Skip to content
Church.wiki
Romans

Romans 15

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Me som er sterke, me er skuldige til å bera vanstyrken hjå dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad.Select Romans 15:1

2Kvar av oss vere næsten sin til hugnad, til hans gagn, til uppbyggjing!Select Romans 15:2

3For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men som skrive stend: «Deira hædingar som hædde deg, dei fall på meg.»Select Romans 15:3

4For alt det som fyrr er skrive, det er skrive oss til lærdom, so me skal hava von ved det tolmodet og den trøysti som skrifterne gjev.Select Romans 15:4

5Men Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må vera samlyndte med kvarandre etter Kristi Jesu fyredøme,Select Romans 15:5

6so de samheldige, med ein munn, kann prisa Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader!Select Romans 15:6

7Difor, tak dykk av kvarandre, liksom Kristus og tok seg av dykk til Guds æra!Select Romans 15:7

8Eg meiner: Kristus hev vorte tenar for dei umskorne for Guds sannleik skuld, for å stadfesta lovnaderne til federne;Select Romans 15:8

9men heidningarne skal prisa Gud for miskunn, som skrive stend: «Difor vil eg prisa deg millom heidningar og lovsyngja ditt namn.»Select Romans 15:9

10Og atter segjer Skrifti: «Fagna dykk, heidningar, saman med hans folk!»Select Romans 15:10

11Og atter: «Lova Herren, alle heidningar, og prisa honom, alle folk!»Select Romans 15:11

12Og atter segjer Jesaja: «Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg til herre yver heidningar, på honom skal heidningarne vona.»Select Romans 15:12

13Men den Gud som gjev voni, fylle dykk med all gleda og fred i trui, so de kann vera rike på von ved krafti frå den Heilage Ande!Select Romans 15:13

14Men eg og, mine brør, hev den visse trui um dykk, at de av dykk sjølve er fulle av godleik, fyllte med all kunnskap, duglege ogso til å påminna kvarandre.Select Romans 15:14

15Men endå hev eg sume stader skrive heller djervt til dykk, med di eg atter vilde gjeva dykk påminning etter den nåde som Gud hev gjeve meg,Select Romans 15:15

16at eg skal vera Jesu Kristi offerprest for heidningarne og gjera prestetenesta med evangeliet, so heidningarne kann verta eit huglegt offer, helga ved den Heilage Ande.Select Romans 15:16

17Difor hev eg mi ros i Kristus Jesus, i mi tenesta for Gud.Select Romans 15:17

18For eg vil ikkje våga meg til å tala um anna enn det som Kristus hev verka ved meg til å føra heidningar til lydnad, med ord og gjerning,Select Romans 15:18

19med kraft av teikn og under, med kraft av Guds Ande, so eg fullt hev kunngjort Kristi evangelium frå Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria,Select Romans 15:19

20men då so, at eg sette mi æra i å forkynna evangeliet, ikkje der som Kristus alt var nemnd, at eg ikkje skulde byggja på framand grunnvoll,Select Romans 15:20

21men, som skrive stend: «Dei som ingi kunngjering hev fenge um honom, skal sjå, og dei som ikkje hev høyrt, skal skyna.»Select Romans 15:21

22Det er mest dette som hev hindra meg frå å koma til dykk.Select Romans 15:22

23Men no, då eg ikkje lenger hev rom i desse landi, og i mange år hev lengta etter å koma til dykk,Select Romans 15:23

24no vonar eg å få sjå dykk på gjenomferdi, når eg fer til Spania, og få fylgjeskap av dykk dit, når eg fyrst i nokon mun hev fenge hugnad hjå dykk.Select Romans 15:24

25Men no fer eg til Jerusalem i tenesta for dei heilage.Select Romans 15:25

26For Makedonia og Akaia hev av si godvild gjort eit samanskot til dei fatige millom dei heilage i Jerusalem.Select Romans 15:26

27Dei hev gjort det av si godvild, dei stend og i skuld til deim; for hev heidningarne fenge av deira åndelege gode ting, so er dei og skuldige til å tena deim med dei timelege.Select Romans 15:27

28Når eg då hev fullført dette og lagt denne frukt i deira hender, so vil eg fara derifrå gjenom dykkar by til Spania,Select Romans 15:28

29og eg veit at når eg kjem til dykk, so skal eg koma med ei fylla av Kristi velsigning.Select Romans 15:29

30Men eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi og Andens kjærleik, at de må strida med meg i dykkar bøner for meg til Gud,Select Romans 15:30

31at eg må ganga fri for dei vantruande i Judæa, og mi ærend til Jerusalem må tekkjast dei heilage,Select Romans 15:31

32so eg kann koma til dykk med gleda, um Gud so vil, og kveikjast upp i samvære med dykk.Select Romans 15:32

33Fredsens Gud vere med dykk alle! Amen.Select Romans 15:33

Next: Romans 16Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Romans

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.