Romans 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Kva fyremun hev so jøden? eller kva gagn er det i umskjeringi?Select Romans 3:1
2Mykje i alle måtar! fyrst og fremst det at Guds ord vart gjeve deim til i vareign.Select Romans 3:2
3For korleis er det? um sume var utrue, skulde då deira utruskap gjera Guds truskap til inkjes?Select Romans 3:3
4Nei, langt ifrå! Lat det standa fast at Gud er sannordig, men kvart menneskje ein ljugar, som skrive stend: «At du må finnast rettferdig i dine ord, og vinna når du fører di sak.»Select Romans 3:4
5Men um vår urettferd syner Guds rettferd, kva skal me då segja? Er vel Gud urettferdig når han fører vreiden sin yver oss? Eg talar på menneskjevis.Select Romans 3:5
6Nei, langt ifrå! Korleis kunde då Gud døma verdi?Select Romans 3:6
7Ja, men um no Guds sannleik ved mi lygn synte seg ovstor til hans æra, kvi vert då eg endå dømd som ein syndar?Select Romans 3:7
8Og skal me ikkje då - som me vert spotta for, og som sume segjer at me lærer - gjera det vonde, so det gode kann koma utav det? Rettferdig er den domen som slike fær yver seg.Select Romans 3:8
9Kva då? Hev me nokon fyremun? Nei, slett ikkje; for me hev fyrr klaga både jødar og grækarar for at dei er under synd alle saman,Select Romans 3:9
10so som skrive stend: «Det finst ingen rettferdig, ikkje ein heller;Select Romans 3:10
11det finst ikkje den som er vitug, det finst ikkje den som søkjer Gud.Select Romans 3:11
12Alle er avvikne, dei er udugande vortne alle saman; det finst ikkje nokon som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.Select Romans 3:12
13Ei opna grav er strupen deira, med tungorne sine gjorde dei svik, orme-eiter er under lipporne deira.Select Romans 3:13
14Deira munn er full av bannskap og beiska.Select Romans 3:14
15Deira føter er snare til å spilla blod.Select Romans 3:15
16Øyding og usæla hev deira vegar,Select Romans 3:16
17og freds veg kjenner dei ikkje.Select Romans 3:17
18Ingen age for Gud dei heve for augo.»Select Romans 3:18
19Men me veit at alt det som lovi segjer, det talar ho til deim som hev lovi, so kvar munn skal tagna og all verdi verta saka for Gud,Select Romans 3:19
20sidan inkje kjøt kann verta rettferdiggjort for honom med lovgjerningar; for ved lovi kjem ein til å kjenna synd.Select Romans 3:20
21Men no er Guds rettferd, som lovi og profetarne vitnar um, openberra utan lovi,Select Romans 3:21
22det vil segja Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus for alle og yver alle som trur. For det finst inkje skil;Select Romans 3:22
23alle hev synda og vantar æra for Gud,Select Romans 3:23
24med di dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysingi i Kristus Jesus.Select Romans 3:24
25Honom synte Gud fram i blodet hans, som ein nådestol ved trui, til å visa si rettferd, av di han i sitt langmod hadde havt tol med dei synder som fyrr var gjorde -Select Romans 3:25
26til å visa si rettferd i den tid som no er, so han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig som hev trui på Jesus.Select Romans 3:26
27Kvar er so vår ros? Ho er utestengd. Kva lov er det ved? Gjerningslovi? Nei, ved tru-lovi.Select Romans 3:27
28For me held fyre at menneskja vert rettferdiggjord ved tru utan lovgjerningar.Select Romans 3:28
29Eller er Gud berre Gud for jødar? Er han ikkje Gud for heidningar og? Jau, for heidningar og,Select Romans 3:29
30so sant Gud er ein, og han rettferdiggjer dei umskorne av tru, og dei u-umskorne ved tru.Select Romans 3:30
31Gjer me då lovi um inkje med trui? Nei, langt ifrå; me stadfester lovi.Select Romans 3:31
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain