Skip to content
Church.wiki
Leviticus

Leviticus 24

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 24:1

2«Seg med Israels-folket at dei skal koma med skir olje av sundstøytte oljeber til ljosestaken, so lamporne stødt kann setjast upp!Select Leviticus 24:2

3Utanfor tæpet som heng attfor lovtavlekista i møtetjeldet, skal Aron stella lamporne so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon, stødt og stendigt; det skal vera ein fast sed hjå dykk og etterkomarane dykkar:Select Leviticus 24:3

4på den bjarte gullstaken skal han skipa lamporne for Herrens åsyn seint og tidleg.Select Leviticus 24:4

5So skal du taka fint mjøl, og baka tolv kakebrød; i kvart brød skal det vera tvo kannor mjøl.Select Leviticus 24:5

6Og deim skal du leggja i tvo rader, seks i kvar rad, på gullbordet, for Herrens åsyn.Select Leviticus 24:6

7Og på kvar rad skal du leggja rein angekvåda; det skal vera eit minningsoffer for brødet, ein offerrett åt Herren.Select Leviticus 24:7

8Kvar helg skal han leggja det brødet fram for Herrens åsyn, stødt og stendigt; det skal vera ei æveleg sambandsgåva frå Israels-borni.Select Leviticus 24:8

9Og Aron og sønerne hans skal få det og eta det på ein heilag stad; for det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens offermat, og prestarne skal hava rett til det i all æva.»Select Leviticus 24:9

10Ein som var son til ei israelitisk kona, men hadde ein egyptar til far, gjekk ein gong inn millom Israels-folket, og han og ein av Israels-mennerne kom i trætta med kvarandre i lægret.Select Leviticus 24:10

11Og son til den israelitiske kona - ho heitte Sjelomit Dibrisdotter, og var av Dans-ætti - tok til å banna Guds namn og spotta det.Select Leviticus 24:11

12Då førde dei honom burt til Moses, og sette honom fast til dei kunde få ein orskurd av Herrens munn.Select Leviticus 24:12

13Og Herren tala til Moses, og sagde:Select Leviticus 24:13

14«Før spottaren ut or lægret, og alle dei som høyrde på det, skal leggja henderne på hovudet hans, og heile lyden skal steina honom.Select Leviticus 24:14

15Og til Israels-folket skal du segja: «Den som bannar sin Gud, lyt lida for syndi si,Select Leviticus 24:15

16og den som spottar Herrens namn, han skal lata livet; heile lyden skal steina honom i hel; anten han er framand eller fødd og boren i landet, so skal han lata livet, so sant han hev spotta Guds namn.Select Leviticus 24:16

17Slær nokon ein mann i hel, so skal han lata livet.Select Leviticus 24:17

18Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva like for det, liv for liv.Select Leviticus 24:18

19Valdar nokon at grannen hans fær skade på likamen, so skal dei gjera det same med honom som han hev gjort med grannen:Select Leviticus 24:19

20brot for brot, auga for auga, tonn for tonn; det meinet han hev gjort ein annan, skal han sjølv få.Select Leviticus 24:20

21Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva lika for det; men den som slær i hel eit menneskje, skal lata livet.Select Leviticus 24:21

22Det er same retten for dykk alle, for den framande likso vel som for den som er fødd og boren i landet; for eg, Herren, er dykkar Gud.»»Select Leviticus 24:22

23Og Moses kunngjorde dette for Israels-folket, og dei førde spottaren ut or lægret, og steina honom i hel: Israels-mennerne gjorde som Herren hadde sagt til Moses.Select Leviticus 24:23

Next: Leviticus 25Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Leviticus

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.