Skip to content
Church.wiki
Mark

Mark 16

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då kviledagen var ende, kjøpte Maria Magdalena og Jakobs-Maria og Salome angande kryddor; for dei vilde ganga av stad og salva honom.Select Mark 16:1

2Ovtidleg den fyrste dagen i vika - det var so vidt soli hadde runne - kom dei til gravi.Select Mark 16:2

3Då sagde dei seg imillom: «Kven skal me få til å velta steinen frå gravopningi?»Select Mark 16:3

4Men då dei såg upp, vart dei vare at steinen var fråvelt, og han var ovstor.Select Mark 16:4

5Då dei kom inn i gravi, såg dei ein ung mann, som sat på høgre sida, klædd i ein lang kvit kjole. Dei vart forfærde;Select Mark 16:5

6men han sagde: «Ver ikkje forfærde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest! Han hev stade upp att; han er ikkje her. Sjå her er staden der dei lagde honom.Select Mark 16:6

7Men gakk no av stad og seg med læresveinarne hans og med Peter at han gjeng fyre dykk til Galilæa; der skal de sjå honom, som han hev sagt dykk.»Select Mark 16:7

8Då gjekk dei ut att og rømde frå gravi; for fælska hadde teke deim, so dei skalv og var mest ifrå seg. Og dei tala ’kje eit ord til nokon, so rædde var dei.Select Mark 16:8

9Då Jesus hadde stade upp att, tidleg den fyrste dagen i vika, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder utor.Select Mark 16:9

10Ho gjekk av stad og sagde det til deim som hadde vore med honom, og som no syrgde og gret.Select Mark 16:10

11Men då dei fekk høyra at han livde, og at ho hadde set honom, vilde dei ikkje tru det.Select Mark 16:11

12Sidan synte han seg i ein annan skapnad for tvo av dei, som gjekk etter vegen og skulde ut på landet.Select Mark 16:12

13Dei og kom og sagde det med dei andre, men dei trudde ikkje deim heller.Select Mark 16:13

14Seinare synte han seg for dei elleve sjølve, med dei sat til bords; og han lasta deim for vantrui og tråskapen deira, at dei ikkje trudde deim som hadde set honom etter han var staden upp att.Select Mark 16:14

15Og han sagde til deim: «Gakk ut i all verdi og kunngjer evangeliet for all skapningen!Select Mark 16:15

16Den som trur og vert døypt, skal verta frelst, men den som ikkje trur, skal verta fordømd.Select Mark 16:16

17Og desse teikni skal fylgja deim som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder; dei skal tala med nye tungor;Select Mark 16:17

18dei skal taka ormar i henderne, og um dei drikk noko som det er gift i, so skal det ikkje skada deim; legg dei henderne på sjuke, so skal dei få att helsa.»Select Mark 16:18

19Etter Herren Jesus hadde tala til deim, vart han teken upp til himmels og sette seg ved Guds høgre hand.Select Mark 16:19

20Og dei gjekk ut og tala Guds ord alle stader, og Herren var med deim og stadfeste ordet med dei teikni som fylgde med.Select Mark 16:20

Next: Luke 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Mark

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.