Skip to content
Church.wiki
Mark

Mark 4

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So tok han til å læra folket att ved sjøen; og det samla det seg ei uhorveleg mengd ikring honom, so han laut ganga ut i ein båt; den sat han i utpå vatnet, og heile folkehopen stod innpå land nedmed sjøen.Select Mark 4:1

2Då lærde han deim mangt og mykje i likningar, og med han soleis lærde deim, sagde han:Select Mark 4:2

3Høyr her! Det var ein såmann som gjekk ut og vilde så.Select Mark 4:3

4Då bar det seg so til med han sådde, at noko av kornet fall frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp.Select Mark 4:4

5Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;Select Mark 4:5

6men då soli steig, skein det av, for det hadde ikkje rot.Select Mark 4:6

7Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje grøda.Select Mark 4:7

8Noko fall i god jord; det rann upp og voks og gav grøda og bar upp til tretti og seksti og hundrad foll.Select Mark 4:8

9Høyr etter, kvar som høyra kann! sagde han då.Select Mark 4:9

10Då han vart åleine, kom dei tolv og dei andre som var med honom, og spurde honom um likningarne.Select Mark 4:10

11Han svara: «De fær vita løyndomen i Gudsriket, men til dei andre, som er utanfor, kjem allting i likningar,Select Mark 4:11

12so dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skyna; elles kunde dei venda um og få tilgjeving.Select Mark 4:12

13Men skynar de ’kje denne likningi, sagde han, korleis kann de då greida alle dei andre likningarne?Select Mark 4:13

14Såmannen, det er den som sår Guds ord.Select Mark 4:14

15Dei frammed vegen, det er dei som Guds ord vert sått i, men med same dei hev høyrt det, kjem Satan, og tek burt ordet som var sått i deim.Select Mark 4:15

16Sameleis dei som var sådde på steingrunn; det er dei som straks dei fær høyra Guds ord, tek imot det med gleda;Select Mark 4:16

17men dei hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem dei so i naud eller fåre for ordet skuld, leidest dei straks og fell ifrå.Select Mark 4:17

18Andre var sådde millom klunger; det er dei som hev høyrt Guds ord,Select Mark 4:18

19men suterne for det timelege og den svikfulle rikdomen og fysna etter alle andre ting, trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust.Select Mark 4:19

20Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer Guds ord og tek imot det, og gjev grøda i tretti og seksti og hundrad foll.»Select Mark 4:20

21Sidan sagde han til deim: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under skjeppa eller sengi? set dei det ’kje i staken?Select Mark 4:21

22For ingen ting er dult utan det vert openberra, og ingen ting vart løynt utan det laut fram i ljoset.Select Mark 4:22

23Høyr etter, kvar som høyra kann!»Select Mark 4:23

24So sagde han til deim: «Sjå dykk fyre kva de høyrer på! Det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk med, og endå skal de få noko attpå.Select Mark 4:24

25For den som hev, han skal få, men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.»Select Mark 4:25

26Sidan sagde han: «Med Guds rike er det so som når ein mann hev sått kornet i jordi:Select Mark 4:26

27Han søv og ris upp, natt etter natt og dag etter dag, og frøet renn upp og veks - han veit ikkje korleis det gjeng til;Select Mark 4:27

28av seg sjølv ber jordi si grøda, fyrst strå, so aks, so fulle korn i kvart aks.Select Mark 4:28

29Men so snart som åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.»Select Mark 4:29

30So sagde han: «Kva skal me likna Guds rike i hop med? kva bilæte skal me teikna det med?Select Mark 4:30

31Det er liksom senapskornet; når det vert lagt i jordi, er det mindre enn alle frøkorn i verdi.Select Mark 4:31

32Men etter det er sått, renn det upp og vert større enn alle hagevokstrar og fær store greiner, so fuglarne i lufti kann byggja reir i skuggen av det.»Select Mark 4:32

33I mange sovore likningar tala han Guds ord til deim, etter som dei var god til å skyna det.Select Mark 4:33

34Forutan likningar tala han ikkje til folket; men når han var åleine med læresveinarne sine, lagde han det ut alt saman for deim.Select Mark 4:34

35Då det leid til kvelds same dagen, sagde han til deim: «Lat oss fara yver til hi sida!»Select Mark 4:35

36So skildest dei med folket og tok honom med i båten, som han var. Og andre båtar fylgde og med.Select Mark 4:36

37Då vart det so hardt eit ver, at bårorne slo inn i båten, og han var nær på å fyllast.Select Mark 4:37

38Men Jesus låg og sov på høgjendet i bakskuten. Dei vekte honom og sagde: «Meister, er du like sæl um me gjeng under?»Select Mark 4:38

39So stod han upp og truga vinden og sagde til sjøen: «Teg, og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikende stilt.Select Mark 4:39

40Og han sagde til deim: «Kvi er de rædde? Hev de endå ingi tru?»Select Mark 4:40

41Men dei var fulle av otte og sagde seg imillom: «Kva er då dette for ein, som både vinden og sjøen lyder?»Select Mark 4:41

Next: Mark 5Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Mark

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.