Skip to content
Church.wiki
Leviticus

Leviticus 11

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde med deim:Select Leviticus 11:1

2«Tala til Israels-folket og seg: «Høyr no kva det er for nokre de må eta av alle dei firføtte dyri som liver på jordi:Select Leviticus 11:2

3Alle dyr som hev klauver og jortar, deim kann de eta.Select Leviticus 11:3

4Det er berre desse de ikkje må eta av deim som jortar og av dei som hev klauver: kamelen, for han jortar, men hev ikkje klauver; han skal vera urein for dykk,Select Leviticus 11:4

5og bergtassen, for han og jortar, men hev ingi klauver; han skal vera urein for dykk,Select Leviticus 11:5

6og haren, for um han jortar, so hev han ikkje klauver han heller; han skal vera urein for dykk,Select Leviticus 11:6

7og svinet, for det hev klauver, men det jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk.Select Leviticus 11:7

8Kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje røyva deim; dei skal vera ureine for dykk.Select Leviticus 11:8

9Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som er i vatnet, i havet og i elvarne, og hev uggar og reist, kann de eta.Select Leviticus 11:9

10Men slikt som ikkje hev uggar og reist av alt det som finst i hav eller å, av alt det som yrer i vatnet, alle kvikjende som held til der, det skal vera ein styggedom for dykk.Select Leviticus 11:10

11Ein styggedom skal dei vera for dykk; kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so skal de styggjast ved kropparne deira.Select Leviticus 11:11

12Alt i vatnet som ikkje hev uggar og reist, skal vera ein styggedom for dykk.Select Leviticus 11:12

13Høyr no og kva det er for fuglar de skal hava stygg til og ikkje må eta, av di dei er ufysne: Ørnen og gribben og sjøørnenSelect Leviticus 11:13

14og glenta og heile falkeættiSelect Leviticus 11:14

15og alle fuglar av ramneættiSelect Leviticus 11:15

16og strussen og gauken og måsen og alle haukeslagSelect Leviticus 11:16

17og kattula og kavfuglen og stunulvenSelect Leviticus 11:17

18og kveldknarren og pelikanen og etslegribbenSelect Leviticus 11:18

19og storken og heidloi med alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja.Select Leviticus 11:19

20Alt krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk:Select Leviticus 11:20

21Av alt sovore krek må de ikkje eta anna enn det som ovanfor bakføterne hev leggjer til å hoppa på marki med.Select Leviticus 11:21

22Av det kann de eta dei slagi som dei kallar fljugaren og slukaren og springaren og sprettaren.Select Leviticus 11:22

23Men alt anna krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk.Select Leviticus 11:23

24No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, han er urein alt til kvelds,Select Leviticus 11:24

25og den som hev bore på slik ein daud kropp, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds -:Select Leviticus 11:25

26Alle dyr som hev høver, og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim, vert urein.Select Leviticus 11:26

27Og alle firføtte dyr som gjeng på labbar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim når dei er daude, han er urein alt til kvelds,Select Leviticus 11:27

28og den som hev bore på slikt eit daudt dyr, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds. Ureine skal dei vera for dykk.Select Leviticus 11:28

29Av alle smådyr som røyver seg på jordi er det fyrst og fremst desse som skal vera ureine for dykk: Røysekatten og musi og alle fjorføtleslag,Select Leviticus 11:29

30og bustyvelen og vonden og padda og snigelen og litkvervingen.Select Leviticus 11:30

31Deim skal de halda for dei ureinaste av alle smådyr; den som kjem nær deim når dei er daude, er urein alt til kvelds.Select Leviticus 11:31

32Og alt det som dei dyri dett ned på når dei daudar, vert ureint, både trekoppar og klæde og skinn og sekkjer og kva det elles er som vert nytta i huset; det skal leggjast i vatn, og er ureint alt til kvelds; sidan er det reint.Select Leviticus 11:32

33Dett eit av dyri ned i ein leirkopp, so vert alt det som er i koppen ureint, og han skal slåast sund.Select Leviticus 11:33

34All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, og alt drikka som folk drikk, vert ureint, kva kjerald det er i.Select Leviticus 11:34

35Alt det som slik ein daud kropp dett ned i, vert ureint; er det ein bakaromn eller ei eisa, so skal dei rivast ned; dei er ureine, og skal vera ureine for dykk.Select Leviticus 11:35

36Berre kjeldor og brunnar som det renn vatn åt, er like reine; men den som tek i den daude kroppen som ligg der, vert urein.Select Leviticus 11:36

37Dett dyret ned i korn som skal vera til såfrø, so er kornet like reint,Select Leviticus 11:37

38men hev dei havt vatn på det, og det so dett slikt eit daudt dyr ned i, so skal kornet vera ureint for dykk.Select Leviticus 11:38

39Daudar noko av dei dyri som skal vera til føda for dykk, so er den som kjem nær skrotten deira urein alt til kvelds,Select Leviticus 11:39

40den som hev ete av kjøtet deira, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds, og den som hev bore på den daude skrotten, lyt og två klædi sine og er urein alt til kvelds.Select Leviticus 11:40

41Alt kreket som krelar på marki, er ein styggedom, og må ikkje etast.Select Leviticus 11:41

42Korkje det som skrid på buken, eller det som gjeng på fire eller fleire føter, må de eta; for det er ufyse.Select Leviticus 11:42

43Gjer dykk ikkje sjølve ufysne med noko av det krelande kreket, og sulka dykk ikkje med det, so de vert ureine!Select Leviticus 11:43

44Eg, Herren, er dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje sulka dykk sjølve med noko av det kreket som krabbar på marki.Select Leviticus 11:44

45Kom i hug: Eg er Herren, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud, og de skal vera heilage; for eg er heilag.Select Leviticus 11:45

46Dette er lovi um dyri og fuglarne og alt det livande som leikar i vatnet, og alle dei kvikjende som yrer på jordi,Select Leviticus 11:46

47so de kann skilja det reine frå det ureine, og dei dyri som kann etast frå deim, som ikkje må etast.»»Select Leviticus 11:47

Next: Leviticus 12Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Leviticus

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.