Skip to content
Church.wiki
Nehemiah

Nehemiah 12

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Dette er dei prestarne og levitarne som for heim med Zerubbabel Sealtielsson og Jesua: Seraja, Jirmeja, Ezra,Select Nehemiah 12:1

2Amarja, Malluk, Hattus,Select Nehemiah 12:2

3Sekanja, Rehum, Meremot,Select Nehemiah 12:3

4Iddo, Ginnetoi, Abia,Select Nehemiah 12:4

5Mijjamin, Ma’adja, Bilga,Select Nehemiah 12:5

6Semaja, Jojarib, Jedaja,Select Nehemiah 12:6

7Sallu, Amok, Hilkia og Jedaja. Dette var hovdingarne for prestarne og for brørne sine på Jesuas tid.Select Nehemiah 12:7

8Og levitarne var: Jesua, Binnui, Kadmiel, Serebja, Juda, Mattanja, som saman med brørne sine styrde med lovsongen,Select Nehemiah 12:8

9medan Bakbukja og Unno, brørne deira, stod midt fyre deim etter vaktskift.Select Nehemiah 12:9

10Jesua fekk sonen Jojakim, Jojakim fekk sonen Eljasib, og Eljasib Jojada.Select Nehemiah 12:10

11Jojada fekk sonen Jonatan, og Jonatan Jaddua.Select Nehemiah 12:11

12På Jojakims tid var desse hovdingar for preste-ættarne: For Seraja Meraja, for Jeremia Hananja,Select Nehemiah 12:12

13for Ezra Mesullam, for Amarja Johanan,Select Nehemiah 12:13

14for Meluki Jonatan, for Sebanja Josef,Select Nehemiah 12:14

15for Harim Adna, for Merajot Helkai,Select Nehemiah 12:15

16for Iddo Zakarja, for Ginneton Mesullam,Select Nehemiah 12:16

17for Abia Zikri, for Minjamin, for Moadja Piltai,Select Nehemiah 12:17

18for Bilga Sammua, for Semaja Jonatan,Select Nehemiah 12:18

19for Jojarib Mattenai, for Jedaja Uzzi,Select Nehemiah 12:19

20for Sallai Kallai, for Amok Eber,Select Nehemiah 12:20

21for Hilkia Hasabja, for Jedaja Netanel.Select Nehemiah 12:21

22I Eljasibs, i Jojada og Johanan og Jaddua si tid, vart hovdingarne for levitættgreinerne uppskrivne; like eins prestarne i styringstidi åt persaren Darius.Select Nehemiah 12:22

23Levi-sønerne, ættarhovdingarne, er uppskrivne i krønikeboki heilt fram til dagarne hans Johanan Eljasibsson.Select Nehemiah 12:23

24Levithovdingarne var: Hasabja, Serebja og Jesua Kadmielsson og brørne deira, som stod midt imot deim og song lovsongen og takkesongen, etter som gudsmannen David hadde bode, ein songarflokk attmed hin.Select Nehemiah 12:24

25Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesullam, Talmon og Akkub var portvaktarar og heldt vakt ved upplagsromi ved portarne.Select Nehemiah 12:25

26Dette var ættarhovdingarne i dagarne hans Jojakim, son åt Jesua Josadaksson, og i jarlen Nehemia og den skriftlærde presten Ezra si tid.Select Nehemiah 12:26

27Då muren kring Jerusalem skulde verta vigd, henta dei levitarne frå alle bustaderne deira og førde deim til Jerusalem, til å halda vigsla og gledehøgtid med lov og song, med cymblar og harpor og cithrar.Select Nehemiah 12:27

28Då samla songar-sønerne seg frå kverven kring Jerusalem og frå netofatitgardarne,Select Nehemiah 12:28

29frå Bet-Haggilgal og frå landet kring Geba og Azmavet; songarane hadde bygt seg gardar rundt ikring Jerusalem.Select Nehemiah 12:29

30Prestarne og levitarne reinsa seg, og dei reinsa folket og portarne og muren.Select Nehemiah 12:30

31Eg let hovdingarne i Juda stiga upp på muren. So skipa eg tvo store songkorar og festferder. Den eine gjekk til høgre uppå muren fram mot Møkporten.Select Nehemiah 12:31

32Etter dei gjekk Hosaja og den eine helvti av Juda-hovdingarne,Select Nehemiah 12:32

33og so Azarja, Ezra, Mesullam,Select Nehemiah 12:33

34Juda, Benjamin, Semaja og Jeremia,Select Nehemiah 12:34

35like eins nokre av prestesønerne med lurar; dinæst Zakarja, son åt Jonatan, son åt Semaja, son åt Mattanja, son åt Mikaja, son åt Zakkur, son åt Asaf,Select Nehemiah 12:35

36og so brørne hans: Semaja, Azarel, Milalai, Gilalai, Ma’ai, Netanel, Juda, og Hanani med spelgognerne åt gudsmannen David. Den skriftlærde Ezra gjekk fyre deim.Select Nehemiah 12:36

37Dei gjekk yver Kjeldeporten og beint upp tropperne til Davidsbyen, der ein stig upp på muren ovanfor Davidshuset, heilt fram til Vatsporten i aust.Select Nehemiah 12:37

38Den andre songkoren gjekk til vinstre, og der fylgde eg og den andre helvti av folket uppå muren, yver Omnstårnet burt til den breide muren,Select Nehemiah 12:38

39yver Efraimsporten, Gamleporten og Fiskeporten, gjenom Hananeltårnet og Hammeatårnet, heilt fram til Saueporten. Dei stana ved Fengselsporten.Select Nehemiah 12:39

40So stelte dei seg upp i Guds hus båe songkorarne; like eins eg og helvti av formennerne med meg,Select Nehemiah 12:40

41og prestarne Eljakim, Ma’aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Zakarja og Hananja med lurar,Select Nehemiah 12:41

42og Ma’aseja, Semaja, Eleazar, Uzzi, Johanan, Malkia, Elam og Ezer. Og songarane let songen ljoma, og føraren deira var Jizrahja.Select Nehemiah 12:42

43Dei ofra den dagen store offer og gledde seg; for Gud hadde kveikt gleda hjå folket; ogso kvinnorne og borni gledde seg. Og gleda frå Jerusalem høyrdest langan leid.Select Nehemiah 12:43

44Samstundes vart det uppnemt menner til å hava tilsyn med upplagsromi for reidorne, fyrstegrøda og tiendi, til å gøyma der det som lovi heimla prestarne og levitarne frå bymarkerne. Dei var fegne i Juda for at prestarne og levitarne gjorde tenesta.Select Nehemiah 12:44

45Og dei tok vare på det som var til å taka vare på ved gudstenesta og reinsingarne. Like eins gjorde songarane og portvaktarane sine tenestor, soleis som David og Salomo, son hans, hadde bode;Select Nehemiah 12:45

46for alt i gamall tid, i Davids dagar, og songarhovdingen Asafs dagar, ljoda lovsongar og takkesongar til Gud.Select Nehemiah 12:46

47Og i Zerubbabels og Nehemias dagar gav heile Israel songarane og portvaktarane dei reidorne dei skulde hava frå dag til annan. Levitarne fekk sine heilage gåvor, og dei reidde ut heilage gåvor til Arons-sønerne.Select Nehemiah 12:47

Next: Nehemiah 13Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Nehemiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.