1Minn deim um å vera styremagter og yverråder undergjevne, vera lyduge, reidebune til all god gjerning,Notes
2ikkje spotta nokon, vera fredlege, godlyndte, visa all spaklynde mot alle menneskje.
3For me var og eingong uvituge, ulyduge, villfarande, trælande under mangeslag lyster og fysnor, livande i vondskap og ovund, hata og hatande kvarandre.
4Men då Guds, vår frelsars, godleik og mannemilde vart openberra,
5frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld, som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande,Notes
6som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,
7so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, i voni skulde verta ervingar til det ævelege liv.
8Dette er eit sant ord! Og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnlegt for menneski;
9men dårlege stridsspursmål og ættartal og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå, for dei er gagnlause og fåfengde.
10Eit ranglærande menneskje skal du visa frå deg, når du hev påminnt honom ein gong og tvo gonger,Notes
11då du veit at ein slik er rangsnudd og syndar, fordømd av seg sjølv.
12Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver.
13Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko.
14Men lat og våre læra å driva på gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause.
15Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa deim som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!
Studentmållagsbibelen frå 1921 Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.
15 verses in this chapter
3 / 3 chapters
The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.