Skip to content
Church.wiki
1 Timothy

1 Timothy 3

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Det er eit sant ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembætte, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.Select 1 Timothy 3:1

2Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, ædrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg,Select 1 Timothy 3:2

3ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær,Select 1 Timothy 3:3

4ein som styrer vel sitt eige hus, og hev lyduge born med all sømaSelect 1 Timothy 3:4

5- um nokon ikkje veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? -Select 1 Timothy 3:5

6ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom.Select 1 Timothy 3:6

7Men han skal og hava godt vitnemål av deim som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara.Select 1 Timothy 3:7

8Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning,Select 1 Timothy 3:8

9slike som hev løyndomen i trui i eit godt samvit.Select 1 Timothy 3:9

10Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena kyrkjelyden, um dei er ulastelege.Select 1 Timothy 3:10

11Like eins skal kvinnorne vera vyrdelege, ikkje baktalande, men ædruelege, true i alle ting.Select 1 Timothy 3:11

12Tenarane for kyrkjelyden skal kvar vera mann til ei kona og styra vel sine born og sine eigne hus.Select 1 Timothy 3:12

13For dei som hev tent kyrkjelyden vel, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus.Select 1 Timothy 3:13

14Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma snart til deg,Select 1 Timothy 3:14

15men um eg drygjer, at du so skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er kyrkja åt den livande Gud, pilaren og grunnvollen til sanningi.Select 1 Timothy 3:15

16Og som kvar må sanna, stor er den løyndom i gudlegdomen: Han som vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt millom folkeslag, trudd i verdi, uppteken i herlegdom.Select 1 Timothy 3:16

Next: 1 Timothy 4Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Timothy

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.