1 Thessalonians 4
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Elles no, brør, bed og påminner me dykk i Herren Jesus, at liksom de hev lært av oss korleis de skal ferdast og tekkjast Gud, som de og gjer, so må de alt meir fremdast deri.Select 1 Thessalonians 4:1
2For de veit kva bod me gav dykk ved Herren Jesus.Select 1 Thessalonians 4:2
3Dette er Guds vilje, dykkar helging: at de skal halda dykk frå utukt;Select 1 Thessalonians 4:3
4at kvar og ein av dykk veit å vinna seg sin eigen make i helging og æra,Select 1 Thessalonians 4:4
5ikkje med ovhug i lyst, so som heidningarne som ikkje kjenner Gud;Select 1 Thessalonians 4:5
6at ingen skal gjera bror sin uskil eller svik i det som han hev å gjera med honom; for Herren er hemnar for alt slikt, som me og fyrr hev sagt og vitna for dykk.Select 1 Thessalonians 4:6
7For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til helging.Select 1 Thessalonians 4:7
8Den som då mismæter dette, han mismæter ikkje eit menneskje, men Gud, som og gjev sin Heilage Ande i dykk.Select 1 Thessalonians 4:8
9Men um broderkjærleiken treng de ikkje til at nokon skriv til dykk; for de er sjølve lærde av Gud til å elska kvarandre;Select 1 Thessalonians 4:9
10for de gjer det og mot alle brørne i heile Makedonia. Men me legg dykk på hjarta, brør, at de alt meir må fremdast deriSelect 1 Thessalonians 4:10
11og setja dykkar æra i å liva stilt og taka vare på dykkar eigne saker og arbeida med henderne, som me hev bode dykk,Select 1 Thessalonians 4:11
12so de må ferdast sømeleg med deim som er utanfor, og ikkje trenga til nokon.Select 1 Thessalonians 4:12
13Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um deim som er avsovna, so de ikkje skal syrgja liksom dei andre, som ikkje hev nokor von.Select 1 Thessalonians 4:13
14So sant som me trur at Jesus døydde og stod upp, so skal og Gud ved Jesus føra deim som er avsovna saman med honom.Select 1 Thessalonians 4:14
15For dette segjer me dykk med eit ord av Herren, at me som liver, som vert att til dess Herren kjem, ikkje skal koma i fyrevegen for deim som er avsovna;Select 1 Thessalonians 4:15
16for Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med bjodande rop, med yverengels røyst og med Guds basun, for dei som er avlidne i Kristus, skal fyrst standa upp;Select 1 Thessalonians 4:16
17so skal me som liver, som vert att, saman med deim verta rykte i skyer upp i lufti til å møta Herren, og so skal me alltid vera med Herren.Select 1 Thessalonians 4:17
18So trøysta då kvarandre med desse ord!Select 1 Thessalonians 4:18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation