Matthew 10
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1So kalla han til seg dei tolv læresveinarne sine, og gav deim magt yver ureine ånder, so dei kunde driva deim ut, og kraft til å lækja all sjukdom og vanhelsa.Select Matthew 10:1
2So er namni på dei tolv apostlarne: Fyrst Simon, han som kallast Peter, so Andreas, bror hans, og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans,Select Matthew 10:2
3Filip og Bartolomæus, Tomas og Mattæus, tollmannen, Jakob, son åt Alfæus, og Lebbæus,Select Matthew 10:3
4Simon Kananæus og Judas Iskariot, den same som sveik honom.Select Matthew 10:4
5Desse tolv var det Jesus sende ut, og han rettleidde deim og sagde: «Tak ikkje vegen til heidningarne, og gakk ikkje inn i nokon av samaritan-byarne!Select Matthew 10:5
6Gakk heller til dei forkomne lambi av Israelshuset!Select Matthew 10:6
7Og kvar de kjem, so gjer kunnigt at himmelriket er nær!Select Matthew 10:7
8Læk helselause, vekk upp daude, gjer spillsjuke reine, driv ut djevlar! For inkje hev de fenge det, for inkje skal de gjeva det.Select Matthew 10:8
9Tak ikkje med dykk gull eller sylv eller kopar i belti dykkar,Select Matthew 10:9
10ikkje ferdaskreppa, ikkje tvo trøyor, ikkje skor, ikkje stav! For ein arbeidsmann er kosten sin verd.Select Matthew 10:10
11Kvar gong de kjem til ein by eller ei grend, so høyr etter kven der er som er verd å taka imot dykk, og hjå honom skal de vera til de tek ut att.Select Matthew 10:11
12Når de kjem inn i eit hus, so lys velsigning yver det,Select Matthew 10:12
13og er huset verdt det, so skal det få den velsigningi de hev lyst, men er det ikkje verdt det, so skal velsigningi koma attende til dykk.Select Matthew 10:13
14Og er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på ordi dykkar, so gakk ut att or det huset eller den byen, og rist dusti av føterne dykkar!Select Matthew 10:14
15det segjer eg dykk for visst: På domedag skal det ganga Sodoma- og Gomorralandet likare enn den byen.Select Matthew 10:15
16Sjå no eg sender dykk liksom sauer inn i ulveflokken; ver då kloke som ormen og godtrugne som duva!Select Matthew 10:16
17Tak dykk i vare for folk! For dei kjem til å gjeva dykk yver til domstolarne og hudfletta dykk i synagogorne sine,Select Matthew 10:17
18og for kongar og landshovdingar skal dei føra dykk fram for mi skuld, so de skal vitna for deim og for heidningarne.Select Matthew 10:18
19Men når dei dreg dykk for retten, so syt ikkje for korleis eller kva de skal tala! Ordi de skal tala, skal de få i same stundi.Select Matthew 10:19
20For det er ikkje de som talar; det er åndi åt far dykkar som talar i dykk.Select Matthew 10:20
21Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy.Select Matthew 10:21
22Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld: men den som held ut til endes, han skal verta frelst.Select Matthew 10:22
23Når dei då søkjer etter dykk i ein by, so røm til ein annan! For det segjer eg dykk for visst: De vinn ikkje vitja alle byarne i Israel fyrr Menneskjesonen kjem.Select Matthew 10:23
24Læresveinen er ikkje yver meisteren, og tenaren er ikkje yver husbonden sin.Select Matthew 10:24
25Det lyt vera nok for læresveinen at han vert som meisteren sin, og for tenaren at han vert som husbonden. Hev dei kalla husbonden Be’elsebul, kann so husfolket venta det betre?Select Matthew 10:25
26Ver då ikkje rædde deim! For ingen ting er løynt anna det ein gong kjem upp, og ingen ting dult anna det ein gong vert kjent.Select Matthew 10:26
27Det som eg segjer dykk i myrkret, skal de tala i ljoset, og det som vert kviskra i øyra på dykk, skal de ropa ut på taki.Select Matthew 10:27
28Ottast ikkje dei som drep likamen, men ikkje kann drepa sjæli! Ottast heller honom som kann tyna både sjæl og likam i helvite!Select Matthew 10:28
29Sel dei ikkje tvo sporvar for ein skilling? Og ikkje ein av deim fell ned på jordi utan Far dykkar vil.Select Matthew 10:29
30Og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde.Select Matthew 10:30
31So ver ikkje rædde! De er meir enn mange sporvar.Select Matthew 10:31
32Den som då kjennest ved meg for folk, honom skal eg og kjennast ved for far min i himmelen;Select Matthew 10:32
33Men den som avneittar meg for folk, honom skal eg og avneitta for far min i himmelen.Select Matthew 10:33
34De må ’kje tru eg er komen for å føra fred ned på jordi! Eg er ’kje komen med fred, men med sverd.Select Matthew 10:34
35Eg er komen for å setja ufred millom far og son, og millom mor og dotter, og millom vermor og sonekona,Select Matthew 10:35
36og mannen skal få sin eigen huslyd til uven.Select Matthew 10:36
37Den som hev far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som hev son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg,Select Matthew 10:37
38og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg.Select Matthew 10:38
39Den som vinn livet sitt, skal missa det, og den som misser livet for mi skuld, skal vinna det.Select Matthew 10:39
40Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot honom som sende meg.Select Matthew 10:40
41Den som tek imot ein profet for di han er ein profet, skal få same løni som ein profet, og den som tek imot ein rettferdig for di han er rettferdig, skal få same løni som ein rettferdig.Select Matthew 10:41
42Og den som gjev ein av desse små um det er ’kje anna enn ei skål med kaldt vatn, for di han er min læresvein, han skal på ingen måte missa løna si, det segjer eg dykk for visst.»Select Matthew 10:42
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation