Skip to content
Church.wiki
Ruth

Ruth 4

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Boaz hadde gjenge upp på tinget og sett seg der. Då høvde det so at den løysingsmannen som Boaz hadde tala um, gjekk framum der. Han tala åt honom og sagde: «Kom hit og set deg her!» Og han kom og sette seg.Select Ruth 4:1

2So tok han burtåt seg ti av styresmennerne i byen og sagde: «Set dykk her!» Og dei sette seg.Select Ruth 4:2

3Då sagde han til løysingsmannen: «Det åkerstykket som høyrde Elimelek, bror vår, til, vil No’omi selja, ho som hev kome att frå Moablandet.Select Ruth 4:3

4Difor tenkte eg at eg skulde fortelja deg det og segja: Kjøp det du når dei er til stades dei som sit her, og styresmennerne for folket mitt! Vil du taka det etter løysingsretten, so gjer det; vil du ikkje løysa det, då seg meg det, so eg fær vita det; for ingen annan eig løysingsretten enn du, og næst etter deg er det eg sjølv.» Han sagde: «Eg vil løysa det.»Select Ruth 4:4

5Då sagde Boaz: «Når du kjøper åkeren av No’omi, so kjøper du honom og av moabitkvinna Rut, kona åt den avlidne, og du skyldar å reisa upp att namnet åt den avlidne, og festa det til arvluten hans.»Select Ruth 4:5

6Løysingsmannen svara: «Då kann eg ikkje nytta løysingsretten min, for so spiller eg min eigen arvlut. Løys du åt deg det eg skulde ha løyst, for eg kann ikkje gjera det.»Select Ruth 4:6

7Det var gamall sed i Israel når ein mann skulde stadfesta ei løysing eller eit avtala byte, då drog han av seg skoen og gav honom til den andre, og dette gjaldt som ein vitnesburd i Israel.Select Ruth 4:7

8Då sagde løysingsmannen til Boaz: «Kjøp det du!» og so drog han av seg skoen.Select Ruth 4:8

9Boaz sagde no til styresmennerne og til alt folket: «De er i dag vitne på at eg hev kjøpt av No’omi alt det som hev høyrt Elimelek til, og alt som hev høyrt Kiljon og Mahlon til.Select Ruth 4:9

10Like eins hev eg kjøpt moabitkvinna Rut, kona hans Mahlon, til kona åt meg, so eg kann reisa namnet åt den avlidne og festa det til arvluten hans, so namnet hans ikkje kjem burt millom brørne hans eller frå porten på heimstaden hans. De er vitne på dette i dag.»Select Ruth 4:10

11Og alt folket som var på tinget og styresmennerne sagde: «Ja, det er me. Herren gjeve at den kvinna som no gjeng inn i huset ditt, må verta som Rakel og Lea, dei tvo som hev bygt upp Israels hus! Og gjev du må koma til velmagt i Efrata og verta namngjeten i Betlehem!Select Ruth 4:11

12Og gjev at dei etterkomarar som Herren vil gjeva deg med denne unge kvinna, må verta ei ætt som ætti hans Peres, han som Tamar fødde åt Juda!»Select Ruth 4:12

13So tok då Boaz Rut til seg, og ho vart kona hans; han gjekk inn til henne, og Herren gav henne livsfrukt, og ho fødde ein son.Select Ruth 4:13

14Då sagde kvinnorne til No’omi: «Lova vere Herren som hev gjort at du idag ikkje vantar løysingsmann! Han skal verta namngjeten i Israel.Select Ruth 4:14

15Han skal verta ein trøystar åt deg og din alderdoms hjelp; for sonekona di, ho som held av deg, hev født honom; ho som er meir for deg enn sju søner.»Select Ruth 4:15

16Og No’omi tok barnet og lagde det i fanget sitt og vart fostermor åt det.Select Ruth 4:16

17Og grannekvinnorne gav honom namn og sagde: «No’omi hev fenge ein son,» og dei gav honom namnet Obed; Han vart far åt Isai, far åt David.Select Ruth 4:17

18Her er ættartalet hans Peres: Peres var far åt Hesron.Select Ruth 4:18

19Hesron var far åt Ram, og Ram var far åt Amminadab.Select Ruth 4:19

20Amminadab var far åt Nahson, og Nahson far åt Salma.Select Ruth 4:20

21Salmon var far åt Boaz, og Boaz far åt Obed.Select Ruth 4:21

22Obed var far åt Isai, og Isai far åt David.Select Ruth 4:22

Next: 1 Samuel 1Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ruth

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.