Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 13

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nedmed sjøen.Select Matthew 13:1

2Då samla det seg so mykje folk ikring honom, at han laut ganga ut på eit skip og setja seg der, og heile folkemengdi stod burtetter strandi.Select Matthew 13:2

3Då sagde han deim mangt og mykje i likningar og tok so til ords: «Ein såmann gjekk ut og skulde så,Select Matthew 13:3

4og då han sådde, fall noko av kornet frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp.Select Matthew 13:4

5Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;Select Matthew 13:5

6men då soli steig, skein det av; for det hadde ikkje rot.Select Matthew 13:6

7Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det.Select Matthew 13:7

8Noko fall i god jord og gav grøda, sumt hundrad foll, og sumt seksti foll, og sumt tretti foll.Select Matthew 13:8

9Høyr etter, kvar som høyra kann!»Select Matthew 13:9

10Læresveinarne kom og sagde til honom: «Kvi talar du til deim i likningar?»Select Matthew 13:10

11Då svara han: «De fær vita løyndomarne i himmelriket, men det gjer ikkje dei.Select Matthew 13:11

12For den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som inkje hev, skal missa endå det som han hev.Select Matthew 13:12

13Difor talar eg til deim i likningar; for um dei ser, so ser dei ikkje, og um dei høyrer, so høyrer dei ikkje og skynar ikkje.Select Matthew 13:13

14På deim vert det sanna det som Jesaja spådde: «Ja, høyra skal de nok, men ikkje håtta, sjå skal de nok, men de skal ikkje skilja.Select Matthew 13:14

15For dette folket hev so hard ein hug; tungt høyrer dei med øyro, og augo let dei att, so dei med augo inkje sjå, med øyro inkje høyra skal, og aldri med sitt hjarta skyna, og snu, so eg deim lækja fær.»Select Matthew 13:15

16Men sæle dykkar augo som ser, og dykkar øyro som høyrer!Select Matthew 13:16

17For det segjer eg dykk for sant: Mange profetar og rettferdige stunda etter å sjå det som de ser, og fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, og fekk ikkje høyra det.Select Matthew 13:17

18So høyr no de likningi um såmannen:Select Matthew 13:18

19Kvar gong nokon høyrer ordet um Gudsriket, og ikkje skynar det, so kjem den vonde og stel burt det som er sått i hjarta hans; det er det kornet som var sått frammed vegen.Select Matthew 13:19

20Det som var sått på steingrunn, det er den som høyrer ordet og straks tek imot det med gleda,Select Matthew 13:20

21men han hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem han i naud eller fåre for ordet skuld, so leidest han snart og fell ifrå.Select Matthew 13:21

22Det som var sått millom klunger, det er den som høyrer ordet, men suti for det timelege og den svikalle rikdomen kjøver ordet, so det ikkje ber frukt.Select Matthew 13:22

23Det som var sått i god jord, det er dei som høyrer ordet og skynar det; dei er det som gjev grøda; ein gjev hundrad foll, og ein seksti foll, og ein tretti foll.»Select Matthew 13:23

24So sette han fram ei onnor likning og sagde: «Himmelriket kann liknast med ein mann som hadde sått godt frø i åkeren sin;Select Matthew 13:24

25men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde svimling millom kveiten, og gjekk sin veg.Select Matthew 13:25

26Då no åkeren voks upp og skaut aks, so kom svimlingen og til synes.Select Matthew 13:26

27Då gjekk sveinarne til husbonden og sagde: «Herre, sådde du ’kje godt frø i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?»Select Matthew 13:27

28«Det hev ein uven gjort,» svara han. «Vil du me skal ganga og rykkja det upp?» segjer dei.Select Matthew 13:28

29«Nei,» sagde han, «for då kunde de koma til å riva upp kveiten og med det same.Select Matthew 13:29

30Lat båe veksa med einannan til hausten, og når skurdonni kjem, vil eg segja til skjerarane: «Sanka fyrst svimlingen saman og bunta honom i hop til å brennast, men hav kveiten inn i løda mi!»»»Select Matthew 13:30

31So sette han fram ei likning til og sagde: «Himmelriket er likt eit senapskorn som ein mann tok og sette i hagen sin.Select Matthew 13:31

32Det er mindre enn alle andre frøkorn; men når det hev vakse upp, er det større enn alle hagevokstrar og vert eit heilt tre, so fuglane i lufti kjem og byggjer reir i greinerne på det.»Select Matthew 13:32

33So sagde han deim ei onnor likning: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kona tok og gøymde i tri skjeppor mjøl, til alt mjølet var syrt.»Select Matthew 13:33

34Alt dette tala Jesus til folket i likningar, og utan likningar tala han aldri til deim,Select Matthew 13:34

35so det skulde sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer: «Med likningar so vil eg lata upp min munn, og segja fram det som var løynt frå verdi vart.»Select Matthew 13:35

36So bad han farvel med folket og gjekk inn att. Då kom læresveinarne til honom og sagde: «Tyd ut for oss likningi um svimlingen i åkeren!»Select Matthew 13:36

37Han svara: Den som sår det gode frøet, er Menneskjesonen;Select Matthew 13:37

38åkeren er verdi; det gode frøet er dei som eig heime i Gudsriket, og svimlingen dei som høyrer under den vonde;Select Matthew 13:38

39uvenen som sådde svimlingen, er djevelen; hausten er endelykti på verdi, og skurdfolket er englarne.Select Matthew 13:39

40Liksom no svimlingen vert sanka i hop og uppbrend, soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi:Select Matthew 13:40

41Menneskjesonen skal senda ut englarne sine, og dei skal sanka ut or riket hans alt som skjemmer ut, og alle som gjer urett,Select Matthew 13:41

42og kasta deim i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.Select Matthew 13:42

43Då skal dei rettferdige skina som soli i riket åt far sin. Høyr etter, kvar som høyra kann!Select Matthew 13:43

44Himmelriket er likt ein skatt som var nedgraven i ein åker. Den skatten var det ein mann som fann; han grov honom ned att, og glad som han var, gjekk han burt og selde alt det han hadde, og kjøpte åkeren.Select Matthew 13:44

45Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter væne perlor.Select Matthew 13:45

46Då han so fann ei som var ovgild, gjekk han av og gjorde alt han åtte i pengar, og kjøpte den perla.Select Matthew 13:46

47Sameleis er himmelriket likt ei not som dei kastar i sjøen og fangar alle slag fisk i;Select Matthew 13:47

48når ho er full, dreg dei henne upp på strandi, og so set dei seg ned og sankar den gode fisken i koppar, men den som ikkje duger, kastar dei ut.Select Matthew 13:48

49Soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi. Då skal englarne fara ut og skilja dei vonde frå dei godeSelect Matthew 13:49

50og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.Select Matthew 13:50

51«Skyna de alt dette?» «Ja,» svara dei.Select Matthew 13:51

52«Det er godt,» sagde han; «for ein lærar som hev gjenge himmelriks-skulen, er lik ein husbond som tek fram både nytt og gamalt av det han hev gøymt.»Select Matthew 13:52

53Då Jesus hadde sagt deim alle desse likningarne, for han burt att.Select Matthew 13:53

54So kom han til fødesheimen sin og lærde deim i synagoga deira, so dei vart reint upp i under og sagde: «Kvar hev han fenge slik visdom frå og slike underfulle krafter?Select Matthew 13:54

55Er ’kje dette timbremanns-sonen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?Select Matthew 13:55

56Og systerne hans, bur dei ’kje alle her i grendi? Kvar hev so han fenge alt det frå?»Select Matthew 13:56

57Og dei støyttest ved honom. Men Jesus sagde til deim: «Ein profet er ikkje vanvyrd utan i si eige grend og i si eigi ætt.»Select Matthew 13:57

58Og han gjorde ikkje mange under der, for di dei var so vantrune.Select Matthew 13:58

Next: Matthew 14Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.