Leviticus 14
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 14:1
2«So er dei fyresegnerne de skal fylgja når ein som hev havt spillsykja, skal reinsast: Han skal førast fram for presten;Select Leviticus 14:2
3og presten skal ganga utanfor lægret og sjå honom yver, og dersom han er lækt for sjukdomen,Select Leviticus 14:3
4so skal presten segja folk til å henta tvo livande reine fuglar og noko cedertre og karmesin og bergmynta til den som skal reinsast,Select Leviticus 14:4
5og lata deim slagta den eine fuglen uppyver eit leirfat som er fyllt med kjelde- eller bekkjevatn.Select Leviticus 14:5
6So skal han taka den livande fuglen og cedertreet og karmesinen og bergmynta, og duppa alt saman, den levande fuglen med, i blodet av den fuglen som er slagta yver kjeldevatnet,Select Leviticus 14:6
7og skvetta det sju vendor på den som skal reinsast etter spillsykja, og reinsa honom, og den livande fuglen skal han lata fljuga sin veg.Select Leviticus 14:7
8So skal den som vert reinsa två klædi sine, og raka av seg alt håret, og lauga seg, so vert han rein, og sidan kann han få koma inn i lægret; men han skal halda seg utanfor tjeldbudi si i sju dagar.Select Leviticus 14:8
9Den sjuande dagen skal han raka seg att; både hovudhåret og skjegget og augnebrunerne, alt håret sitt, skal han raka av seg; og han skal två klædi sine, og lauga likamen sin i vatn. Då er han rein.Select Leviticus 14:9
10Den attande dagen skal han taka tvo verlamb som ikkje hev lyte, og eit årsgamalt lytelaust saulamb, og til grjonoffer tri kannor fint mjøl som er blanda med olje, og so ein halvpott med olje.Select Leviticus 14:10
11Og presten som stend fyre reinsingi, skal føra den som vert reinsa og alle offergåvorne hans fram for Herrens åsyn i møtetjelddøri.Select Leviticus 14:11
12So skal presten taka det eine lambet og den halve potten med olje og bera fram til skuldoffer, og svinga det att og fram for Herrens åsyn.Select Leviticus 14:12
13Lambet skal dei slagta på same staden som dei slagtar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden; for skuldofferet høyrer presten til liksom syndofferet; det er høgheilagt.Select Leviticus 14:13
14So skal presten taka noko av skuldofferblodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans;Select Leviticus 14:14
15og han skal taka noko av den halve potten olje og hella ut i den vinstre handi si,Select Leviticus 14:15
16og so duppa den høgre peikefingeren i oljen som han hev i vinstre handi, og skvetta med fingeren av oljen sju gonger for Herrens åsyn.Select Leviticus 14:16
17Noko av den oljen som er att i handi hans, skal han strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans, yver skuldofferblodet.Select Leviticus 14:17
18Og det som endå er att i handi hans av oljen, skal han strjuka på hovudet åt den som vert reinsa. Soleis skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn.Select Leviticus 14:18
19So skal presten bera fram syndofferet, so den som vert reinsa kann få soning for det som var ureint ved honom, og sidan skal han slagta brennofferet.Select Leviticus 14:19
20Når då presten hev bore fram brennofferet og grjonofferet på altaret, og fullført soningi for honom, so er han rein att.Select Leviticus 14:20
21Men er det ein fatig mann som ikkje hev råd til so mykje, so skal han taka eit lamb til skuldoffer - det skal svingast att og fram til soning for honom - og ei kanna fint mjøl, blanda med olje, til grjonoffer, og ein halv pott med olje,Select Leviticus 14:21
22og so tvo turtelduvor eller duveungar, det som han hev råd til; den eine skal vera syndoffer, og den andre brennoffer.Select Leviticus 14:22
23Den åttande dagen etter han hev vorte rein, skal han bera offergåvorne fram for Herrens åsyn til møtetjelddøri, og gjeva deim til presten.Select Leviticus 14:23
24Og presten skal taka skuldofferlambet og oljen og svinga det att og fram for Herrens åsyn.Select Leviticus 14:24
25Når skuldofferlambet er slagta, skal presten taka noko av skuldofferblodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans.Select Leviticus 14:25
26So skal han hella noko av oljen ut i den vinstre handi siSelect Leviticus 14:26
27og med den høgre peikefingeren skvetta sju vendor for Herrens åsyn av oljen som han hev i vinstre handi.Select Leviticus 14:27
28Noko av den oljen som presten hev i vinstre handi, skal han strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans, yver skuldofferblodet,Select Leviticus 14:28
29og det som endå er att av oljen som presten hev i handi, skal han strjuka på hovudet åt den som vert reinsa, so han kann finna nåde hjå Herren.Select Leviticus 14:29
30So skal han bera fram turtelduvorne eller duveungarne, det som han hadde råd til å gjeva,Select Leviticus 14:30
31den eine til syndoffer og den andre til brennoffer, og i hop med deim grjonofferet. Soleis skal presten gjera soning framfor Herrens åsyn for den som skal reinsast.Select Leviticus 14:31
32Dette er dei fyresegnerne de skal fylgja når ein som hev liti råd, skal reinsast etter spillsykja.»Select Leviticus 14:32
33Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 14:33
34«Når de kjem inn i Kana’ans-landet, som eg gjev dykk til eiga, og eg let det koma spillsykja på noko av husi i landet dykkar,Select Leviticus 14:34
35so skal huseigaren koma og segja frå til presten, at det hev synt seg flekkjer som likjest spillsykja på huset hans.Select Leviticus 14:35
36Då skal presten setja deim til å rydja utor huset innan han kjem og skodar skaden, so ikkje alt som er der, skal verta ureint, og so skal han koma og skoda huset.Select Leviticus 14:36
37Ser han då at flekkjerne på husveggjerne ter seg som grøngule eller raudvorne sukkor, og synest liggja djupare enn veggflata,Select Leviticus 14:37
38so skal han ganga til døri og ut or huset, og halda det læst i sju dagar.Select Leviticus 14:38
39Den sjuande dagen skal presten koma att og sjå etter, og ser han då at skaden hev ete um seg på husveggjerne,Select Leviticus 14:39
40so skal han setja folk til å brjota ut dei steinarne som flekkjerne hev synt seg på, og kasta deim på ein urein stad utanfor byen.Select Leviticus 14:40
41Dei skal skrapa huset innantil, rundt ikring, og leiret som dei hev skrapa av, skal dei og føra burt og kasta på ein urein stad utanfor byen.Select Leviticus 14:41
42Og so skal dei taka andre steinar og setja inn i staden for dei gamle, og nytt leir skal dei taka og klina huset med.Select Leviticus 14:42
43Bryt det vonde ut att på huset, etter steinarne er uttekne, og huset er skrapa og klint,Select Leviticus 14:43
44so skal presten koma og sjå etter, og ser han då at skaden hev ete um seg, so er det stygg spillsykja på huset; det er ureint,Select Leviticus 14:44
45og dei skal riva det ned, både steinarne og timberet og alt leiret, og føra det ut or byen, til ein urein stad.Select Leviticus 14:45
46Den som gjeng inn i huset dei dagarne det er attlæst, han vert urein alt til kvelds.Select Leviticus 14:46
47Den som hev lege i huset, skal två klædi sine, og det same skal den som hev ete der.Select Leviticus 14:47
48Ser presten, når han kjem og skodar huset, at dei stygge flekkjerne ikkje hev ete um seg etter det vart klint, so skal han segja huset reint; for då er det vonde burte.Select Leviticus 14:48
49So skal han til syndoffer for huset taka tvo fuglar og noko cedertre og karmesin og bergmynta.Select Leviticus 14:49
50Den eine fuglen skal han slagta yver eit leirfat som er fyllt med kjelde- eller bekkjevatn,Select Leviticus 14:50
51og so skal han taka cedertreet og bergmynta og karmesinen og den livande fuglen, og duppa det i blodet av den fuglen som er slagta, og i kjeldevatnet, og skvetta på huset sju vendor.Select Leviticus 14:51
52Når han då hev reinsa huset for synd med fugleblodet og kjeldevatnet og den livande fuglen og cedertreet og bergmynta og karmesinen,Select Leviticus 14:52
53so skal han sleppa den livande fuglen ut or byen og lata honom fljuga. Soleis skal han gjera soning for huset, so det vert reint.Select Leviticus 14:53
54So er fyresegnerne um allslags spillsykja, og um skurv,Select Leviticus 14:54
55og um åtflekkjer på klæde og hus,Select Leviticus 14:55
56og um notror og utbrot og ljose flekkjer på hudi,Select Leviticus 14:56
57so de kann vita når noko er ureint, og når det er reint.» Dette var lovi um spillsykja.Select Leviticus 14:57
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation