Skip to content
Church.wiki
Daniel

Daniel 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1I det tridje styringsåret åt Jojakim, kongen i Juda, kom Nebukadnessar, kongen i Babel, til Jerusalem og kringsette byen.Select Daniel 1:1

2Og Herren gav Juda-kongen Jojakim i hans vald, og likeins sume av kjeraldi i Guds hus; han førde deim til Sinearlandet, til gudshuset sitt. Og kjeraldi flutte han inn i skattkammeret åt guden sin.Select Daniel 1:2

3Og kongen baud Aspenaz, den øvste hirdmannen sin, at han av Israel skulde velja ut nokre sveinar, av kongsætt og av adelsætt,Select Daniel 1:3

4sveinar som var lytelause og fagre å sjå til og vituge til å leggja seg etter alt slags visdom, evnerike og lærehuga ungsveinar, som kunde verta føre til å tena i kongsgarden; og han skulde gjeva deim upplæring i kaldæisk skrift og tungemål.Select Daniel 1:4

5Kongen etla til åt deim det dei skulde hava kvar dag av forkunnmaten åt kongen og av vinen som han drakk, og baud at dei skulde fostra deim upp i tri år; når den tidi var lidi, skulde dei få gjera tenesta hjå kongen.Select Daniel 1:5

6Millom deim var Daniel, Hananja, Misael og Azarja av Juda-sønerne.Select Daniel 1:6

7Men den øvste hirdmannen gav deim nye namn: Daniel kalla han Beltsassar, Hananja Sadrak, Misael Mesak og Azarja Abed-Nego.Select Daniel 1:7

8Men Daniel sette seg fyre at han ikkje vilde gjera seg urein med kongsmaten, eller med den vinen som han drakk; og han bad den øvste hirdmannen um å sleppa å gjera seg urein.Select Daniel 1:8

9Og Gud let Daniel finna nåde og miskunn hjå den øvste hirdmannen.Select Daniel 1:9

10Men den øvste hirdmannen sagde til Daniel: «Eg ottast at herren min, kongen, som hev teke avgjerd um maten og drykken dykkar, skal tykkja at de er meir skrinnleitte enn dei andre sveinarne på dykkar alder, og so kjem de til å føra skuld yver hovudet mitt hjå kongen.»Select Daniel 1:10

11Då sagde Daniel til hovmeisteren som den øvste hirdmannen hadde sett yver Daniel, Hananja, Misael og Azarja:Select Daniel 1:11

12«Gjer ein freistnad med tenarane dine i ti dagar, og gjev oss grønt å eta og vatn å drikka.Select Daniel 1:12

13So kann du sidan likna vår utsjånad i hop med utsjånaden på dei som et av kongsmaten; og so kann du gjera med tenarane dine etter det du då ser.»Select Daniel 1:13

14Han laga seg etter deim i dette og gjorde ein freistnad med deim i ti dagar.Select Daniel 1:14

15Då dei ti dagarne var lidne røyndest det at dei var fagrare å sjå til og betre i hold enn alle dei sveinar som hadde ete av kongsmaten.Select Daniel 1:15

16Då let hovmeisteren deim sleppa den maten som kongen hadde etla åt deim, og den vinen som dei skulde ha drukke, og gav deim grønt.Select Daniel 1:16

17Til desse fire sveinarne gav no Gud kunnskap og vit på alt slag skrift og visdom; og Daniel skyna seg på alle syner og draumar.Select Daniel 1:17

18Og då den tidi kom då kongen hadde bode at dei skulde førast fram for honom, førde den øvste hirdmannen deim fram for Nebukadnessar.Select Daniel 1:18

19Og då kongen tala med deim, fanst det ingen millom deim alle som kunde mæla seg med Daniel, Hananja, Misael og Azarja; so vart dei då tenarar hjå kongen.Select Daniel 1:19

20Og stødt når kongen spurde deim til i ei sak som det skulde visdom til å skyna seg på, fann han at dei var ti gonger visare enn alle runemeistrar og manarar som fanst i heile hans rike.Select Daniel 1:20

21Og Daniel heldt fram soleis til det fyrste styringsåret åt kong Kyrus.Select Daniel 1:21

Next: Daniel 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Daniel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.