Skip to content
Church.wiki
Leviticus

Leviticus 2

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Når nokon vil bera fram eit grjonoffer for Herren, so skal offergåva hans vera fint mjøl; det skal han hella olje yver og leggja røykjelse attmed,Select Leviticus 2:1

2og so skal han koma til Arons-sønerne, til prestarne, med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og oljen og so all røykelsen, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen til ei minning; då er det ein offerret åt Herren, ein som det angar godt av.Select Leviticus 2:2

3Det som er att av grjonofferet, skal Aron og sønerne hans hava; det høyrer til det som er høgheilagt av offerrettarne åt Herren.Select Leviticus 2:3

4Når du vil bera fram eit grjonoffer av noko som er baka i omn, so skal det vera av fint mjøl, anten hellekakor med olje i eller oljesmurde tunnbrødleivar.Select Leviticus 2:4

5Vil du gjeva eit grjonoffer som er steikt på takka, so skal det og vera av fint mjøl som er blanda med olje, og usyrt.Select Leviticus 2:5

6Du skal brjota det i bitar, og hella olje yver det, so er det eit rett grjonoffer.Select Leviticus 2:6

7Vil du gjeva eit grjonoffer som er steikt i panna, so skal det med vera tillaga av fint mjøl og olje.Select Leviticus 2:7

8Når grjonofferet er tillaga på ein av dei måtarne, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram åt altaret.Select Leviticus 2:8

9So skal presten taka av det som skal vera til minningsoffer, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det ein offerret åt Herren, ein som det angar godt av.Select Leviticus 2:9

10Og det som då er att av offeret, skal Aron og sønerne hans hava. Det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens offerrettar.Select Leviticus 2:10

11Eit grjonoffer som de ber fram for Herren, må aldri vera syrt; det som det er surdeig eller honning i, må de ikkje brenna til offermat for Herren.Select Leviticus 2:11

12Til nygrødeoffer kann de hava det; men på altaret må det ikkje koma, til godange for Herren.Select Leviticus 2:12

13Alle grjonoffer som du ber fram, skal du salta; aldri må du lata det vanta på salt i grjonofferet ditt. Saltet høyrer til sambandet med din Gud; di skal du bera fram salt attåt alle offeri dine.Select Leviticus 2:13

14Vil du gjeva Herren eit grjonoffer av nygrøda, so skal offeret som du ber fram av nygrøda divera aks som er steikte yver elden, eller nyhausta korn som er grøypt.Select Leviticus 2:14

15Det skal du hella olje yver og leggja røykjelse attmed; då er det eit rett grjonoffer.Select Leviticus 2:15

16Og presten skal brenna noko av det grøypte kornet og av oljen og all røykjelsen, so røyken stig upp mot himmelen til ei minning; då er det ein god offerrett for Herren.Select Leviticus 2:16

Next: Leviticus 3Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Leviticus

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.