Mark 15
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Det tok alt til å dagast då dei øvste prestarne med styresmennerne og dei skriftlærde - heile den Høgste Retten - var ferdige med rådleggjingi si. Då batt dei Jesus og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus.Select Mark 15:1
2Pilatus spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» - «Det er dine ord,» svara Jesus.Select Mark 15:2
3Dei øvste prestarne kom med mange klagemål mot honom.Select Mark 15:3
4Då spurde Pilatus honom att: «Svarar du ingen ting? Høyr alt det dei klagar deg for!»Select Mark 15:4
5Men Jesus svara ikkje eit ord meir, so Pilatus tok til å undrast.Select Mark 15:5
6Kvar høgtid gav Pilatus deim ein fange fri, den som dei sjølve bad um.Select Mark 15:6
7Og ein som heitte Barabbas sat då fengsla i hop med nokre ufredsmenner; dei hadde gjort eit upplaup og drepe nokon.Select Mark 15:7
8So kom folket upp og tok til å beda um det som Pilatus var van med å gjera for deim.Select Mark 15:8
9Då svara han deim: «Vil de eg skal gjeva dykk jødekongen fri?»Select Mark 15:9
10for han skyna det var av ovund dei øvste prestarne hadde gjeve Jesus yver til honom.Select Mark 15:10
11Men dei øvste prestarne fekk eggja upp folket, so dei bad at han heller skulde gjeva deim Barabbas fri.Select Mark 15:11
12Då tok Pilatus til ords att og sagde: «Kva vil de då eg skal gjera med honom som de kallar kongen yver jødarne?»Select Mark 15:12
13Dei svara med å ropa: «Krossfest honom!»Select Mark 15:13
14«Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre endå sterkare: «Krossfest honom!»Select Mark 15:14
15Pilatus vilde gjerne gjera folket til lags. Han gav deim Barabbas fri, men Jesus let han piskast, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom.Select Mark 15:15
16Hermennerne førde Jesus inn i garden, i borgi, og kalla i hop heile vakti.Select Mark 15:16
17Dei klædde honom i ei purpurkåpa, og sette på honom ein klungerkrans som dei hadde fletta,Select Mark 15:17
18og tok til å helsa honom: «Heil deg, jødekonge!»Select Mark 15:18
19So slo dei honom i hovudet med ei røyr, og sputta på honom, og lagde seg på kne og hyllte honom.Select Mark 15:19
20Då dei hadde spotta honom som dei vilde, klædde dei av honom purpurkåpa, og hadde på honom hans eigne klæde, og so leidde dei honom ut og skulde krossfesta honom.Select Mark 15:20
21Då gjekk det ein mann framum, som kom frå marki; det var Simon frå Kyrene, far åt Aleksander og Rufus; honom nøydde dei til å bera krossen hans.Select Mark 15:21
22Dei førde honom til den staden som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -.Select Mark 15:22
23Der baud dei honom vin med myrra i; men han vilde ikkje hava det.Select Mark 15:23
24So feste dei honom til krossen. Klædi hans skifte dei millom seg, og drog strå um kva kvar skulde hava.Select Mark 15:24
25Det var i den tridje timen dei krossfeste honom.Select Mark 15:25
26På krossen var det sett ei innskrift som nemnde skuldi hans; ho lydde so: Kongen yver jødarne.Select Mark 15:26
27Saman med honom krossfeste dei tvo røvarar, ein på hans høgre og ein på hans vinstre sida;Select Mark 15:27
28og då sannast det skriftordet som segjer: «Og han vart rekna millom brotsmenner.»Select Mark 15:28
29Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde: «Å, du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar!Select Mark 15:29
30Hjelp deg no sjølv, og stig ned av krossen!»Select Mark 15:30
31Sameleis spotta dei øvste prestarne og, både dei og dei skriftlærde, og sagde seg imillom: «Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa!Select Mark 15:31
32Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, so me kann sjå det og tru!» Dei som var krossfeste med honom, gav seg og til å skjella honom ut.Select Mark 15:32
33Då den sette timen var komen, vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.Select Mark 15:33
34Og i den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elo’i, Elo’i, lama sabaktani?» det er: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?»Select Mark 15:34
35Nokre av deim som stod der sagde, då dei høyrde det: «No ropar han på Elia!»Select Mark 15:35
36Då sprang det ein fram, duppa ein svamp i vineddik, sette honom på ei tein og let Jesus få drikka og sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og vil taka honom ned!»Select Mark 15:36
37Og Jesus gav ifrå seg eit høgt rop, og andast.Select Mark 15:37
38Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned.Select Mark 15:38
39Og då hovudsmannen som stod der midt framfyre honom, såg korleis han andast, sagde han: «Den mannen var visst og sant Guds Son!»Select Mark 15:39
40Det var og nokre kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på. Millom deim var både Maria Magdalena, og Maria mor åt Jakob den yngre og Joses, og Salome,Select Mark 15:40
41som alle hadde fylgt honom med han var i Galilæa, og tent honom, og mange andre kvinnor, som hadde vore med honom upp til Jerusalem.Select Mark 15:41
42Det var då fyrebuingsdagen eller dagen fyre kviledagen, og då det alt leid mot kvelden,Select Mark 15:42
43kom Josef frå Arimatæa, ein gjæv rådsherre, som og venta på Guds rike; han våga seg til å ganga inn til Pilatus og beda um likamen åt Jesus.Select Mark 15:43
44Pilatus undrast på um han alt var slokna;Select Mark 15:44
45han kalla hovudsmannen til seg, og spurde um Jesus nyst var slokna, og då han hadde fenge vissa um det av hovudsmannen, let han Josef få liket.Select Mark 15:45
46So kjøpte Josef linty og tok honom ned, sveipte honom i lintyet og lagde honom i ei grav som var hoggi ut i berget, og so velte han ein stein attfor gravopningi.Select Mark 15:46
47Og Maria Magdalena og Joses-Maria såg staden der han vart lagd.Select Mark 15:47
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation