1 Thessalonians 5
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Men um tiderne og stunderne treng de, brør, ikkje til at me skriv til dykk;Select 1 Thessalonians 5:1
2for de veit sjølve grant at Herrens dag kjem som ein tjuv um natti.Select 1 Thessalonians 5:2
3Når dei segjer: «Fred og ingen f re!» då kjem ein brå undergang yver deim, liksom føderidi yver den som er med barn, og dei skal slett ikkje sleppa undan.Select 1 Thessalonians 5:3
4Men de, brør, er ikkje i myrkret, so dagen skulde koma på dykk som ein tjuv;Select 1 Thessalonians 5:4
5for de er alle born av ljoset og born av dagen; me høyrer ikkje natti eller myrkret til.Select 1 Thessalonians 5:5
6Lat oss difor ikkje sova som dei andre, men lat oss vaka og vera ædrue!Select 1 Thessalonians 5:6
7For dei som søv, dei søv um natti, og dei som drikk seg drukne, dei er drukne um natti;Select 1 Thessalonians 5:7
8men me som høyrer dagen til, lat oss vera ædrue, klædde med den brynja som er tru og kjærleik, og med voni um frelsa som ein hjelm!Select 1 Thessalonians 5:8
9For Gud etla oss ikkje til vreide, men til å vinna frelsa ved vår Herre Jesus Kristus,Select 1 Thessalonians 5:9
10han som døydde for oss, so me, anten me vaker eller søv, skal liva saman med honom.Select 1 Thessalonians 5:10
11Påminn difor kvarandre, og uppbygg einannan innbyrdes, so som de og gjer!Select 1 Thessalonians 5:11
12Men me bed dykk, brør, at de skynar på deim som arbeider ibland dykk og er dykkar forstandarar i Herren og påminner dykk,Select 1 Thessalonians 5:12
13og at de vyrder deim storleg høgt i kjærleik for deira gjerning skuld! Haldt fred med kvarandre!Select 1 Thessalonians 5:13
14Og me legg dykk på hjarta, brør: Påminn dei uskipelege, trøysta dei vanmodige, hjelp dei veike, ver langmodige mot alle!Select 1 Thessalonians 5:14
15Sjå til at ingen gjev nokon vondt att for vondt, men stræva alltid etter det som godt er, både mot kvarandre og mot alle!Select 1 Thessalonians 5:15
16Ver alltid glade!Select 1 Thessalonians 5:16
17Bed uavlatande!Select 1 Thessalonians 5:17
18Takka for alle ting! for dette er Guds vilje i Kristus Jesus til dykk.Select 1 Thessalonians 5:18
19Sløkk ikkje ut Anden!Select 1 Thessalonians 5:19
20Mismæt ikkje profetord!Select 1 Thessalonians 5:20
21men prøv alt, hald fast på det gode!Select 1 Thessalonians 5:21
22Haldt dykk frå vondt av alle slag!Select 1 Thessalonians 5:22
23Men han sjølv, fredsens Gud, helga dykk heilt ut, og gjev at dykkar ånd og sjæl og likam må verta haldne fullkomne, ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem!Select 1 Thessalonians 5:23
24Han som hev kalla dykk, er trufast, han skal og gjera det.Select 1 Thessalonians 5:24
25Brør, bed for oss!Select 1 Thessalonians 5:25
26Helsa alle brørne med ein heilag kyss!Select 1 Thessalonians 5:26
27Eg manar dykk ved Herren, at de let brevet verta lese for alle dei heilage brørne.Select 1 Thessalonians 5:27
28Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!Select 1 Thessalonians 5:28
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation