Leviticus 26
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1De skal ikkje gjera dykk avgudar, og ikkje reisa gudebilæte eller minnestolpar eller setja bilætsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for deim. Eg, Herren, er dykkar Gud.Select Leviticus 26:1
2Helgarne mine skal de halda, og hava age for heilagdomen min. Kom i hug: eg er Herren!Select Leviticus 26:2
3Lyder de no mine lover og agtar på ordi eg tala, og gjer de som eg hev sagt dykk,Select Leviticus 26:3
4so skal eg senda dykk regnet i rette tid, når det treng det, og jordi skal gjeva si grøda, og hagetrei si alda.Select Leviticus 26:4
5Treskjartidi skal vera hjå dykk til vinonni byrjar, og vinonni vara til vinteren, og de skal eta dykk mette av maten som de hev avla, og liva trygge i landet.Select Leviticus 26:5
6Fred vil eg gjeva i landet: de skal liggja og kvila, og ingen skal skræma dykk upp; udyri, deim vil eg øyda, so dei kverv burt ifrå landet, og sverd skal ’kje herja i riket;Select Leviticus 26:6
7uvenerne skal de elta, og dei skal stupa framfor dykk:Select Leviticus 26:7
8fem av dykk skal jaga eit hundrad, og hundrad jaga ti tusund, og fiendarne falla for sverdet.Select Leviticus 26:8
9Med milda vil eg dykk møta, og lata dykk aukast og veksa og signa sambandet med dykk.Select Leviticus 26:9
10Fjorgamalt korn skal de eta, til dess de lyt rydja det undan, so de fær rom åt det nye.Select Leviticus 26:10
11Eg vil bu og byggja ibland dykk, og aldri leidast utav dykk.Select Leviticus 26:11
12Imillom dykk vil eg ferdast, og dykkar Gud vil eg vera, og de skal vera mitt folk.Select Leviticus 26:12
13Eg er dykkar Gud, eg, Herren, som henta dykk ut or Egyptarlandet, der som de træla for andre; eg braut sund stengern’ i oket, so de kunde ganga rake.Select Leviticus 26:13
14Men vil de ’kje høyra på meg, og gjer de ’kje alt det eg baud dykk,Select Leviticus 26:14
15mismæter de mine rettar og leidest loverne mine, so de ikkje gjer som eg sagde, og bryt de sambandet med meg,Select Leviticus 26:15
16so gjev eg dykk likt for like: då søkjer eg dykk med fælska, med sott som tærer og brenner, sykja som sløkkjer ut augo og syg magti or livet. Til fånyttes sår de ut kornet; for uvenern’ et det de avlar.Select Leviticus 26:16
17Eg kvesser augo imot dykk: for fienden skal de rjuka, uvenen skal trakka dykk ned; de skal røma, um ingen er etter dykk.Select Leviticus 26:17
18Og vil de endå ’kje lyda, so skal eg refsa dykk meir, sju gonger, for synderne dykkar.Select Leviticus 26:18
19Eg bryt dykkar ovmod og magt: eg gjer dykkar himmel som jarn, og jordi dykkar som kopar.Select Leviticus 26:19
20Då øyder de nyttelaust krafti; for jordi gjev ingi grøda, og trei gjev ingi alda.Select Leviticus 26:20
21Og gjer de meg endå imot, og vil de ’kje høyra på meg, so slær eg dykk endå sju gonger, som synderne dykkar er verde.Select Leviticus 26:21
22Imot dykk sender eg udyr som ranar borni ifrå dykk, og drep ned bufeet dykkar, og veld at de tynnest i talet, so vegarne dykkar vert aude.Select Leviticus 26:22
23Og let de dykk endå ’kje tukta, men driv på og gjer meg imot,Select Leviticus 26:23
24so gjer eg og dykk imot, og slær dykk endå sju gonger for alt det som de hev synda;Select Leviticus 26:24
25eg sender eit sverd yver dykk, som skal hemna pakti de braut; og samlar de dykk i byarn’, so sender eg sott inn ibland dykk, og de skal falla i fiendehand.Select Leviticus 26:25
26Eg skal minka soleis på maten, som var dykkar styrk og studnad, at tie konor skal steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva det att etter vegt, og de skal ’kje få eta dykk mette.Select Leviticus 26:26
27Og høyrer de endå ’kje på meg, og herder de på og trassar,Select Leviticus 26:27
28so fer eg imot dykk med vreide, og refsar dykk endå sju gonger for alle syndern’ de gjorde.Select Leviticus 26:28
29Då skal de nøydast til eta kjøtet av sønerne dykkar og kjøtet av dykkar døtter.Select Leviticus 26:29
30Eg skal øyda høgderne dykkar, og rydja solstolparne ut, og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudarne dykkar; for de byd mitt hjarta imot.Select Leviticus 26:30
31Eg vil leggja byarn’ i røys, og riva templi ned, og vil ikkje ansa angen som stig upp frå offeri dykkar;Select Leviticus 26:31
32eg skal gjera landet so audt, at fiendarne som bur der skal fæla.Select Leviticus 26:32
33Og dykk skal eg spreida bland folki; med drege sverd skal eg elta dykk, og landet dykkar skal verta ei audn, og byarne skal verta røysar.Select Leviticus 26:33
34Då skal landet få njota si kvild, alt med det lyt liggja i øyde og de er i fiendelandet - ja då skal landet få kvila og halda helgerne sine;Select Leviticus 26:34
35alt med det ligg audt, skal det kvila; då skal det få seg den helgekvildi det ikkje fekk i kvileåri, so lenge de endå budde der.Select Leviticus 26:35
36Men dei av dykk som er att, skal eg gjeva slik rædsla i hjarta, med dei held til i fiendelandi, at ljoden av eit fjukande lauv skal skræma deim upp og jaga deim av, som når ein rømer for sverdet; dei skal falla, um ingen er etter deim.Select Leviticus 26:36
37Dei skal snåva og detta, ein yver hin, som dei hadde sverdet i hælarn’, endå det er ingen som elter. De skal ikkje stå dykk mot uvenern’ dykkar,Select Leviticus 26:37
38men ganga til grunns millom heidningarne, og fiendelandet skal tæra dykk upp.Select Leviticus 26:38
39Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandi for broti som dei hev gjort, og for broti åt federne sine; dei skal folna burt liksom dei.Select Leviticus 26:39
40Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall ifrå meg, og sveik meg, og gjorde meg tvert imot,Select Leviticus 26:40
41so eg og laut stå deim imot, og dreiv deim til fiendelandet - og bøygjer dei så sine hjarto, so harde og stride dei er, og fær dei då kvitta si skuld,Select Leviticus 26:41
42Og so skal eg minnast mitt samband med Jakob og Isak og Abram, og landet skal eg og minnast.Select Leviticus 26:42
43Men landet lyt fyrst vera kvitt deim, og njota helgarne sine med det ligg audt etter deim; og dei lyt bøta si skuld, etter di dei vanda mi lov, og bodet mitt baud deim imot.Select Leviticus 26:43
44Men endå um det er so, og dei er i fiendelandet, vil eg ikkje vanda deim reint eller skjota deim heiltupp ifrå meg: eg vil ikkje rydja deim ut og brjota sambandet med deim; for eg, Herren, er deira Gud.Select Leviticus 26:44
45Eg vil minnast mi pakt med dei gamle, som eg henta ut or Egyptarland midt for augo på heidningefolki, og var deira Gud, eg, Herren!»»Select Leviticus 26:45
46Dette er dei bodi og rettarne og loverne som Herren sette millom seg og Israels-folket på Sinaifjellet og let Moses kunngjera for deim.Select Leviticus 26:46
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain