Romans 4
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Kva skal me då segja at Abraham, far vår, hev vunne etter kjøtet?Select Romans 4:1
2For vart Abraham rettferdiggjord av gjerningar, so hev han noko å rosa seg av. Men det hev han ikkje for Gud.Select Romans 4:2
3For kva segjer Skrifti? «Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd.»Select Romans 4:3
4Men den som held seg til gjerningar, honom vert løni ikkje tilrekna av nåde, men etter skyldnad;Select Romans 4:4
5men den som ikkje held seg til gjerningar, men trur på han som gjer den ugudlege rettferdig, honom vert trui hans rekna til rettferd.Select Romans 4:5
6Soleis prisar og David det menneskjet sælt som Gud tilreknar rettferd utan gjerningar:Select Romans 4:6
7«Sæle er dei som hev misgjerderne sine forlatne og synderne sine yverbreidde.Select Romans 4:7
8Sæl er den mann som Herren ikkje tilreknar synd.»Select Romans 4:8
9Gjeld no denne sælkingi dei umskorne, eller dei u-umskorne og? For me segjer at trui vart rekna Abraham til rettferd.Select Romans 4:9
10Korleis vart ho då tilrekna honom? då han var umskoren, eller då han hadde fyrehud? Ikkje då han var umskoren, men då han hadde fyrehud,Select Romans 4:10
11og han fekk umskjeringsteiknet til innsigle på rettferdi ved den trui som han hadde då han var u-umskoren, av di han skulde vera far til alle dei u-umskorne som trur, so rettferdi kunde verta tilrekna deim og,Select Romans 4:11
12og far til dei umskorne, dei som ikkje berre hev umskjering, men og gjeng i fotfaret av den trui som Abraham, far vår, hadde då han var u-umskoren.Select Romans 4:12
13For ikkje ved lovi fekk Abraham eller ætti hans den lovnaden at han skulde vera erving til verdi, men ved tru-rettferd.Select Romans 4:13
14For er dei som held seg til lovi ervingar, so hev trui vorte gagnlaus og lovnaden til inkjes;Select Romans 4:14
15for lovi verkar vreide, men der det ingi lov er, der er ikkje heller lovbrot.Select Romans 4:15
16Difor fekk han lovnaden ved trui, so det kunde vera som ein nåde, so lovnaden kunde standa fast for all ætti, ikkje berre for den som hev lovi, men og for den som hev Abrahams tru; han som er far til oss alle -Select Romans 4:16
17som skrive stend: «Til fader åt mange folk hev eg sett deg» - for Guds åsyn som han trudde på, han som gjer dei daude livande og kallar det som ikkje er til, som um det vore til.Select Romans 4:17
18Mot von trudde han med von, so han skulde verta far til mange folk, etter det som sagt var: «So skal ætti di verta.»Select Romans 4:18
19Og utan veikskap i trui såg han på sin eigen likam, som var utlivd, han var nære på hundrad år, og på det utdøydde morslivet hennar Sara;Select Romans 4:19
20men på Guds lovnad tvila han ikkje med vantru, men vart sterk i trui, med di han gav Gud æraSelect Romans 4:20
21og var fullviss på at det han hadde lova, var han og megtig til å gjera.Select Romans 4:21
22Difor vart det og rekna honom til rettferd.Select Romans 4:22
23Men ikkje berre for hans skuld er det skrive at det vart honom tilrekna,Select Romans 4:23
24men og for vår skuld som det skal verta tilrekna, me som trur på honom som vekte upp Jesus, vår Herre, frå dei daude,Select Romans 4:24
25han som vart gjeven for våre brot og uppvekt til vår rettferdiggjering.Select Romans 4:25
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain