Skip to content
Church.wiki
Daniel

Daniel 10

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1I det tridje styringsåret åt persarkongen Kyrus fekk Daniel, som dei og kalla Beltsassar, ei openberring; den openberringi er sanning og spår mykje trengsla. Og han merkte openberringi og gav agt på syni.Select Daniel 10:1

2Eg, Daniel, hadde då gjenge og syrgt ei tri vikor.Select Daniel 10:2

3Eg åt ikkje noko slag forkunnmat, kjøt og vin kom ikkje i min munn, ikkje heller salva eg meg med olje, fyrr dei tri vikorne var avlidne.Select Daniel 10:3

4Den fire og tjugande dagen i fyrste månaden, då eg var ved strandi åt den store elvi Hiddekel,Select Daniel 10:4

5såg eg upp, og då fekk eg sjå ein mann som stod der klædd i linklæde og gyrd kring lenderne med eit belte av Ufaz-gull.Select Daniel 10:5

6Likamen hans var som krysolit, andlitet hans liktest ljoneld, augo hans var som eldslogar, armarne og føterne hans som skinande kopar; og ljomen av talen hans var som ein veldug dun.Select Daniel 10:6

7Og eg, Daniel, var den einaste som såg syni; dei mennerne som var med meg, dei såg ikkje syni; men ei stor rædsla kom yver deim, so dei flaug av og gøymde seg.Select Daniel 10:7

8So vart eg åleine etter, og då eg såg denne store syni, vart eg reint magtstolen; skifte liter i andlitet so eg vart nåbleik, og eg åtte ingi magt meir.Select Daniel 10:8

9Då høyrde eg ljomen av talen hans; og då eg høyrde ljomen av talen hans, seig eg i uvit å gruve med andlitet mot jordi.Select Daniel 10:9

10Sjå, då var det ei hand som tok i meg, so mykje eg skjelvande vann meg uppå kne og hender.Select Daniel 10:10

11Sidan sagde han til meg: «Daniel, du gjæve mann, gjev agt på dei ordi som eg vil tala til deg, og ris upp og statt; for no er eg send til deg.» Då han sagde dette til meg, reis eg skjelvande upp.Select Daniel 10:11

12Og han sagde til meg: «Ottast ikkje, Daniel, for alt frå den fyrste dagen då vende hjarta ditt til å vinna skyn og å audmykja deg for Gud, hev ordi dine vore høyrde; og for ordi dine skuld er eg komen no.Select Daniel 10:12

13Hovdingen yver persarriket stod meg imot i ein og tjuge dagar; men då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingarne, og hjelpte meg, medan eg fyrr hadde stade der åleine mot persarkongarne.Select Daniel 10:13

14Og no er eg komen og vil segja deg kva som skal hendast folket ditt i endetidi; for dette er og ei syn som sigtar på framtidi.»Select Daniel 10:14

15Medan han soleis tala til meg, vende eg andlitet mitt mot jordi og tagde.Select Daniel 10:15

16Men sjå, ein som var lik eit menneskje, tok på lipporne mine. Då let eg upp munnen min og tala og sagde til honom som stod framfyre meg: «Herre min, ved den syni eg hev set, hev det kome slik verk yver meg, at eg eig ingi magt meir.Select Daniel 10:16

17Kor skulde og tenaren til herren min, ein sovoren som eg, kunna tala med ein slik ein som herren min er? Og ingi magt er det i meg meir, eg evlar no ikkje å anda.»Select Daniel 10:17

18Han som såg ut som eit menneskje, tok då atter i meg og styrkte meg. Han sagde: «Ottast ikkje, du gjæve mann! Fred vere med deg! Ver sterk, ja, ver sterk!» Då han tala med meg soleis, kjende eg kor eg styrktest, og eg sagde: «Tala, herre min, for no hev du styrkt meg.»Select Daniel 10:18

19Då sagde han: «Kann du skyna kvifor eg er komen til deg? Men eg lyt straks venda attende og strida mot hovdingen yver Persia, og når eg dreg ut, kjem Javan-hovdingen.Select Daniel 10:19

20Like vel vil eg kunngjera deg kva som er skrive i sanningsboki. Og det er ikkje ein som hjelper meg mot desse utan Mikael, hovdingen dykkar.Select Daniel 10:20

Next: Daniel 11Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Daniel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.