Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 17

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes, bror hans, med seg upp på eit høgt fjell, og der var dei åleine.Select Matthew 17:1

2Då vart han forklåra for augo deira: andlitet hans skein som soli, og klædi var kvite som ljoset.Select Matthew 17:2

3Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med honom.Select Matthew 17:3

4Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Herre, det er godt at me er her! Vil du, so skal eg gjera tri hyttor her, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia.»Select Matthew 17:4

5Fyrr han hadde tala ut, kom det ei ljos sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst som sagde: «Dette er son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i. Høyr på honom!»Select Matthew 17:5

6Då læresveinarne høyrde det, kasta dei seg å gruve og var ovleg rædde.Select Matthew 17:6

7Jesus gjekk burt åt deim og tok i deim og sagde: «Reis dykk upp, og ver ikkje rædde!»Select Matthew 17:7

8Men då dei såg upp, vart dei ’kje vare nokon utan Jesus åleine.Select Matthew 17:8

9So gjekk dei ned av fjellet, og Jesus sagde til deim: «Tala ikkje til nokon um den syni de hev havt, fyrr Menneskjesonen hev stade upp frå dei daude!»Select Matthew 17:9

10Då spurde læresveinarne: «Kvi segjer då dei skriftlærde at fyrst lyt Elia koma?»Select Matthew 17:10

11Han svara: «Elia kjem nok, og skal setja alt i rett lag att,Select Matthew 17:11

12men eg segjer dykk: Elia er alt komen, og dei kjendest ikkje ved honom, men for åt med honom som dei vilde; like eins kjem dei til å fara med Menneskjesonen.»Select Matthew 17:12

13Då skyna dei at det var Johannes døyparen han tala til deim um.Select Matthew 17:13

14Då dei hadde nått fram til folket, kom det ein mann og fall på kne for honom og sagde:Select Matthew 17:14

15«Herre, gjer sælebot på son min! Han hev nedfallsotti og lid mykje vondt; tidt fell han i elden, og tidt i vatnet.Select Matthew 17:15

16Eg hev vore til læresveinarne dine med honom, men dei kunde ikkje gjera honom god att.»Select Matthew 17:16

17Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og rangsnudde ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!»Select Matthew 17:17

18So tala Jesus strengt til honom; då for den vonde åndi utor guten, og han vart god att i same stundi.Select Matthew 17:18

19Då Jesus hadde vorte åleine, kom læresveinarne til honom og sagde: «Kvi kunde ikkje me driva den åndi ut?»Select Matthew 17:19

20«Av di de er so vantrune,» svara han; «for det segjer eg dykk for sant: Hev de tru, um ho ikkje er større enn eit senapskorn, so kann de segja til dette fjellet: «Flyt deg herifrå og dit!» - då skal det flytja seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.Select Matthew 17:20

21Men dette slaget gjeng ikkje ut, utan med bøn og fasta.»Select Matthew 17:21

22Med dei ferdast kring i Galilæa, sagde Jesus til deim: «Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender,Select Matthew 17:22

23og dei skal drepa honom, men tridje dagen skal han standa upp att.» Då vart dei ovleg sorgfulle.Select Matthew 17:23

24Då dei var komne til Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og sagde: «Legg ikkje meisteren dykkar skatt til templet?»Select Matthew 17:24

25«Jau,» segjer han. So gjekk han inn i huset, og fyrr han fekk sagt noko, spurde Jesus: «Kva meiner du, Simon? Kven tek kongarne på jordi toll eller skatt av - av borni sine eller av framande?»Select Matthew 17:25

26«Av framande,» svara Peter. «So er borni skattefrie då,» sagde Jesus.Select Matthew 17:26

27«Men me vil ikkje arga deim - gakk ned til sjøen og kasta ut kroken, og grip den fyrste fisken som kjem upp! Når du so opnar gapet på honom, skal du finna ein stater; tak den og gjev deim for meg og deg!»Select Matthew 17:27

Next: Matthew 18Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.