi hennar att, og ho reis upp med ein gong; og han sagde med deim at dei skulde gjeva henne mat.Select Luke 8:55
56Foreldri hennar var reint frå seg av gleda. Men han forbaud deim å tala til nokon um det som var hendt.Select Luke 8:56
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation