Skip to content
Church.wiki
Romans

Romans 9

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Eg segjer sanning i Kristus, eg lyg ikkje, samvitet mitt vitnar med meg i den Heilage Ande,Select Romans 9:1

2at eg hev ei stor sorg og en stendig verk i hjarta mitt.Select Romans 9:2

3For eg skulde ynskja at eg sjølv var bannstøytt burt frå Kristus for brørne mine, samættingarne mine etter kjøtet,Select Romans 9:3

4dei som er israelitar, som hev barnekåret og herlegdomen og pakterne og lovgjevingi og gudstenesta og lovnaderne,Select Romans 9:4

5dei som federne høyrer til og som Kristus er ætta frå etter kjøtet, han som er Gud yver alle ting, velsigna i all æva. Amen.Select Romans 9:5

6Men det er ikkje so at Guds ord hev vorte til inkjes; for ikkje alle dei som er ætta frå Israel, er Israel;Select Romans 9:6

7og ikkje heller er alle Abrahams born for di um dei er hans ætt; men: «Etter Isak som skal ætta di heita,»Select Romans 9:7

8det vil segja: ikkje borni etter kjøtet er Guds born, men borni etter lovnaden vert rekna til ætti.Select Romans 9:8

9For dette er eit lovnadsord: «Ved dette bilet kjem eg att, og då skal Sara hava ein son.»Select Romans 9:9

10Og ikkje berre det, men so var det og med Rebekka, ho som var med born ved ein, det er Isak, far vår.Select Romans 9:10

11For då dei endå var ufødde, og ikkje endå hadde gjort korkje godt eller vondt - for at Guds rådgjerd etter hans utveljing skulde standa ved lag, ikkje ved gjerningar, men ved honom som kallar -Select Romans 9:11

12då vart det sagt til henne: «Den eldste skal tena den yngste,»Select Romans 9:12

13som skrive stend: «Jakob elska eg, men Esau hata eg.»Select Romans 9:13

14Kva skal me då segja? Skulde det finnast urettferd hjå Gud? Langt ifrå!Select Romans 9:14

15For han segjer til Moses: «Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynka den som eg ynkar.»Select Romans 9:15

16So stend det då ikkje til den som vil, og ikkje heller til den som renner, men til Gud som gjer miskunn.Select Romans 9:16

17For Skrifti segjer til Farao: «Just til dette reiste eg deg upp, at eg kunde syna magti mi på deg, og at namnet mitt kunde verta kunngjort yver all jordi.»Select Romans 9:17

18So miskunnar han då kven han vil, og gjer kven han vil hard.Select Romans 9:18

19So vil du vel segja til meg: «Kva hev han so endå å klaga for? For kven stend vel imot viljen hans?»Select Romans 9:19

20Men kven er då du, menneskje, som trættar imot Gud? Skal då verket segja til verkaren: «Kvi gjorde du meg so?»Select Romans 9:20

21Eller hev ikkje krusmakaren vald yver leiret, so han av same deigi kann gjera det eine kjerald til æra og det andre til vanæra?Select Romans 9:21

22Men um no Gud, endå han vilde syna vreiden sin og kunngjera si magt, like vel med stort langmod tolde dei vreide-kjerald som var laga til undergang,Select Romans 9:22

23so han og kunde gjera sin herlegdoms rikdom yver miskunnskjeraldi som han fyreåt hadde laga til herlegdom?Select Romans 9:23

24Og til slike kalla han oss og, ikkje berre av jødar, men og av heidningar,Select Romans 9:24

25som han og segjer hjå Hosea: «Det som ei er mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og kalla henne elska som ei var elska;Select Romans 9:25

26og det skal ganga so, at på den staden det vart sagt til deim: «De er ikkje mitt folk,» der skal dei kallast den livande Guds born.»Select Romans 9:26

27Og som Jesaja ropar ut yver Israel: «Um talet på Israels born er som havsens sand, so skal då berre leivningen frelsast.Select Romans 9:27

28For ordet sitt skal Herren setja i verk og snøgt fullføra på jordi.»Select Romans 9:28

29Og som Jesaja fyrr hev sagt: «Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit sæde, so hadde me vorte som Sodoma og vorte like Gomorra.»Select Romans 9:29

30Kva skal me då segja? At heidningarne som ikkje søkte rettferd, dei vann rettferd, men det var rettferdi av tru.Select Romans 9:30

31Men Israel, som søkte rettferdslov, dei vann ikkje fram til denne lovi.Select Romans 9:31

32Kvifor so? For di dei ikkje søkte henne med tru, men med gjerningar, for dei støytte seg på støytesteinen,Select Romans 9:32

33som skrive stend: «Sjå, eg legg i Sion ein stein til støyt og eit berg til stygg; den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.»Select Romans 9:33

Next: Romans 10Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Romans

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.