Skip to content
Church.wiki
Mark

Mark 3

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då Jesus ein annan gong gjekk inn i ei synagoga, var der ein mann som hadde ei nomi hand,Select Mark 3:1

2og dei gjætte på honom um han vilde lækja mannen på kviledagen, so dei kunde få noko å klaga honom for.Select Mark 3:2

3Då sagde han til mannen med den nomne handi: «Reis deg upp og kom fram!»Select Mark 3:3

4Og til dei andre sagde han: «Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt - berga eit liv eller drepa?» Dei tagde.Select Mark 3:4

5Då såg han rundt ikring på deim, både harm og sorgfull for di dei var so harde og stride. So sagde han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og handi hans vart like god att.Select Mark 3:5

6Men farisæarane gjekk ut og tok straks til å samråda seg med Herodes-mennerne korleis dei skulde få gjort ende på honom.Select Mark 3:6

7So for Jesus med læresveinarne sine burt til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilæa fylgde med; og frå JudalandSelect Mark 3:7

8og Jerusalem og Idumea og bygderne på hi sida Jordan og kring Tyrus og Sidon kom dei til honom i flokketal, då dei høyrde um alt det han gjorde.Select Mark 3:8

9Då sagde han til læresveinarne at det skulde liggja ein båt ferdig til honom for folkemengdi skuld, so dei ikkje skulde trengja honom;Select Mark 3:9

10for han lækte mange, so alle som hadde eikor plåga, trengde seg innpå honom, og vilde få taka i honom.Select Mark 3:10

11Og kvar gong dei ureine ånderne såg honom, kasta dei seg ned for føterne hans og ropa: «Du er Guds Son!»Select Mark 3:11

12Men han forbaud deim både tidt og strengt å gjera honom kjend.Select Mark 3:12

13So gjekk han upp i fjellet, og kalla til seg deim han sjølv vilde, og dei kom til honom.Select Mark 3:13

14Og han valde ut tolv som skulde vera med honom, og som han vilde senda ut til å tala for folket,Select Mark 3:14

15og vilde gjeva magt til å driva ut djevlar.Select Mark 3:15

16Det var Simon - honom kalla han Peter -Select Mark 3:16

17og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans Jakob - deim kalla han Boanerges, det er Toresveinarne -Select Mark 3:17

18og Andreas og Filip og Bartolomæus og Mattæus og Tomas og Jakob, son åt Alfæus, og Taddæus og Simon KananæusSelect Mark 3:18

19og Judas Iskariot, han som sidan sveik honom.Select Mark 3:19

20Med det same han kom heim, samla folket seg i hop att, so dei kunde ikkje ein gong få seg mat.Select Mark 3:20

21Då hans eige folk fekk høyra det, for dei heimantil og vilde få tak i honom; «han må vera frå vitet!» sagde dei.Select Mark 3:21

22Men dei skriftlærde som var komne ned frå Jerusalem, sagde: «Be’elsebul hev fare i honom! og: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva ut djevlar.»Select Mark 3:22

23Då kalla han deim til seg og tala til deim i likningar: «Korleis kann Satan driva ut Satan?»Select Mark 3:23

24Kjem eit rike i strid med seg sjølv, so kann det riket ikkje standa,Select Mark 3:24

25og kjem eit hus i strid med seg sjølv, so stend det huset ikkje med lag.Select Mark 3:25

26Set no Satan seg upp mot seg sjølv og kjem i strid med seg sjølv, so kann han ikkje standa seg; då er det ute med honom.Select Mark 3:26

27Men ingen kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band; då kann han plundra huset.Select Mark 3:27

28Det segjer eg dykk for sant: Alt skal tilgjevast menneskjeborni, både synder og spottord, kor mykje dei spottar;Select Mark 3:28

29men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd» -Select Mark 3:29

30det var for di dei sagde: «Han hev ei urein ånd i seg.»Select Mark 3:30

31So kom mor hans og brørne hans; dei vart standande utanfor, og sende bod til honom um han vilde koma ut.Select Mark 3:31

32Det sat ein stor flokk kringum honom, og dei sagde til honom: «Sjå, mor di og brørne dine stend utanfor og spør etter deg!»Select Mark 3:32

33Kven er mor mi og brørne mine? svara han.Select Mark 3:33

34So såg han rundt på deim som sat i ein ring kringum honom, og sagde: «Sjå det er mor mi og brørne mine!Select Mark 3:34

35Den som gjer det Gud vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»Select Mark 3:35

Next: Mark 4Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Mark

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.