Leviticus 21
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren sagde til Moses: «Tala til prestarne, Arons-sønerne, og seg med deim: «Ein prest må ikkje gjera seg urein for landsmennerne sine med å røra noko lik,Select Leviticus 21:1
2minder det er ein av hans næmaste skyldfolk, anten mor eller far eller son eller dotter eller bror,Select Leviticus 21:2
3eller ei syster som var møy og endå høyrde til ætti, med di ho ikkje var burtgift; henne kann han koma nær, um ho ligg lik;Select Leviticus 21:3
4men ei som var gift kona, må han ikkje røyva; for då gjer han seg urein for landsfolket sitt, og vanhelgar seg.Select Leviticus 21:4
5Prestane må ikkje raka seg snaude i kruna, og ikkje stytta skjegget sitt, og ikkje skjera seg i holdet.Select Leviticus 21:5
6Heilage skal dei vera for sin Gud, dei må ikkje vanhelga namnet hans; for det er dei som ber fram eldofferi åt Herren, maten åt deira Gud; di skal dei vera heilage.Select Leviticus 21:6
7Ingen av deim må gifta seg med ei skjøkja eller ei kvinna som er utskjemd, heller ikkje med ei som er skild frå mannen sin; heilag skal presten vera for sin Gud,Select Leviticus 21:7
8og du skal halda honom heilag; for det er han som ber fram maten åt din Gud: heilag skal han vera deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk.Select Leviticus 21:8
9Og dersom ei prestedotter skjemdar seg med ulivnad, so vanhelgar ho far sin: ho skal brennast på bål.Select Leviticus 21:9
10Den presten som er yver alle brørne sine, han som fær salvingsoljen på hovudet sitt, og vert vigd til øvsteprest og klædd i den heilage bunaden, han må ikkje ganga med uflitt hår, og ikkje riva sund klædi sine.Select Leviticus 21:10
11Han må ikkje ganga inn til noko lik; ikkje far eller mor di heller må han koma nær, etter dei hev andast; for då vert han urein.Select Leviticus 21:11
12Han må ikkje ganga ut or det heilage huset, so han vanhelgar heilagdomen åt sin Gud; for vigsla av Guds salvingsolje er yver honom. Eg er Herren!Select Leviticus 21:12
13Han skal taka ei rein møy til kona.Select Leviticus 21:13
14Ei enkja, eller ei kvinna som er fråskild eller utskjemd, eller ei skjøkja, slik ei må han aldri gifta seg med. Berre ei møy av folket sitt må han egta;Select Leviticus 21:14
15elles vanhelgar han ætti si millom folket. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga honom!»»Select Leviticus 21:15
16Og Herren tala meir til Moses, og sagde:Select Leviticus 21:16
17«Tala til Aron og seg: «Er det nokon av ætti di no eller i komande tider, som hev eit lyte, so må han ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.Select Leviticus 21:17
18Ingen som det er noko lyte på, må ganga innåt, ingen som er blind eller halt eller haremynt, eller hev ein vanskapt lemSelect Leviticus 21:18
19eller ein broten fot eller arm,Select Leviticus 21:19
20eller som er krylryggja eller skinnturr, eller som hev ein kvit flekk på augnesteinen, eller hev skabb eller gardorm eller slit i pungarne.Select Leviticus 21:20
21Ingen etterkomar av Aron, presten, som hev noko lyte, må ganga innåt og bera fram eldofferi åt Herren; det er lyte på honom: han må ikkje ganga innåt og bera fram maten for sin Gud.Select Leviticus 21:21
22Han må nok eta av retterne åt sin Gud, både dei høgheilage og dei heilage;Select Leviticus 21:22
23men etter di det er lyte på honom, må han ikkje ganga fram til forhenget, og ikkje koma innåt altaret; for då vanhelgar han heilagdomarne mine. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga deim.»»Select Leviticus 21:23
24Og Moses sagde alt dette til Aron og sønerne hans og til heile Israels-lyden.Select Leviticus 21:24
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain