Skip to content
Church.wiki
Leviticus

Leviticus 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren ropa på Moses, og tala til honom or møtetjeldet og sagde:Select Leviticus 1:1

2«Tala til Israels-folket og seg til deim: «Når nokon av dykk vil koma til Herren med ei offergåva av buskapen, so kann han taka offeret sitt anten av storfeet eller av småfeet.Select Leviticus 1:2

3Er det eit brennoffer han vil gjeva, og han tek det av storfeet, so skal det vera ein ukse som ikkje hev lyte. Til døri åt møtetjeldet skal han koma med gåva si, so han vert velsedd for Herrens åsyn,Select Leviticus 1:3

4og han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret; då skal gåva hans tekkjast Herren, so han fær nåde.Select Leviticus 1:4

5So skal han slagta uksen for Herrens åsyn, og Arons-sønerne, prestarne, skal bera fram blodet, og skvetta det rundt ikring på altaret som stend framanfor døri åt møtetjeldet.Select Leviticus 1:5

6Og so skal han flå offerdyret og lema det sund;Select Leviticus 1:6

7og sønerne åt Aron, øvstepresten, skal kveikja upp eld på altaret, og leggja ved på elden.Select Leviticus 1:7

8Sidan skal Arons-sønerne, prestarne, leggja kjøtet og hovudet og feittet uppå veden som er lagd på altarelden.Select Leviticus 1:8

9Innvolen og føterne skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som det angar godt.Select Leviticus 1:9

10Tek han brennofferet sitt av småfeet, av sauerne eller geiterne, so skal det vera ein lytelaus ver eller bukk.Select Leviticus 1:10

11Den skal han slagta på nordsida åt altaret, for Herrens åsyn, og Arons-sønerne, prestarne, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.Select Leviticus 1:11

12So skal han luta upp offerdyret, og lata hovudet og feittet fylgja med, og presten skal leggja luterne uppå veden som er lagd på altarelden.Select Leviticus 1:12

13Innvolen og føterne skal dei två i vatn, og so skal presten bera fram alt saman, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det er eit brennoffer åt Herren, ein offerret som gjev god ange.Select Leviticus 1:13

14Er det fugl han vil taka til brennoffer åt Herren, so skal offergåva han kjem med, vera ei turtelduva eller ein duveunge.Select Leviticus 1:14

15Presten skal bera fuglen fram åt altaret, og vrida hovudet av honom, og brenna det på altaret; og blodet skal kreistast ut mot altarveggen.Select Leviticus 1:15

16So skal han taka ut krelen med goret som er i, og kasta det attmed altaret, på austsida, der oska er,Select Leviticus 1:16

17og so flekkja fuglen med vengjerne på; deim må han ikkje skjera av. Sidan skal presten brenna fuglen på altaret, på veden som er lagd på elden, so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som anger godt.Select Leviticus 1:17

Next: Leviticus 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Leviticus

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.