Skip to content
Church.wiki

1 Timothy Chapter 1 Studentmållagsbibelen frå 1921

Pauline epistles · 1 Timothy · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 20 verses

Verse layout
📝 Overview of this chapter Flow, key verses and people

디모데전서의 첫 장. 바울이 에베소에 남은 디모데에게 다른 교훈을 막으라고 당부하고, 율법의 바른 용도와 자신이 받은 긍휼을 증언한 뒤 선한 싸움을 싸우라고 명한다.

Jump to verse

11 Timothy · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von,
2til Timoteus, min egtefødde son i trui: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
3Som eg bad deg vera att i Efesus, då eg for til Makedonia, for at du skulde bjoda sume folk at dei ikkje skal fara med framand læra,
4og ikkje ansa eventyr og endelause ættartal, som heller fører til stridsspursmål enn til å vera Guds hushaldarar i trui: so gjer no det!
5Men endemålet med bodet er kjærleik av eit reint hjarta og eit godt samvit og ei uskrymta tru,
6som sume hev fare vilt ifrå og vendt seg burt til tomt svall,
7dei som vil vera lovlærarar, endå dei korkje skynar det dei sjølve segjer eller kva det er dei talar so fullvist um.
8Men me veit at lovi er god, dersom nokon brukar henne på lovleg vis,
9so han veit dette, at lovi ikkje er sett for ein rettferdig, men for lovlause og agelause, ugudlege og syndarar, vanheilage og ureine, fadermordarar og modermordarar, manndråparar, Notes
10horkarar, syndarar mot naturi, menneskjerøvarar, ljugarar, meineidarar, og um det elles er noko som er imot den heilsame læra,
11etter evangeliet um den sæle Guds herlegdom, det som er meg yverlate.
12Eg takkar honom som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, at han heldt meg for tru, med di han sette meg til tenesta,
13meg som fyrr var ein spottar og forfylgjar og valdsmann, men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande, i vantru,
14og nåden hjå vår Herre viste seg ovleg stor i tru og kjærleik i Kristus Jesus.
15Sant er det ordet og vel verdt å taka imot, at Kristus Jesus kom til verdi for å frelsa syndarar, og millom deim er eg den største;
16men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for deim som skulde tru på honom til ævelegt liv.
17Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud vere pris og æra i all æva! Amen.
18Dette bod legg eg deg på hjarta, min son Timoteus, etter dei spådomar som fyrr er sagde um deg, so du i deim skal strida den gode striden,
19med di du hev tru og eit godt samvit, som sume hev støytt ifrå seg og lide skipbrot på trui;
20imillom deim er Hymenæus og Aleksander, som eg hev gjeve yver til Satan, so dei skal verta tukta til å lata vera å spotta.

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

20 verses in this chapter
1 / 6 chapters

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Verse commentaries for this chapter 1

Articles mentioning this chapter

More