Skip to content
Church.wiki
Daniel

Daniel 2

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1I det andre styringsåret åt Nebukadnessar hadde Nebukadnessar draumar som sette uro i hugen hans, so han ikkje fekk sova.Select Daniel 2:1

2Då let kongen senda bod etter runemeistrarne og manararne og trollmennerne og kaldæarane, og vilde at dei skulde fortelja kongen kva han hadde drøymt. Og dei kom og gjekk fram for kongen.Select Daniel 2:2

3Og kongen sagde til deim: «Eg hev havt ein draum, og hev slik uro i hugen etter å få vita kva eg hev drøymt.»Select Daniel 2:3

4Då tala kaldæarane til kongen på aramæisk: «Kongen live æveleg! Fortel tenarane dine draumen, so skal me segja deg kva han tyder.»Select Daniel 2:4

5Kongen svara kaldæarane: «Nei, min vilje stend uruggeleg fast, at dersom de ikkje segjer meg draumen og uttydingi på honom, so skal de verta hoggne i sund, og husi dykkar gjorde til sorphaugar.Select Daniel 2:5

6Men dersom de fortel meg draumen og uttydingi på honom, so skal de få rike gåvor og stor æra av meg. Seg meg difor draumen og uttydingi på honom!»Select Daniel 2:6

7Dei svara og sagde andre gongen: «Kongen må fortelja draumen til tenarane sine, so skal me segja kva han tyder.»Select Daniel 2:7

8Kongen svara og sagde: «Eg merkar grant at de vil vinna tid, sidan de ser at min vilje er uruggeleg.Select Daniel 2:8

9Dersom de ikkje segjer meg draumen, kann domen yver dykk ikkje verta anna enn ein. Ja, de er vorte samde um å fara med lygn og skjemdarsvall for meg, i von um at tiderne skal snu seg. Seg meg no difor kva eg hev drøymt, so skynar eg at de og kann uttydingi på det.»Select Daniel 2:9

10Då svara kaldæarane kongen og sagde: «Det finst ikkje eit menneskje på jordi som kann segja kongen det som han vil vita; aldri hev då heller nokon konge, kor stor og megtig han so hev vore, kravt noko slikt av nokon runemeister eller manar eller kaldæar.Select Daniel 2:10

11For det som kongen krev, er so altfor vandt, og det finst ingen som kann fortelja kongen det, utan gudarne, og dei bur ikkje millom døyelege menneskje.»Select Daniel 2:11

12Då vreidest kongen og harmast mykje, og baud at dei skulde tyna alle dei vise i Babel.Select Daniel 2:12

13Då so påbodet var utferda, og dei skulde drepa dei vise, leita dei og etter Daniel og fosterbrørne hans og vilde drepa deim.Select Daniel 2:13

14Daniel vende seg då med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen yver livvakti åt kongen, som hadde drege ut og skulde drepa dei vise i Babel.Select Daniel 2:14

15Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvi hev kongen ferda ut dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel kva som var tids.Select Daniel 2:15

16Og Daniel gjekk inn og bad kongen gjeva honom frest, so skulde han kunngjera kongen uttydingi.Select Daniel 2:16

17Sidan gjekk Daniel heim og fortalde Hananja, Misael og Azarja, fosterbrørne sine, kva som var tids,Select Daniel 2:17

18og han baud deim at dei skulde beda Gud i himmelen um miskunn, so at denne løyndomen måtte verta openberra, so ikkje Daniel og fosterbrørne hans skulde lata livet tilliks med dei andre vise i Babel.Select Daniel 2:18

19Då fekk Daniel vita løyndomen i ei syn um natti. Og Daniel lova Gud i himmelen for dette.Select Daniel 2:19

20Daniel tok til ords og sagde: «Lova vere Guds namn frå æva og til æva! For visdom og magt høyrer honom til!Select Daniel 2:20

21Han let tider og stunder verta umskifte, set kongar av og set kongar inn, han gjev dei vise visdom og dei vituge vit.Select Daniel 2:21

22Han openberrar det djupe og det dulde, han veit kva som i myrkret er, og hjå han bur ljoset.Select Daniel 2:22

23Deg, min fedregud, takkar og prisar eg for di du hev gjeve meg visdom og dugleik, og no hev kunngjort meg det me bad deg um. For det som kongen vilde vita, hev du kunngjort oss.Select Daniel 2:23

24Daniel gjekk so inn til Arjok, som av kongen hadde fenge påbod um å drepa dei vise i Babel; han gjekk av stad og sagde soleis til honom: «Dei vise i Babel må du ikkje tyna. Før meg inn til kongen, so skal eg kunngjera kongen uttydingi.»Select Daniel 2:24

25Då skunda Arjok seg og førde Daniel inn til kongen og sagde soleis til honom: Eg hev funne ein mann millom dei jødiske fangarne som kann segja kongen uttydingi.»Select Daniel 2:25

26Kongen svara og sagde til Daniel, som hadde fenge namnet Beltsassar: «Kann du segja meg den draumen eg hev havt, og uttydingi på honom?»Select Daniel 2:26

27Daniel svara kongen og sagde: «Den løyndomen som kongen hev hug til å vita, er det ingen vismann eller manar eller runemeister eller stjernetydar som kann kunngjera for kongen.Select Daniel 2:27

28Men det er ein Gud i himmelen, som openberrar løyndomar, og han hev late kong Nebukadnessar vita kva som skal henda i dagar som kjem. Dette var draumen din og den syni du hadde på lægjet ditt:Select Daniel 2:28

29Då du, konge, låg på lægjet ditt, steig det tankar upp hjå deg um kva som skal henda i framtidi. Og han som openberrar løyndomar, let deg vita kva som skal henda.Select Daniel 2:29

30Og for meg hev denne løyndomen vorte openberra, ikkje av di eg eig nokon visdom framfor alle andre som liver, men for at uttydingi kann verta kunngjord for kongen, so du kann få vita ditt hjartans tankar.Select Daniel 2:30

31Du, konge, såg i syni di ei stor bilætstytte standa framfyre deg, og den stytta var høg, og glansen hennar var overlag stor, ho var skræmeleg å sjå til.Select Daniel 2:31

32Hovudet på bilætet var av skirt gull, brjostet og armarne av sylv, buken og lenderne av kopar,Select Daniel 2:32

33leggjerne av jarn, føterne var noko av jarn og noko av leir.Select Daniel 2:33

34Medan du stod og såg på bilætet, vart det lausrive ein stein, men ikkje med mannehender, og den steinen råka bilætet på føterne, som var av jarn og leire, og krasa deim.Select Daniel 2:34

35Då vart det krasa alt på ein gong, jarnet, leiret, koparen, sylvet og gullet, og det vart som agner på ein treskjarvoll um sumaren, og vinden føykte det burt, so ein ingen stad kunna finna det att. Men av steinen som hadde råka bilætet, vart det eit stort fjell, som fylde upp heile jordi.Select Daniel 2:35

36Dette var draumen, og no vil me segja kongen uttydingi.Select Daniel 2:36

37Du, konge, kongen yver kongarne, som Gud i himmelen hev gjeve rike, velde, magt og æra,Select Daniel 2:37

38du, som hev gjeve mannsborni, dyri på marki og fuglarne under himmelen i henderne på, so langt som liv bur, og som han hev sett til herre yver det alt saman, du er dette gullhovudet.Select Daniel 2:38

39Men etter deg skal det koma upp eit anna rike, ringare enn ditt, og etter det endå eit rike, det tridje, som er av kopar, og det skal råda yver heile jordi.Select Daniel 2:39

40Det fjorde riket skal og koma upp og vera sterkt som jarn; for jarnet knusar og krasar alt, og som jarnet øyder alt anna, so skal og dette riket krasa og øyda.Select Daniel 2:40

41Men når du såg at føterne og tærne var noko av krusmakarleir og noko av jarn, so tyder det at det skal vera eit sundra rike: det skal hava noko av det faste jarnet, for du såg det var jarn blanda med leira.Select Daniel 2:41

42Og det at tærne på føterne var noko av jarn og noko av leir, det tyder at riket i sume måtar skal vera sterkt, i andre måtar veikt.Select Daniel 2:42

43Og at du såg jarnet var blanda med leir, det tyder at det fulle skal verta ei blanding ved menneskjesæde, men at luterne like vel ikkje skal halda i hop med kvarandre, like lite som jarn kann binda seg saman med leir.Select Daniel 2:43

44Men i dei dagarne dei kongarne liver, skal Gud i himmelen reisa eit rike som aldri i æva skal øydast, og magti yver det skal ikkje latast til noko anna folk. Det skal krasa og gjera ein ende på alle hine riki; men sjølv skal det æveleg standa;Select Daniel 2:44

45for du såg då at det vart lausrive ein stein or fjellet, men ikkje med mannehender, og krasa jarnet, koparen, leiret, sylvet og gullet. So hev den store Gud openberra for kongen kva som skal henda i framtidi. Draumen er sann og uttydinga sætande.»Select Daniel 2:45

46Då kasta kong Nebukadnessar seg å gruve og tilbad framfor Daniel, og han baud at dei skulde ofra grjonoffer og røykjelse til honom.Select Daniel 2:46

47Og kongen svara Daniel og sagde: «I sanning, dykkar Gud er Gud yver gudar og herre yver kongar og ein som openberrar løynde ting, sidan du hev kunna openberra denne løyndomen.»Select Daniel 2:47

48Etter dette gjorde kongen Daniel til ein stor mann, og gav honom mange dyre gåvor og sette honom til herre yver alt Babelsfylket, og til forstandar for alle dei vise i Babel.Select Daniel 2:48

49Og Daniel bad kongen, og han sette Sadrak og Mesak og Abed-Nego til å styra Babelsfylket, men Daniel sjølv stana i kongsgarden.Select Daniel 2:49

Next: Daniel 3Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Daniel

Selected verses

Tap another verse to select a range.