Romans 1
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utkåra til å forkynna Guds evangelium,Select Romans 1:1
2som han lova fyreåt gjenom profetarne sine i heilage skrifter,Select Romans 1:2
3um Son hans, som etter kjøtet er komen av Davids ætt,Select Romans 1:3
4som etter heilagdoms ånd er sannsynt å vera Guds velduge Son ved uppstoda frå dei daude, Jesus Kristus, vår Herre,Select Romans 1:4
5som me fekk nåde ved og apostel-embætte til å verka lydnad i tru millom alle heidningfolki for hans namn skuldSelect Romans 1:5
6- millom deim er de og kalla til Jesus Kristus -Select Romans 1:6
7til alle deim i Rom som Gud elskar, de kalla, heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!Select Romans 1:7
8Fyrst takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, av di trui dykkar er namngjeti i heile verdi.Select Romans 1:8
9For Gud som eg tener i mi ånd i hans Sons evangelium, han er mitt vitne um kor uavlatande eg kjem dykk i hug.Select Romans 1:9
10I bønerne mine bed eg alltid um at eg då endeleg eingong med Guds vilje kunde få lukka til å koma til dykk.Select Romans 1:10
11For eg stundar etter å sjå dykk, so eg kunde få gjeva dykk av eikor åndeleg nådegåva med meg til dykkar styrkjing,Select Romans 1:11
12det vil segja at eg hjå dykk kunde hyggjast saman med dykk ved vår sams tru, dykkar og mi.Select Romans 1:12
13Og eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at eg ofte hev etla meg til å koma til dykk - men eg vart hindra alt til no - so eg kunde hava eikor frukt hjå dykk og, liksom hjå hine heidningfolki.Select Romans 1:13
14Eg stend i skuld både til grækarar og barbarar, både til vise og uvise.Select Romans 1:14
15Soleis er eg på mi sida viljug til å preika evangeliet for dykk og som er i Rom.Select Romans 1:15
16For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelsa for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grækar.Select Romans 1:16
17For i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: «Den rettferdige, av tru skal han liva.»Select Romans 1:17
18For Guds vreide vert openberra frå himmelen yver all gudløysa og urettferdi hjå folk som held att sanningi i urettferd.Select Romans 1:18
19For det som ein kann vita um Gud, ligg i dagen for deim, for Gud hev openberra deim det.Select Romans 1:19
20For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og guddom, er synleg sidan han skapte verdi, då ein kann skyna honom av gjerningarne - so folk skal vera utan orsakingSelect Romans 1:20
21når dei, endå dei kjende Gud, like vel ikkje æra eller takka honom som Gud, men vart fåfengde i tankarne sine, og deira uvituge hjarta myrktest.Select Romans 1:21
22Medan dei briska seg med at dei var vise, vart dei dårar,Select Romans 1:22
23og dei bytte den uforgjengelege Guds herlegdom burt for eit bilæte som likjest eit forgjengelegt menneskje og fuglar og firføtte dyr og krjupdyr.Select Romans 1:23
24Difor gav Gud deim yver i deira hjartans lyster til ureinskap, so dei skjemde sine likamar seg imillom,Select Romans 1:24
25dei som bytte burt Guds sanning for lygn, og æra og dyrka skapningen framfor skaparen, han som er velsigna i all æva. Amen.Select Romans 1:25
26Difor gav Gud deim yver til skamlege lyster, for både kvinnorne deira forvende det naturlege bruket til det unaturlige,Select Romans 1:26
27og like eins gjekk mennerne og burt frå det naturlege bruket av kvinna og kveiktest upp i lyst til kvarandre, so menner dreiv skjemdarverk med menner, og fekk på seg sjølve det vederlag for si villferd som rett var.Select Romans 1:27
28Og liksom dei ikkje brydde seg um å eiga Gud i kunnskap, so gav Gud deim yver til ein hug som inkje duger, so dei gjorde det usømelege:Select Romans 1:28
29fulle av all urettferd, vanart, vinnesykja, vondskap, fulle av ovund, mord, trætta, svik, fulkynde,Select Romans 1:29
30øyretutarar, baktalarar, gudhata, valdsmenner, stormodige, storordige, uppfinnsame på vondt, ulyduge mot foreldre,Select Romans 1:30
31uvituge, usætande, ukjærlege, miskunnlause;Select Romans 1:31
32slike som vel kjenner Guds dom, at dei som gjer slikt, er verde dauden, og endå ikkje berre gjer det, men og gjev deim medhald som gjer det.Select Romans 1:32
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain