Skip to content
Church.wiki
2 Thessalonians

2 Thessalonians 1

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Paulus og Silvanus og Timoteus til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus:Select 2 Thessalonians 1:1

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!Select 2 Thessalonians 1:2

3Me er skuldige til å takka Gud alltid for dykk, brør, som sømelegt er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken til kvarandre vert større hjå kvar og ein av dykk alle,Select 2 Thessalonians 1:3

4so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut -Select 2 Thessalonians 1:4

5eit fyrebod um Guds rettferdige dom - for at de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for,Select 2 Thessalonians 1:5

6so sant som det er rettferdigt for Gud å gjeva deim trengsla att som trengjer dykk,Select 2 Thessalonians 1:6

7og gjeva dykk som vert trengde, ro med oss når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar,Select 2 Thessalonians 1:7

8med logande eld, når han tek hemn yver deim som ikkje kjenner Gud, og deim som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium,Select 2 Thessalonians 1:8

9dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burt frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom,Select 2 Thessalonians 1:9

10når han kjem på den dagen for å syna seg herleg i sine heilage og underleg i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru.Select 2 Thessalonians 1:10

11Difor bed me og alltid for dykk, at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui,Select 2 Thessalonians 1:11

12so vår Herre Jesu namn må verta herleggjort i dykk, og de i honom, etter vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde!Select 2 Thessalonians 1:12

Next: 2 Thessalonians 2Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Thessalonians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.