Skip to content
Church.wiki
Romans

Romans 13

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Kvar mann skal vera lydug mot dei fyresette styremagter. For det finst ikkje styremagt utan av Gud, men dei som finst, deim hev Gud skipa,Select Romans 13:1

2so den som set seg imot styremagti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom.Select Romans 13:2

3For dei styrande er ikkje til rædsla for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å ræddast styremagti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne;Select Romans 13:3

4for ho er Guds tenar, deg til gode. Men gjer du det som vondt er, so ræddast! for ho ber ikkje sverdet for inkje; ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing yver den som gjer det som vondt er.Select Romans 13:4

5Difor er det naudsynleg å vera lydug, ikkje berre for refsingi skuld, men og for samvitet.Select Romans 13:5

6Difor legg de og skatt, for dei er Guds tenarar, som just tek vare på dette.Select Romans 13:6

7Gjev då alle det de er deim skuldige: skatt til den som skatt skal hava, toll til den som toll skal hava, age til den som age skal hava, æra til den som æra skal hava.Select Romans 13:7

8Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi.Select Romans 13:8

9For ordi: «Du skal ikkje gjera hor, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta,» og kva anna bodord det kann vera, det samlar seg til eitt i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv.»Select Romans 13:9

10Kjærleiken gjer ikkje næsten noko vondt; difor er kjærleiken uppfylling av lovi.Select Romans 13:10

11Og dette lyt me gjera, sidan me kjenner tidi, at timen er komen då me skal vakna or svevnen; for frelsa er oss næmare no enn då me tok ved trui.Select Romans 13:11

12Det lid med natti, og det stundar mot dag; lat oss då leggja verki frå myrkret av, og taka våpni til ljoset på!Select Romans 13:12

13Lat oss ferdasta sømeleg som um dagen, ikkje i svir og drykk, ikkje i utukt og lauslivnad, ikkje i kiv og ovund,Select Romans 13:13

14men iklæd dykk Herren Jesus Kristus, og hav ikkje soleis umsut for kjøtet, at det vekkjer lyster!Select Romans 13:14

Next: Romans 14Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Romans

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.